Historia

1. Innleiing

© Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger

Vi presenterer her ei kortfatta fotograf- og fotografihistorie for Rogaland frå tida før 1960. Dette første oversynet over fotografi- og fotografihistoria i Rogaland vil vera nyttig for alle som er interessert i fotografihistorie, ikkje berre for dei som arbeider med fotobevaring.

Presentasjonen har eit kronologisk/tematisk oversyn over fotografitypar og motivgrupper og eit summarisk oversyn over fotograf- og fotografihistoria for byane og regionane i fylket.

Fotorgafihistoria har vore eit forsømt fagområde på nasjonalt plan. Først hausten 2000 kom den nasjonale fotografihistoria med Roger Erlandsen si bok Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet … Om fotografiens første hundre år i Norge – 1839-1940. Boka representere den første samla framstillinga av fotografiet si utvikling i Noreg i perioden 1839-1940. Sentrale tema i boka er: Den yrkesmssige og den biletmessige utviklinga; portrett, landskap, presse, genre med vidare, presentasjon av sentrale aktørar i norsk fotografihistorie, fotografane si plassering og rolle i samfunnslivet, og kva rolle fotografiet har spela kulturelt og samfunnsmessig. Ein del av boka presenterer historia til Norges Fotografforbund før 1940.

Roger Erlandsen viser korleis fråværet av fotografihistorie og fråværet av forsking på dette området har ført til at fotografane sjølv har mangla ein fagleg forankra historisk identitet, og at brukarane, som til dømes historikarar, kunsthistorikarar og etnologar, ikkje har hatt kunnskapar nok til å nytta fotografia som kjeldemateriale på ein fullgod måte.

Det fotografiske kjeldematerialet til Erlandsen i denne første fotografihistoria er hovudsakleg henta frå Bergen (det eldste materialet) og Oslo. Det finst dessutan fleire publikasjonar som presenterer dei mest kjende nasjonale fotografane, som Axel Lindahl og Anders B. Wilse .

Likevel, og nettopp fordi nokre få nasjonale fotografar ruver så pass i faglitteraturen og når det gjeld omfanget av bevart fotografisk materiale, trengst det mange fotografihistorier på region- eller fylkesplan før den samla norske fotografihistoria vert fullstendig.

I 2007 kom den andre nasjonale fotohistoria «Norsk fotohistorie. Fra Daguerreotypi til digitalisering» (Samlaget) ved kunsthistorikar Sigrid Lien og medievitar Peter Larsen ved Universitetet i Bergen.. Denne fotografihistoria dreg linjene opp til i dag men legg særleg vekt på ei brei framstilling av kunstnerisk fotografi og av pressefotografiet si historie her i landet.

Det er likevel først vi får fotografiske oversyn frå alle fylka i landet, at vi har det meir fullstendige grunnlagsmaterialet som skal til for å skriva den nasjonale fotografihistoria.

Dette utkastet til Rogaland si fotografihistorie er eit lite bidrag, men har først og fremst eit praktisk og eit pedagogisk siktemål. Historia skal tena som oppslagsbok og vera til hjelp når det gjeld å dokumentera utviklinga innan ei og same fotografigruppe og innan dei ulike fotografitypane. Dermed kan fotografihistoria også vera til hjelp ved identifisering og tidfesting av eldre fotografi.

Det var ikkje lett å fotografera i 1839. Her er utstyret som skulle til. I tillegg kom fleire typar kjemikaliar. Foto: Norsk Teknisk Museum.

Det var ikkje lett å fotografera i 1839. Her er utstyret som skulle til. I tillegg kom fleire typar kjemikaliar.
Foto: Norsk Teknisk Museum.