2. Fotografitypar

Framstillinga av fotografihistoria i Rogaland for åra ca. 1860-1960 skjer i form av ein presentasjon av 12 fotografitypar og fotografgrupper i tilnærma kronologisk orden. Denne inndelinga med ein kombinasjon av fotografi- og fotografgrupper kan i somme tilfelle verka kunstig. Bakgrunnen for inndelinga er praktisk. Dette er ein oversiktleg måte å ordna og presentera fotografihistoria på i denne samanhengen.

Men fotografia kan også definerast ut frå opphavssituasjonen, og ut frå fotografen sin hensikt med å ta det enkelte biletet. Profesjonelt fotobevaringsarbeid må derfor også ha som siktemål å sikra og å formidla fotografiet som estetisk uttrykk saman med eit vidare funksjonsområde som dekker både dei tekniske og kulturhistoriske sidene ved fotografiet. Det er med andre ord viktig å sjå fotografiet både som estetisk utrykk, som historisk kjeldemateriale og som resultat av at det er eit ledd i ein teknisk utviklingsprossess . Vurderer vi fotografiet ut frå estetiske premissar, må vi i tillegg til motivet leggja vekt på både biletformat, papirtype og på den kjemiske overflata.

Det fotografiske materialet kan også grupperast og presenterast etter negativtypar. Då er det naturleg å markera overgangen frå daguerreotypi (1839) til våtplater kring 1859, overgangen frå våtplater til prefabrikerte tørrplater kring 1885 og den seinare overgangen frå tørrplater til ulike typar plastfilm (celloloid, nitrat, acetat, polyester med vidare). Denne siste overgangen skjedde til svær ulik tid, alt etter type fotografi. Profesjonelle fotografar brukte gjerne glasnegativ (tørrplater) til etter 1950.

Fotografiet kan med andre ord definerast som eit kunstverk, som eit teknisk og som eit handverks-produkt. I tillegg er alle fotografi kvar på sin måte historiske dokument (historiske kjelder).