Fotoutstilling på Egersund Fayancemuseum

utstillingsplakat1_2_mediumDalane Folkemuseum opnar torsdag den 31 mai 2012 temautstillinga Bildene forteller på Egersund Fayancemuseum. Dette er ikkje ei ”vanleg fotoutstilling” der målet er å visa så mange fotografi som råd. Museet ønskjer i staden å presentera fotografiet som kjelde til lokalhistorisk kunnskap og erkjenning. Ved å visa eit utval fotografi i stort format og i ein gallerisituasjon håpar museet at publikum ser detaljar og kvalitetar ved fotografia som vi ikkje ser så lett når vi studerer originalane. Utstillingsfotografia har eit stort spenn, både i typar, tid og innhald. Vi kan studera både arrangerte atelierportrett, reportasjefoto og såkalla snapshots.