Frå landskapsprospekt og turistbilete til fotografiske postkort med lokale motiv

Dei fotografiske postkorta vart dei første masseproduserte bileta som gjorde både landskaps-prospekt, spesielle hendingar i samtida, portrett av kjende personar, som til dømes den svenske og frå 1905 den norske kongefamilien, til allemannseige. Postkorta er interessante både fotografihistorisk og posthistorisk. I denne samanhengen er det den fotografihistoriske bakgrunnen som skal omhandlast. Det fotografiske postkortet med landskapsmotiv frå Rogaland går tilbake til opninga av Turistrute 7, Suldal-Bratlandsdalen i 1887. Fotografiske postkort med andre motivtypar enn landskap er av langt yngre dato her i fylket.

Dei fotografiske prospektkorta eller postkorta som dei vart heitande, har utspringet sitt i landskapsprospekta på midten av 1800-talet. Utgangspunktet er nemleg dei få landskapsprospekta som er bevarte som daguerreotypi, som fotografi i visittkortformat frå 1850- og 1860-åra og som stereoskopi frå midten av 1860-åra. I 1870- og 1880-åra vart landskapsprospekta presenterte som fotografi i kabinett- eller større format. Dei var framkalla på albuminpapir og monterte i prøve- eller demonstrasjonsalbumar som låg til gjennomsyn hjå bokhandlarar, i turistbyrå, turisthotell og i dampskipsekspedisjonar både i inn- og utland. Dei utanlandske turistane var viktigaste kjøpargruppa gjennom heile 1800-talet. Både kjende fotografar som Knud Knudsen og Axel Lindahl, og mange utanlandske fotografar reiste rundt om i landet for å ta bilete til denne turistmarknaden.

Dei første norskproduserte postkorta var brevkort frå slutten av 1880-åra (det første frå 1887). Dei hadde små, trykte illustrasjonar med topografiske motiv, nett som firmabrevhovuda på konvoluttar og skrivepapir . Den aukande turisttrafikken var bakgrunnen for denne nye postkorttypen med små fotografi eller teikningar. Men det skulle gå om lag ti år før det vart vanleg med større fotografi på dei norskproduserte korta.

Dei første utanlandske prospektkorta med norske landskapsmotiv kom i slutten av 1880-åra. Både då og i 1890-åra vart storparten av desse korta produserte i Tyskland. Dei vart trykte som lystrykk og var dermed reproduksjonar av det opphavlege fotografia. Fleire seriar vart også handkolorerte før trykken. Tyske turistar stod bak denne produksjonen. Dei besøkte Noreg og fotograferte. Heime i Tyskland laga dei store postkortseriar som vart selde både der og Noreg gjennom avisannonsar eller direkte til norske oppdragsgjevarar. Det finst også eksempel på tilsvarande amerikanske, svenske og britiske produsentar . Dessutan laga norske fotografar alt i 1860-åra, seinare også utanlandske fotografar, seriar med turistprospekt som stereoskopi- eller stereobilete .

Lovverket sette reglar for korleis brevkorta og sidan postkorta skulle sjå ut. Dei første brevkorta hadde nemleg det norske Postverket monopol på, både produksjon og sal. Adressesida hadde ferdig-trykt frankering, og det var ikkje lov å skriva anna enn adressen på denne sida. Baksida var blank. Sidan vart det vanleg med eitt eller fleire små bilete på tekstsida (baksida).

I 1905 gav Den internasjonale Postkortunionen løyve til bruk av tekstblokk ved sida av adresse-blokka på framsida eller adressesida av kortet. Dermed kunne heile baksida reserverast for biletpresentasjon. Biletsida vart til framsida, og addressesida vart til baksida på postkorta. Postkorta slik vi kjenner dei frå seinare år, skriv seg frå 1905 og utover, men den tekniske kvaliteten vart stadig forbetra. Lystrykk-teknikken var likevel vanleg like fram til om lag 1920, særleg på lokalproduserte kort.

