Kraft og mangan. Foto frå kraft- og industriutbygginga i Sauda

Sauda Lokalarkiv er ei sjølvstendig stifting, men det blir arbeidd for at lokalarkivet skal bli ei avdeling av Ryfylkemuseet. Arkivet rommar variert arkivmateriale frå Sauda-samfunnet, men dei største arkiva er etter dei to store bedriftene som har omforma Sauda gjennom dei siste hundre åra. Det er kraftselskapet Saudefaldene AS, og det er smelteverket, som i dag heiter Eramet Norway Sauda, men som i størstedelen av si levetid har heitt Electric Furnace Products Company, Limited, forkorta til EFP.

Les mer

Alice Archer

Fotosamlinga etter Alice Archer Alice Archer var ei engelsk kvinne som budde rundt 30 sommarar på Sand i Ryfylke... Les mer