3.2. Atelierfotografar

Oppsvinget innan den nye profesjonen med fast etablerte fotografar i byane i 1860-åra var resultat av våtplateteknikken og introduksjonen av det fotografiske visittkortet. Med denne fotografitypen smelta to eldre, borgarlege tradisjonar saman; portrettmaleriet og visittkortet.

Visittkortbileta var atelierportrett tekne av profesjonelle fotografar. Bileta hadde visittkortformat (ca. 6×9 og 6×10 cm) og vart kleba på stiv kartong. Hensikten var frå først av at visittkortbiletet skulle erstatta det tradisjonelle visittkortet. Dei eldste bileta var svært enkle. Dei viser personar som var kledde for å gå på visitt. Seinare vart utstyret i atelieret kring den fotograferte stadig meir rikt og fantasifullt. Store einstypeseriar, til dømes brurebilete frå 1870-åra og framover mot 1920, viser korleis ateliera var innreia med spesielle fondvegger og rekvisittar, og korleis motane skifta på desse områda gjennom tiåra. Dette gjeld også den typografiske presentasjonen av fotografen og firmaet hans på biletkartongen.

Etter kvart som våtplatene utkonkurrerte daguerreotypiet, vart det rimelegare å fotografera seg enn tidlegare. Våtplateteknikken som vart introdusert i 1851, var ikkje på langt nær så kostbar som daguerreotypiteknikken. Men denne fotograferings-metoden var faktisk meir utstyrs- og arbeidskrevande enn daguerreotypimetoden. Glasplatene måtte preparerast med våt emulsjon på overflata rett før fotograferinga. Dette måtte fotografen gjera sjølv. Negativa måtte også framkallast rett etter fotograferinga. Dermed måtte fotografen alltid ha mørkeromstelt med seg når han fotograferte ute. Dei omreisande fotografane måtte ha med seg både kamera, mørkeromstelt og utstyr elles.

For kundane førte den nye teknikken til at det vart slutt på dei spegelvende bileta, og fotografane kunne laga mange kopiar av kvart bilete. Kollodiumsnegativen kunne nemleg kopierast i ubegrensa tal. Papirkopiane var eigenleg kontaktkopiar av glasnegativet.

Det fotografiske visittkortet laga på grunnlag av kollodiumsnegativen, vart introdusert i Noreg i slutten av 1850-åra. I 1862 slo visittkortportretta gjennom og vart den store moten i landet. Faktisk vart visittkortfotografering ein av dei første store, nasjonale motane i Noregs-historia. På landsbasis var visittkortportretta den mest utbreidde fotografitypen før 1920. Denne masseproduksjonen førte til at yrkesgruppa fotografar nærast eksploderte i byane, og dermed til at prisane gjekk kraftig ned, særleg i 1870- og 1880-åra. Konkurransen mellom fotografane førte også til at dei oppsøkte kundane sine sjølv som omreisande fotografar, såkalla reisefotografar.

Visittkortbileta representerer ei viktig gruppe i portrettfotografiet si historie. Dei første portretta skulle få personane til å likna ideal. Seinare skulle bileta vera karakteristiske portrett. Denne motivgruppa, portrettet som masseartikkel, enda som passfotografi i 1930-åra, mellom anna som polyfoto med 48 fotografi pr. glasplate. Denne nye moten vart konkurrent til dei tradisjonelle portretta frå dei etablerte fotografane.

Sjølv om atelier- eller studiofotografane hadde langt fleire oppdragstypar i 1930-åra og seinare enn 1800-tals fotografane, var det likevel færre etablerte fotografar i byane då enn på 1800-talet. Slik var det også i Stavanger.