80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005

Fotografisk dokumentmateriale på nasjonal utstilling

Torsdag 16. okt. 2008 opna kulturminister Trond Giske utstillinga 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005 på Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Utstillinga og ei stor bok med same tittel er eit samarbeidstiltak mellom Nasjonalbiblioteket i Oslo og Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten og resultat av ein nasjonal dugnad. I juni 2007 fekk nemleg alle bevaringsinstitusjonar i landet spørsmål frå Nasjonalbiblioteket og Preus museum om å senda inn forslag på fotografisk materiale i seriar frå offentlege og private arkiv. Materialet skulle visa breidda i norsk bruksfotografi.

Ut frå dei innkomne forslaga valde utstillings- og redaksjonskomiteen ut seriar frå 35 ulike nasjonale bevaringsinstitusjonar. Frå Rogaland er det fotografi frå tre privatarkiv ved Statsarkivet i Stavanger: fotofirmaet Hannchen Jacobsen & Co A/S, Stavanger Turistforening og bedriftsarkivet Rosenberg Mekaniske Verksted A/S. Dessutan viser ein fotografiserie i album (1914) frå Havnedirektoratet sitt arkiv ved Riksarkivet hamneanlegget på Utsira og på Røvær ved Haugesund.

Det utlånte originalmaterialet vert no vist i klima- og lysregulerte utstillingslokale på Nasjonalbiblioteket og på Preus museum. Fotografia frå før 1905 er utstilte i Oslo, og fotografia frå etter 1905 i Horten. Alle fotografia frå Rogaland er utstilte på Preus museum i Horten.

Den store boka presenterer også alle fotografia i naturleg storleik og har eit kort introduksjonskapittel til kvar serie.

Tre skjermar i utstillingslokala presenterer digitale versjonar av dei fleste fotografia institusjonane sende inn som forslag i første omgang, men som ikkje vart valde ut til utstillinga og boka. Her finst ein serie frå Kamerun som tilhøyrer Misjonsarkivet, Misjonshøgskolen i Stavanger.

Dei to utstillingane varer til 31. jan. 2009. Boka er for sal både på Nasjonalbiblioteket, Preus museum og hos bokhandlarane.

Utstilling 80 millioner bilder
Utstilling 80 millioner bilder
Utstilling 80 millioner bilder
Utstilling 80 millioner bilder
Utstilling 80 millioner bilder
Utstilling 80 millioner bilder