Dei fotografiske byprospekta – dei første landskapsbileta

Byprospekta er dei eldste landskapsbileta i Rogaland. At dei første landskapsbileta vart tekne i og rundt Stavanger, Egersund og Haugesund, var naturleg sidan fotografane på den tida oppheldt seg som portrettfotografar i byane. Både motiv- og komposisjonsmessig representerer dei fotografiske byprospekta ei vidareføring av tradisjonen med lithografiske landskapsprospekt, Som lithografia vart dei første norske landskapsbileta gjerne overførte til xylografi og trykte i norske magasin, blad og bøker.

Byprospekta høyrer til våtplateperioden. Dette er ein annan grunn til at det eigenlege landskapsfotografiet ikkje vart noko særleg utbreidd her i fylket før i 1880- og 1890-åra, etter overgangen frå våtplate- til tørrplateteknikken. Introduksjonen av tørrplata gjorde det nemleg mogleg for fotografane å utføra mørkeromsarbeidet uavhengig av eksponeringa. Dermed trong dei ikkje ta med seg heile mørkeromsutstyret når dei skulle fotografera ute.

Det eldste kjende landskapsbiletet frå Rogaland, er også det eldste byprospektet frå Stavanger. Dette er eit bilete frå hamna, teke 19. juli 1856. Den norske vicekongen, kronprins Carl av Sverike (Kong Carl XV frå 1859), vert rekna for den første turisten i Noreg med eigen fotograf. Han reiste rundt i landet sommaren 1856 og hadde med seg fotografen Mathias Hansen frå Moss. Dei eldste, kjende norske landskapsbileta, skriv seg frå denne reisa, men Stavanger-biletet er berre bevarte som trykk i magasina Illustreret Nyhedsblad og Almuevennen, båe frå 1857.

Dei eldste, kjende Stavanger-bileta viser torget slik det såg ut om lag 1860-1861 og Breigata (Bredgaten) ei tid etter bybrannen i 1860 . Det kan ha vore H. P. Thykier var fotografen. I dag finst det berre seinare kopiar av desse bileta.

Fleire fotografar annonserte i 1860- og 1870-åra at dei leverte byprospekt med bestillingsmotiv. Ein av desse tidlege annonsørane var Hans Daae Normann. Han hadde atelier i Stavanger om lag 1863-1865 og averterte dessutan at han tok bilete av «Prospecter, Huse, Skibe m. M». Fotograf C. L. Jacobsen averterte i 1876 at han selde «Fotografier af Byen fra forskjellige Steder». Mellom motiva hans var domkyrkja, misjonsskulen (Det norske misjonsselskap), «Misjonshusets Indre og Ydre», samt «Byen fra forskjellige Steder» . Thykier og Jacobsen samarbeidde kanskje om byprospekta i 1866-1867. Dei bestilte i alle fall plakatar i fellesskap hos boktrykkar Poul Dreyer.

Det finst også fleire, men eigenleg ikkje mange oversynsbilete over heile Stavanger frå desse første tiåra med fotografar i byen. Dei naturlege utsiktspunkta var frå «Landstedet Bellevue» der Stavanger Museum ligg no, frå «Landstedet Blidensol» ovanom Løkkeveien og frå Valbergtårnet. I dag finst det fleire kopiar frå 1890-åra og seinare av desse bileta.

Det eldste biletet Stavanger Domkirke (eksteriør) er truleg også det eldste, kjende amatørfotografiet frå byen. Byfogd Halvor O. Christensen sin son, seinare tollinspektør Thorvald O. Christensen, var kanskje den første amatørfotografen i Stavanger. Christensen sitt fotografi av domkyrkja frå 1864 finst som «nytt» repronegativ ved Stavanger byarkiv. Ikkje lenge etter 1864 tok fleire profesjonelle fotografar både eksteriør- og interiørbilete. Desse var resultat av oppdragsfotografering i samband med restaureringa av domkyrkja i åra 1866-1869. Både H. P. Thykier, C. L. Jacobsen og Dorothea Arentz fotograferte Stavanger Domkirke i slutten av 1860-åra.

Mot slutten av 1800-talet var det utan tvil ein veksande marknad i Stavanger for byprospekt. Fotografane Greve og Norland som dreiv firma i lag i åra 1892-1895, leverte til dømes fleire byprospekt i 1890-åra av det nye Stavanger Museum, Stavanger Theater og Stavanger Turnhall. Arkitektonisk representerte desse tre monumentalbygga nemleg noko heilt nytt i bybiletet. I 1898 stod det nye Stavanger Sykehus ferdig i nabolaget. Også dette bygningsanlegget vart ofte fotografert.

I 1890-åra vart det også laga kopiar av fleire av dei eldste byprospekta. Avisannonsar fortel at fotografane kom med tilbod om avfotografering eller kopiering av eldre bilete. Carl Jacobsen kopierte og selde til dømes faren, Carl Lauritz Jacobsen, sine Stavanger-prospekt frå 1860- og 1870-åra.

I 1899 gjorde Stavanger formannskap vedtak om å fotografera bygningsmiljø som skulle sanerast i byen. Grunnlaget vart då lagt for den kommunale oppdragsfotograferinga i Stavanger. Carl Jacobsen vart den første oppdragsfotografen. Etter domkyrkjefotograferinga i 1860-åra er dette er det eldste dømet i Rogaland på kommunal oppdragsfotografering.

Stavanger står i ei særstilling mellom dei fire eldste byane i fylket når det gjeld eldre byprospekt. Dei andre byane har svært få slike fotografi frå åra mellom 1860 og 1880. Marcus Thrane oppheldt seg ei kort tid i Stavanger og i Egersund i 1863. S. Bonge skriv at det finst eit bilete med topografisk motiv frå besøket hans i Egersund. Dei første, byprospekta elles frå Egersund tok Jens Ulrik Ferdinand Bugge tidleg i 1860-åra, men det finst berre tre som er kjende i dag.

Frå om lag 1890 tok både fotograf Erik Hadland Torjusen og Peter Arnfinn Flak mange bilete i Egersund og i disktriktet rundt, men som motivgruppe høyrer desse fotografia meir til dei seinare post- og prospektkortfotografia enn til til dei eldste by- og landskapsprospekta.

Det rike vårsildfisket ved Haugesund førte som nemnt til at fleire portrettfotografar besøkte byen i kortare periodar frå tidleg i 1860-åra. Desse tilreisande fotografane tok også bilete av bygningar og miljø, men berre nokre ganske få slike bilete er kjende i dag, dei eldste som illustrasjonar i magasina Illustreret Nyhedsblad og Skilling-Magazin i 1865 og 1867.

Om det eldste, kjende fotografiet av den nye byen Haugesund vart teke 1860, og dermed ikkje er eit Greve-fotografi frå 1862-1863, var det truleg Bergens-fotografen Marcus Selmer som tok dette. Selmer fotograferte i alle fall ved Haugesund på den tida . Dei eldste av Jan Greve sine fotografi frå Haugesund og omlandet rundt skriv seg frå 1862-1863.

Til no er det ikkje kjent at tilreisande fotografar besøkte Sandnes i 1860- eller 1870-åra. Dermed finst det truleg ikkje fotografiske byprospekt som viser Sandnes dei første åra etter at byen vart grunnlagd i 1860. Dei eldste, kjende bybileta kan daterast til etter storbrannen i 1897. Det var Aadne O. Aase, ein lokal amatørfotograf, som tok desse. Aase sine fotografi høyrer ikkje til gruppa eldre byprospekt.