I norsk samanheng fekk året 1905 dobbel tyding for den nasjonale postkortproduksjonen. Unionsoppløysinga førte nemleg til styrking av den nasjonale sjølvkjensla, og til ein eksplosjonsarta vekst i postkortproduksjonen, ikkje minst til den norske marknaden. I åra før 1905 dominerte postkorta til turistmarknaden. Sett under eitt var åra 1900-1914 blomstringstida for postkortet som fotografisk informasjonsformidlar. Utbrotet av første verdskrigen førte til sterk nedgang i den utanlandske turisttrafikken. Fleire postkortforlag mista kundegrunnlaget sitt etter 1914. Dette galdt særleg dei som produserte kort for den utanlandske turistmarknaden.

Fotograf Marthinius Skøien i Oslo skal ha oppretta det første lystrykkeriet i Noreg . Det er uvisst om han produserte postkort med motiv frå Rogaland. I 1880- og 1890-åra var det tyskproduserte lystrykk-kort som dominerte. Lokale fotografar fekk også produsert korta sine i Tyskland til om lag 1900. Då overtok fleire nye, nasjonale kunst- og kortforlag i Kristiania. Dette var forlag som spesialiserte seg på fleire typar postkort, både illustrerte og fotografiske (sjå oversyn i tekstboks 14).

Fotograf Knud Knudsen i Bergen engasjerte seg også på postkortmarknaden. Tidleg på 1900-talet var Wilse og Knudsen truleg dei to største postkort fotografane i landet. Firmaet K. Knudsen i Bergen vart også ein av dei største postkort produsentane, og truleg det første norske firmaet som masseproduserte fotografiske postkort. I 1904 kjøpte firmaet maskinutstyr frå Tyskland til framstilling av postkort som fotografi på glansa framkallingspapir, ikkje som lystrykk på vanleg matt kopieringspapir.

Knud Knudsen var både fotograf og postkortprodusent. Det vanlege var likevel at fotografane leverte produkta sine til andre. Dei store kunstforlaga dreiv postkortproduksjonen etter fleire typar opplegg. Til dei større byane sende kunst- og kortforlaga gjerne først fotografar som tok bilete, sidan agentar med ferdige kolleksjonar av lokale bymotiv i mapper eller albumar. Det mest vanlege var å senda ut fotografar på avtala «turnear» rundt om i landet. Desse reisefotografane opererte i lokalmiljøea og tok opp bestillingar frå butikkar og andre lokale kundar. Det var til dømes på denne måten fotograf Sven E. F. Endsjø flytte til Stavanger kring 1903. Endsjø var tilknytta eit postkortforlag i hovudstaden og reiste kringom i Sør-Noreg som oppdragsfotograf. Han kom også til Stavanger. Endsjø opplevde denne byen som ein framtidsretta plass for ein fotograf og flytte dit med heile familien. I Stavanger etablerte han fotografisk forretning, ei såkalla bromidforretning. Han dreiv med oppdragsfotografering ute, postkortproduksjon, og med kopiering og forstørring av nye og eldre fotografi .

Nokre fotografar hadde ei meir freelanse-prega tilkyting til utgjevarane. Wilse sitt namn er til dømes knytta til postkort frå fleire forlag, særleg til P. Alstrup, Mittet og H. Abel (sjå tekstboks 14). Kortforlaga tok også på seg reine produksjonsoppdrag for lokale og regionale fotografar.

Det var ikkje nokon fast praksis for trykt informasjon på korta om fotograf-, produsent- eller oppdragsgjevar. I ettertid kan dette skapa forvirring. Oppdragsgjevaren, eller seljaren sitt namn er trykt på kortet når det var eit firma som fekk laga postkort av butikken eller bedrifta si. Namnet på produsenten og produksjonsnummeret, finst gjerne også på slike kort, og som regel alltid på kort produsenten laga på eige initiativ. Med unntak av Wilse og meir kjende fotografar, er namnet på fotografen sjeldan trykt på korta.

Før 1905 var ikkje mange stader i Rogaland aktuelle som postkortmotiv. Dei eldste postkorta har som nemnt motiv frå Turistrute 7, Suldal-Bratlandsdalen. Axel Lindahl reiste denne nyopna turistruta i 1887 og Knud Knudsen ikkje lenge etter, truleg i 1888. Fleire utanlandske fotografar reiste også denne ruta, mellom anna brørne Brunskow. Med unntak av Knudsen, publiserte desse fotografane bileta sine som tradisjonelle turistprosjekt til albumar, eller som nummererte seriar med norske landskapsbilete for den utanlandske turistmarknaden. Fleire av Knudsen sine fotografi frå Turistrute 7 vart til postkortmotiv. Det finst svært mange tidlege postkort med bilete av Suldalsporten og med bilete frå vegen gjennom Bratlandsdalen.

