Alice Archer

Fotosamlinga etter Alice Archer

Alice Archer var ei engelsk kvinne som budde rundt 30 sommarar på Sand i Ryfylke mellom 1884 og 1914. Ho, og spesielt ektemannen Walter Archer, var sterkt interesserte i laksefiske. Dei leigde heile Suldalsvassdraget og reserverte det for sporstfiske. Dei bygde seg sommarhus på Rophaug på Sand og brukte det mykje på sommarstid, til dels også til andre årstider. Archer’ane hadde mykje kontakt med bygdefolket på Sand og i Suldal, ulikt mange andre engelske som ferierte her.

Alice Lima Hay Murray Archer (1855-1936) var ein habil amatørfotograf og fotograferte mykje, både på heimebane på Rophaug og ute på bygda. Ryfylkemuseet har 7 fotoalbumar etter henne med 637 foto til saman. Ho var langtidsturist på Sand, og hennar foto kan sjåast på som «Turistens bilder». Gjennom hennar foto har vi ein omfattande dokumentasjon av bygdalivet på Sand, i Suldal og kringom fleire andre stader i Ryfylke. Bilda er fotograferte i tidsromet 1885-1914. Dei er dermed truleg det eldste vi har av omfattande dokumentasjonsfoto frå Rogaland, og mellom dei eldste større fotosamlingane som finst på nasjonalt plan frå dette tidsromet.

Familien Archer

Walter og Alice Archer gifte seg i 1878, 23 år gamle. Dei fekk seks born. Det var Edward f. 1879, Harold f. 1880, Olive f. 1882, tvillingane Ruth og Esther f. 1886 og Norman f. 1892.

 Familien Archer oppstilte for fotografering. Bildet er truleg teke like før 1900 og syner Alice og Walter med fem av dei seks borna sine. Truleg er det eldstemann Edward som ikkje er til stades. Frå venstre: Ruth, Harold, yngstemann Norman, Alice og Walter, Esther, som var tvillingsøster til Ruth og Olive til høgre.

Familien Archer oppstilte for fotografering. Bildet er truleg teke like før 1900 og syner Alice og
Walter med fem av dei seks borna sine. Truleg er det eldstemann Edward som ikkje er til stades.
Frå venstre: Ruth, Harold, yngstemann Norman, Alice og Walter, Esther, som var tvillingsøster til
Ruth og Olive til høgre.

Walter og Alice Archer i eldre år i hagen på Rophaug.

Walter og Alice Archer i eldre år i hagen på Rophaug.

Alice Archer var ikkje berre interessert i fotografering. Ho hadde også stor interesse for hagearbeid, og den fine hagen på Rophaug var det ho som stod for, sjølv om ho hadde tenarhjelp til å få gjort arbeidet. Den snaue tomta klarte ho å kle med mange slags tre og blomar. Det blomstra frå tidleg om våren til seint på hausten. Her er ho i arbeid i hagen ein sommardag i 1913.

Interessa for elvefiske gjekk i arv i Archer-familien. Her har "Miss Esther" (f. 1886) vore av stad og fiska seg ein ørret på 2,5 kilo, eller ein "5 1b. trout" som teksten under bildet frå 1913 seier.

Interessa for elvefiske gjekk i arv i Archer-familien. Her har «Miss Esther» (f. 1886) vore av stad og fiska seg ein ørret på 2,5 kilo, eller ein «5 1b. trout» som teksten under bildet frå 1913 seier.

Walter E. Archer døydde på Sand i 1917, 62 år gammal, og vart gravlagd på Sand kyrkjegard. Det var midt under verdskrigen, så det kom ingen frå England i gravferda. Men sonen Normann kom frå St. Petersburg, der han tenestegjorde ved den engelske ambassaden. Her blir Archers båre køyrd frå Rophaug på gravferdsdagen den 23. august 1917. Til venstre står den engelske presten Mooney, som kom frå Oslo og stod for den kyrkjelege seremonien saman med sokneprest Sigved S. Gramstad.

Rophaug

Archer-familien bygde seg hus på Rophaug på Sand i 1884-1885. Archer kjøpte huset etter lensmann Steffensen på Sand og nytta materialane i huset på Rophaug. Det var bygt i engelsk stil og var ulikt andre hus på Sand. Det var verhardt på Rophaug før der vart tilplanta med tre, og folk på Sand syntest det var galskap å byggja der.

Ein laksefiskar med fin fangst vert teken i mot på trappa på Rophaug.

Ein laksefiskar med fin fangst vert teken i mot på trappa på Rophaug.

Interiørbilde frå stova på Rophaug med peis, piano og korgmøblar.

Interiørbilde frå stova på Rophaug med peis, piano og korgmøblar.

 Det har gått nokre år, og uteanlegget er ferdig. Vi ser også nyplanta tre på marka framfor huset. Bildet er frå kring 1890.

Det har gått nokre år, og uteanlegget er ferdig. Vi ser også nyplanta tre på marka framfor huset.
Bildet er frå kring 1890.

Esther Joy Archer og Ola Bårdsen i hagen. Bildet er teke like før 1940. Ola Bårdsen hadde frå ung alder vore gardsgut og hjelpesmann for Archer. Han var også med dei til England, fekk seg arbeid der på ein storgard og vart verande i tre år. Etter at Archerfamilien kjøpte tilbake Rophaug i 1937, var Bårdsen som ein vaktmester for dei.

 Det har gått mange år, og det har vakse til med skog på Rophaug. Det er truleg Ruth Archer, kona til Normann Archer, og dottera Esther som står framfor huset. Bildet er frå 1930-talet.

Det har gått mange år, og det har vakse til med skog på Rophaug. Det er truleg Ruth Archer,
kona til Normann Archer, og dottera Esther som står framfor huset. Bildet er frå 1930-talet.

Frå Rophaug var det fritt utsyn nedover til Suldalslågen og Sandsfossen. Bildet er frå 1887.

Frå Rophaug var det fritt utsyn nedover til Suldalslågen og Sandsfossen. Bildet er frå 1887.

 Dei same tre Archerborna (Edward, Olive og Harold) er plasserte på pledd på grusgangen utfor huset i august 1887.

Dei same tre Archerborna (Edward, Olive og Harold) er plasserte på pledd på grusgangen utfor
huset i august 1887.

 Dette bildet frå Rophaug er truleg frå sommaren 1888. Anleggsarbeidet på uteområdet er enno ikkje ferdig. Legg merke til tønnene i brystet på huset for samling av regnvatn frå taket.

Dette bildet frå Rophaug er truleg frå sommaren 1888. Anleggsarbeidet på uteområdet er enno
ikkje ferdig. Legg merke til tønnene i brystet på huset for samling av regnvatn frå taket.

 På Rophaug var det snautt og ope på denne tida. Bildet er frå vinteren 1888. To mann er i arbeid med framkøyring av stein til murarbeid rundt huset.

På Rophaug var det snautt og ope på denne tida. Bildet er frå vinteren 1888.
To mann er i arbeid med framkøyring av stein til murarbeid rundt huset.

 Det er vinter og litt snø, og dei tre eldste borna Edward, Olive og Harold i Archerfamilien er ute. Gutane prøver seg på ski, Olive er enno tilskodar. Bildet er truleg frå 1887.

Det er vinter og litt snø, og dei tre eldste borna Edward, Olive og Harold i Archerfamilien er ute.
Gutane prøver seg på ski, Olive er enno tilskodar. Bildet er truleg frå 1887.

Tenarskapet