Dei eldste fotografia frå landsbygda

Utviklinga av fotografiteknikken førte til at fleire motivgrupper vart aktuelle i åra etter 1860. Fotografane kunne levera både portrett, byprospekt og etter kvart også landskapsprospekt og oppdragsfotografi elles frå bygdene i fylket. Denne siste gruppa vart først utbreidd i Rogaland etter at fotografane tok i bruk tørrplater.

Også i våtplateperioden før 1880 oppsøkte fotografar motivtypar eller kundar utanom byane, men det finst ikkje noko oversyn på fylkes- eller regionnivå over dei eldste fotografia frå landsbygda i Rogaland.

Marcus Selmer høyrer til den fotografgruppa som skapte dei seinare så kjende norske landskaps- og folkelivsbileta, og som masseproduserte desse til turistbilete (sjå nedanom). Denne type fotografi finst det svært få av i Rogaland. Det finst også få eldre landskapsprospekt tekne av profesjonelle fotografar.

Det er ikkje kjent om Selmer fotograferte andre stader i dåverande Stavanger amt enn i Haugesund-området då han reiste på Vestlandet for å fotografera norske landskap i åra etter 1852. Selmer og Jan Greve sine fotografi frå 1860 og 1862-1863 med motiv frå sildefisket ved Haugesund er bevarte i dag som stereoskopbilete eller stereoskopi (Selmer) og som repronegativ (Greve). Fotograf Greve tok også bilete frå sildefisket i Tananger i 1880-åra. Tananger-bileta skriv seg nok frå dei åra han hadde filialatelier på Madla. Nokre av desse bileta tok han med den nystifta Stavanger Turistforening som oppdragsgjevar .

Tre av dei eldste, kjende utandørsfotografia frå landsbygda i Rogaland vart tekne under eit fesjå på Køhler-garden Nesheim i Hå i 1864 og var nok oppdragsfotografi. Dessutan finst det to fotografi frå Ogna-garden i Hå frå 1864-1868 . Eit fotografi frå 1860-åra viser garden Barkeland i Jelsa, og det eldste fotografiet av strandstaden Sand vert datert til 1866/1867 .

I 1860-åra og seinare kom det fleire gonger små grupper med kvekarar frå Storbritannia på forkynnaroppdrag i Noreg. Det er kjent at nokre av desse hadde kamera med seg .

Det er likevel grunn til å tru at det ikkje finst mange fotografi frå landsbygda i Rogaland før dei første utanlandske turistane kom hit i åra etter 1884. Dei hadde dei nye tørrplatene med seg.

Den organiserte turisttrafikken tok til med opninga av turistruta gjennom Suldal og Bratlandsdalen i 1887 (sjå kap. 3.3 nedanom). Bileta til dei første turistane som reiste denne ruta, finst nok i Storbritannia eller Tyskland, i den grad dei er bevarte .

Tidleg i 1880-åra kom også dei første britiske laksefiskarane til Rogaland. Dei har sett fleire fotografiske spor etter seg, særleg i Sand og Suldal, Sauda, Frafjord, Nærland i Hå, i Bjerkreim og i Eigersund kommune, på gardane Fotland og Tengs. Men det finst truleg meir fotografisk materiale etter dei hos etterkomarar i Storbritannia.

Av dei fire engelske familiane som vart årvisse sommargjester i Suldal, merkar familien Archer seg ut. Walther E. Archer leigde fisket i Suldalslågen på 40 år frå 1884 . Kona hans, Alice Archer, fotograferte både i Sand og Suldal etter at familien kom dit første gong i 1883. Fotografia hennar er med to unntak dei eldste som finst frå Sandsbygda. I 1887 fotograferte ho også i fleire andre bygder i Ryfylke, like sør til Oltesvik i Høle. Dette er nok dei eldste landskapsbileta hennar frå Ryfylke. Ho fotograferte også seinare år. Ryfylkemuseet tek i dag vare på ein stor del av fotoarkivet etter Alice Archer. Eit utval av fotografia hennar finst også som nettutstilling på heimesida vår.

I sørfylket var britiske laksefiskarar på besøk både i Dalane og på Nærland i Hå, men så langt me kjenner til i dag, finst det berre ei fotosamling med britisk opphav i sørfylket. Frå 1880-åra og framover mot første verdskrigen kom ei lita gruppe engelskmenn på årvisse sommarbesøk til Nærland for å fiska i Hå-elva. Engelskmennene hadde også kamera med seg. I 1893 laga ein av dei ein liten album med 28 bilete frå Nærland som gåve til vertskapet sitt.

Motivmessig høyrer landskapsbileta til dei utanlandske laksefiskarane saman med nordmennene sine feriebilete. For desse var ikkje landskapet i seg sjølv viktigast, men personane i landskapet, og fotografia vart ikkje tekne for å seljast til andre.

Dei eldste norske feriebileta frå Rogaland skriv seg frå 1880- og 1890-åra. Byfamiliar som ferierte på landsbygda, tok då dei første fotografia med eigne kamera. Vi presenterer dei eldste, kjende av desse norske amatørfotografane i kap. 3.4 nedanom. I 1889 fotograferte også tre emigrantar på heimebesøk frå USA, familiar og landskap i Rogaland. Denne fotografgruppa presenterer vi i kap. 3.5 nedanom.