Andre Bergens-fotografar produserte også postkort med motiv Turistrute 7. Dei eldste norske postkorta med motiv frå Rogaland kan likeså vel vera fotograf O. A. Swanøe i Bergen sine prospekt. Swanøe fekk produsert fleire seriar med lystrykk-kort frå Bratlandsdalen og frå Suldalsosen med Suldalsporten. Så langt vi kan sjå av biletpresentasjonen på korta, vart desse produserte frå slutten av 1890-åra og framover.

Også lokale personar i Suldal tok til som postkortfotografar og produsentar. Hotella på Nesflaten, Suldalsosen og Sand hadde behov for kort til turistane. Odd T. Straabø frå Stråpa i Suldal vart både postkortfotograf og bygdefotograf. Han fekk eige kamera i 1899 eller tidlegare. Kundegruppa var turistar på gjennomreise og britiske laskefiskarar som kom til Suldal og Sand kvar sommar. Straabø samarbeidde også med fotograf Jan Greve i Stavanger, mellom anna om ein kortserie i 1904 (sjå under Straabø i tekstboks 11).

Fleire av dei eldste korta frå Sand og Suldal har berre produsent- eller fotografinitialane O.S. på adressesida. Det var truleg fotograf O. Svanøe i Bergen.som produserte desse, ikkje O. Straabø i Suldal.

Forutan mange tidlege kort med motiv frå Sand, Suldal og resten av Turistrute 7, finst det fleire med motiv frå Stavanger og dei største tettstadene i fylket. I Stavanger var domkyrkja og utsynet frå Valbergtårnet det vanlegaste motivet. Det finst ikkje oversyn over postkorta frå før 1905 med Rogalands-motiv, men kunstforlaga H. Abel og P. Alstrup i Kristiania publiserte båe kort med fotografi frå Anders B. Wilse sitt besøk på Jæren og i Stavanger i 1902 (sjå under Abel, Alsrup og Wilse i tekstboks 14).

Etter at Den internasjonale Postkortunionen i 1905 gav løyve til bruk av tekstblokk ved sida av adresse-blokka på det som var framsida av kortet, kunne heile baksida nyttast til presentasjon av fotografi eller andre typar illustrasjonar. Dette førte til ei sterk oppblomstring av den lokale postkortindustrien. Lågare produksjonsprisar og unionsoppløysinga 1905 førte også til sterk auke i postkortindustrien.

Svært mange postkortfotografar med og utan eigne oppdrag besøkte bygder og byar i Rogaland etter 1905. Resultatet vart dei mange korta mynta på den lokale marknaden. I byane fekk kjende bygningar, gater og samlingsplassar eigne kort. På landsbygda var den lokale rutebåtkaien eller jernbanestasjonen, kyrkja og lokale krambuer naturlege motiv.

Sett i eit lengre tidsperspektiv, representerer dei lokale kortmotiva frå etter 1905 tre hovudtypar. Dei eldste, og også dei aller fleste korta, viser bygnings- og gatemiljø i dei lokale bygdesentra og sentrale kommunikasjonsknutepunkt som jernbanestasjonar og rutebåtkaiar. Seinare fekk private butikkar og bedrifter ofte eigne kort. Den andre hovudgruppa har landskapsmotiv, som fotografi frå fjordane i Ryfylke og ikkje minst frå strendene på Jæren. Tarebrenninga langs jærkysten opptok særleg dei nasjonale fotografane som besøkte denne landsdelen. Lokalt fekk Stavanger Turistforening produsert fleire postkortseriar, særleg kort med strandmotiv.

