Doktordisputas 14. november 2014 – om fotograf Anders B. Wilse

Fredag 14. november 2014 disputerer konservator Trond Erik Bjorli ved Norsk Folkemuseum. Avhandlinga hans har tittelen Fotografisk og nasjonal modernisering i fotografen Anders Beer Wilses bildeproduksjon ca. 1900 – 1910. Disputasen skjer ved Universitetet i Bergen.

Det er ikkje ofte vi har doktordisputasar med tema frå fotografihistora. Derfor er dette både historisk og gledeleg. Anders B. Wilse er den store nasjonale fotografen vår. Neste år, i 2015, er det 150 år sidan han vart fødd. Dette skal markerast med utstillingar, bøker og anna fleire stader i landet vårt.

Wilse hadde ein svært stor produksjon i perioden 1901 – 1949. Negativarkivet hans er delt etter tema mellom fleire nasjonale museum. For oss i Rogaland er negativarkivet ved Norsk Folkemuseum med topografiske og kulturhistoriske motiv det mest aktuelle.

Anders B. Wilse fotograferte mange gonger i Rogaland etter at han flytta heim til Noreg frå USA hausten 1900. Sommaren 1905 fotograferte han om lag på den staden der me i dag trur slaget i Hafrsfjord stod i år 872. Det spørst om ikkje Wilse hadde denne historiske hendinga i tankane då han oppsøkte Hafrsfjord i juni 1905, rett etter stortingsvedtaket om oppløysing av unionen med Sverige. Eit postkort med dette nasjonale motivet ville sikkert selja godt då. Foto: Anders B. Wilse. Statsarkivet i Stavanger.

Dette materialet viser at Anders B. Wilse og i seinare år son hans besøkte Rogaland minst 20 gonger mellom 1902 og 1942. Minst 3 000 av 80 000 negativ i denne delen av arkivmaterialet etter Wilse er frå fylket vårt.

Ein stor del av desse finst i digital versjon på www.digitaltmuseum.no.

Vil du lesa meir om Anders B. Wilse og fotografia hans frå Rogaland, kan du gå til boka Fotografihistoria sett frå Rogaland (Lisabet Risa, Wigestrand forlag, Stavanger, 2011).