3.1. Pionerperioden

– Gjestefotografar og omreisande fotografar
– Frå daguerreotypi til visittkortfotografi

Fotografiteknikken vart offentleg kjend i Europa første gong i 1839. Det låg likevel fleire hundre års forsking med prøving og feiling bak den nye oppfinninga som vart presentert i det franske vitskapsakademiet 19. august dette året. Franskmannen Louis J. M. Daguerre offentleggjorde då ein brukande metode til framstilling av eit bilete ved hjelp av lys og kjemiske midlar. Dei første bileta, såkalla daguerreotypi, var forsølva koparplater med spegelvende bilete . Daguerreotypia var sårbare overfor ytre påverkingsfaktorar. Derfor vart dei alltid isolerte med glass og plasserte i ramme eller etui. Bileta var som kunstverk i seg sjølv, som knivskarpe miniatyrportrett. Daguerrotypi-portretta gjekk også inn i tradisjonen etter miniatyrportetta, som unika. Dei kunne nemleg berre framstillast i eitt eksemplar, på same måten som dei måla portretta. Dermed var dei ikkje ein masseprodusert salsartikkel som visittkortportretta seinare på 1800-talet.

Daguerreotypi var på moten i Europa fram til om lag 1856 . I USA fekk denne fotografitypen lengre levetid. Moten kulminerte i åra 1854-1855 i Danmark. Der skal det ha vore bortimot 225 daguerreotypistar i arbeid, men ein reknar ikkje med at det er bevart meir enn mellom 1500-2500 daguerreotypi i dag, dei fleste truleg i privat eige. Derfor vart det i 2000 etablert eit landsomfattande registreringsprosjekt over desse eldste personportretta, Prosjektet Daguerreotypier i Danmark. I Noreg finst det ikkje tilsvarande oversyn eller tilsvarande kartleggingsprosjekt, og kunnskapen om det bevarte, norske daguerreotypi-materialet er mangelfull .

Rogaland hadde besøk av fleire daguerreotypistar i korte periodar frå om lag 1842 og til våtplateperioden med visittkortfotografiet vart introdusert i 1859 . Før 1854 var det berre to byar i fylket, Stavanger og Egersund. Det er ikkje kjent at Egersund hadde besøk av daguerreotypistar, men dette er ikkje unaturleg sidan kystruta hadde fast stoppestad i byen. Dei første fotografane var nemleg omreisande utlendingar, som oftast frå Danmark. Dei fylgde den einaste offentlege kommunikasjonsruta på den tida. Dampskipa som gjekk i rutetrafikk mellom Trondheim og Kristiania, var innom både Bergen, Stavanger og Egersund.

Frå 1842 og framover var minst fem utanlandske daguerrotypistar innom Stavanger på korte visittar. Gjennom annonsar i lokale aviser kan me no i ettertid lesa kven dei var, og i kva hus i byen dei fotograferte . Portrettmaler Carl Peter Lehmann som besøkte Stavanger i 1842, demonstrerte daguerreotypi-teknikken i byen. Han kan og ha vore den første daguerreotypisten i Stavanger, eller så var dette opticus Fredrik Ulrik Krog. Vi veit at han tok slike portrett i Stavanger i 1845. Den danske portrettmålaren, seinare daguerreotypisten og Christiania-fotografen, Carl Christian Wischmann besøkte Stavanger i 1848, 1850 og 1851.

I 1852 kom dansken Marcus Selmer. Han tok inn hjå bokhandlar Floor, og besøket som var annonsert som eit kort opphald, varte meir enn to månader. Selmer reiste etterpå vidare til Bergen. Opphaldet der vart også annonsert som ein kort visitt i september 1852. Frå april 1853 vart han likevel buande i Bergen i 48 år til han døydde i 1900. Selmer vart ein landskjend portrett- og landskapsfotograf. Han kom seinare tilbake til Rogaland som besøkande fotograf i Haugesund (sjå nedanom, kap. 3.2). Det første opphaldet hans hjå bokhandlar Floor i Stavanger fekk truleg ganske mykje å seia for tre generasjonar Floor si satsing på landskapsprospekt og postkortproduksjon (sjå nedanom, kap. 3.3).

Den danske daguerreotypisten H. P. Thykier kom til Stavanger sommaren 1853, og han vart den første av dei fem kjende, utanlandske daguerreotypistane som besøkte Stavanger etter 1842, og som vart verande. Thykier vart også den første etablerte atelierfotografen i Stavanger.

Det var dyrt å fotografera seg. Berre dei mest velståande hadde råd til å portrettera seg i 1840- og 1850-åra. Det var også berre velståande folk som fekk laga maleri av seg sjølv før fotografikunsten vart oppfunnen. Folk flest var først skeptiske til fotografikunsten. Dei var ikkje vane med å sjå illustrasjonar i det heile, langt mindre portrett av seg sjølv.

Det er heilt uvisst kort mange daguerreotypi som er bevart i privat eige i Rogaland. Dei tre eldste musea i fylket tek til saman vare på om lag 8 slike portrett. Eitt av dei eldste, kjente portretta i Stavanger viser farsforeldra til Alexander L. Kielland. Dette daguerreotypiet vart framstilt før 1855 og tilhøyrer i dag Stavanger Museum.

Det går fram av det fotografiske materialet (trykte opplysningar på fotokartongane) at også dei første fotografane reiste frå by til by langs kysten. Dermed var det kontakt mellom dei tidlege fotografmiljøa på Vestlandet. Mange fotografar var innom fleire byar mellom Kristiansand i sør og Kristiansund i nord. Marcus Thrane var ein av desse. Han fotograferte ei kort tid i Stavanger og Egersund i 1863. Mellom 1858 og 1863 fotograferte han nemleg i fleire byar langs kysten mellom Kristiania og Trondheim før han emigrerte til USA. Forutan dei store byane Bergen og Stavanger, viser det bevarte biletmaterialet at byar med rikt sildefiske vart trekkplaster for fotografane i fiskesesongen. Dette viser ikkje minst alle portretta leverte av fotografar i dei nye byane Ålesund (kjøpstadrettar 1848) og Haugesund (status som ladestad 1854). Tilreisande fiskarar og saltarar vart ei aktuell kundegruppe for desse fotografane.

Det er bevart ein god del av desse eldste visittkortportretta, både i private heimar og ved kulturverninstitusjonane, men ingen har oversyn over kor mykje som er bevart etter dei første omreisande fotografane, heller ikkje kva fotografar som er representerte.