Den tredje gruppa med topografiske motiv er kort med flyfotografi av byar og bygdesentra. Knut Harstad var norsk pioner i flyfotografering (sjå tekstboks 11). Han grunnla firmaet Oslo Prospektkortfabrikk i 1925. I 1929 tok firmaet til med flyfotografering av byar langs kysten til postkortproduksjon. Harstad fotograferte også i Rogaland i denne første runden. Firmaet leverte flyfoto av spesielle motiv etter lokale oppdrag. Dette vart første gong fleire bedrifter i fylket fotograferte bygningane sine frå fly.

Widerøe Flyveselskap A/S fotograferte første gong i Rogaland i 1935. Etter 1950 leverte fleire små flyselskap fotografi til postkortmarknaden (sjå kap. 3.2.7 nedanom).

Ser vi bort frå flyfotografia, representerer svart-kvitt postkorta frå åra 1905-1960 eit langt større motivmangfald enn kortseriane etter 1960. Rimeleg produksjon gjorde at den enkelte motivserien kunne trykkast i relativt små opplag i åra etter 1905 og framover. Ein langt meir kostbar trykkeprossess førte til at motivutvalet vart innsnevra med introduksjonen av fargekorta. Dei lokale utgjevarane måtte då avgrensa postkortutvalet sitt til få seriar og store opplag.

I åra etter 1905 hadde kvar region i fylket lokale postkortfotografar i tillegg til dei omreisande representantane frå nasjonale forlag (sjå oversyn i tekstboks 14). Den lokale gruppa auka i tal ettersom åra gjekk. Både etablerte atelierfotografar, fotografiske forretningar, bokhandlarar og såkalla bromidforretningar fotograferte til eigen produksjon eller etter oppdrag for andre. Trykkinga skjedde i Tyskland, i lokale trykkeri, eller gjennom nasjonale forlag.

Bromidforretningane som det vart mange av i byane etter 1900, produserte reklamar, reprokopiar og store kopiar («forstørrelsar») av portrett i visittkort- og kabinettformat.

Alle produserte truleg ikkje postkort. Bokserien Stavanger Adressekalender har oversyn over nyeablerte bromidanstaltar. Fotografane E. Dinesen og O. Henriksen opna Stavanger Bromidforstørrelses-Anstalt & Reklamebureau i 1901. Henriksen produserte postkort frå Stavanger og mange bygder i fylket. I 1901 etablerte også Emanuel Gabrielsen seg i Stavanger. Gabrielsen hadde tilsvarande forretningar i fleire norske byar på den tida . Sivert Olsen etablerte seg i Stavanger i 1902 og var ei tid kompanjong som reisefotograf med skomakar John Kjølvik frå Jelsa. Dei etablerte fotograf-firma frå 1907 , Kjølvik & Olsen, og samarbeidde med fotograf Oluf Andreas Henrichsen då dei tok opp bestillingar i Ryfylke same året.

Talet på bromidforretningar auka år for år. I tillegg reiste fleire framande fotografar kringom på bygdene etter 1905. Dei tok opp bestillingar på fotografi av bygningar og landskap til postkort, og av familiar og gardsbruk til private heimar. Dette førte til uro i det etablerte fotografmiljøet i Stavanger. I 1907 stifta Stavanger fotografiske forening firmaet Stavanger Forenede Fotografer, ei såkalla reiseforretning som dei profesjonelle fotografane åtte i lag . Aktiviteten til dette firmaet og til dei etablerte bromidforretningane i Stavanger var truleg på det høgaste i åra ca. 1907-1910 . Resultatet var både mange postkort med lokale motiv, gards- og familiebilete og store (forstørra) familieportrett til stoveveggene kringom i heile fylket.

Dei andre byane i fylket hadde like tidlege postkortfotografar som Stavanger. I Egersund og Dalane fotograferte til dømes P. A. Flak i 1896. Same året vart fotografia hans selde i ein lokal bokhandel, men truleg som større prospekt. I 1898 selde fire forskjellige bok- og papirhandlarar i byen landskapsprospekta hans. Fotograf E. H. Torjusen sine landskapsbilete frå Egersund og Dalane vart selde som postkort i lokale butikkar tidleg på 1900-talet. I åra frå ca. 1900-1935 var det særleg Sven Larsen som produserte og selde postkort i Egersund, både med fotografi han hadde teke sjølv, og med andre sine fotografi.

Bokhandlar Ingvald Dahle produserte og selde postkort med motiv frå Sandnes og dei andre kommunane på Jæren frå 1904 til han døydde 1922. Dahle sykla kringom på Jæren og fotograferte til postkorta. Han fotograferte også for Stavanger Turistforening. Postkorta var ein salsartikkel i tillegg til årboka. Dette var helst landskapsfotografi utan bygningar. Jærstrendene var særleg poulære motiv på korta til turistforeininga. Dahle utførte heile prossessen sjølv. Han fotograferte, framkalla glassplatene, laga klisjear og trykte deretter korta i eige trykkeri. På eit tidspunkt etter 1910 slutta han å trykkja sjølv og sende i staden originalfotografia sine til postkorttrykkeri i Tyskland.

Henrik Wiig som opna fotoatelier på Sandnes i 1892 med filial på Bryne i 1902, var også postkortfotograf, men i mindre målestokk enn Dahle. Han sende også positivar til Tyskland for kortproduksjon. John Kjølvik fotograferte tidleg, både i Ryfylke og på Jæren. Dei eldste korta hans frå stasjonsbygdene langs Jærbanen skriv seg frå om lag 1905. Etter at Rasmus Mortensen flytte frå Stavanger og heim til Sand i 1907, tok også han tilsvarande tidlege postkortfotografi frå bygdene i Ryfylke. I Haugesunds-området og på Karmøy fotograferte både etablerte og omreisande fotografar til postkortproduksjonen.

Frå 1920-åra og framover produserte mange lokale bokhandlarar eller bygdefotografar eigne postkortseriar for den lokale heimemarknaden, men det finst ikkje noko samla oversyn enno over lokale småprodusentar i fylket. I Sauda vart til dømes Ola K. Fløgstad postkortfotograf etter at han overtok bokhandelen i bygda i 1922 . På Sand i Ryfylke selde bokhandlar Arnt Baardsen mellom anna postkort frå Sand som den lokale fotografen, Rasmus Mortensen, hadde levert bileta til. På Bryne i Time var bokhandlar Jonas Jørstad både postkort-fotograf og produsent. Tilsvarande var det med butikkeigar Emelankton Aadnesen på Nærbø i Hå og elektrikar og bygdefotograf Osmund Nilsen i Lund kommune. Denne lokale produksjonen strekte seg for fleire sin del fram til postkorta i fargetrykk vart vanleg rett etter 1960.

Postkorta frå før 1960 har stor dokumentasjonsverdi, både dei som vart produserte for turistmarknaden før og etter 1905, og dei som skulle seljast i lokalmiljøet. Postkorta har nemleg motiv frå alle små og større bygder i landet frå om lag 1905 og framover. Dei dokumenterer naturlandskap og kulturlandskap, kommunikasjonsknutepunkt som dampskipskaiar og jernbanestasjonar, handel og næringsverksemd. Dermed er korta ei eineståande kjelde til den visuelle studien av det norske samfunnet gjennom heile 1900-talet, ikkje minst til dokumentasjon av byggjeskikk og bygningsmiljø, kommunikasjonshistorie, og til resten av det norske kulturlandskapet dei første tiåra etter 1905.

Både nasjonalt og lokalt er det bevart lite og ingen ting av negativarkiv, produksjonslister, prøvealbumar eller anna som kan fortelja om omfanget av postkortproduksjonen før 1960. Faktisk er det dei alle eldste postkorfotografane som Knud Knudsen og Anders B. Wilse, som kan dokumenterast best (sjå tekstboks 9 og 10). Unntak elles er negativarkiva etter flyfotografane, delar av arkiva etter nasjonale kortforlag som Mittet og Normann, og fleire negativarkiv etter lokale fotografar som også leverte fotografi til postkortproduksjon .

Men sidan postkort lenge har vore samleobjekt for privatpersonar, er det grunn til å tru at så å seia alt som er produsert av postkort i og frå Rogaland, er bevart i ein eller annan samanheng. Det finst likevel ikkje noko samla oversyn over dette materialet, heller ikkje offentlege oversyn på region- eller kommunenivå . Bevaringsinstitusjonar med lokalt postkortmateriale har heller ikkje registrert samlingane sine med utgangspunkt i opplysningar om fotograf, utgjevar eller produsent.

Tekstboks 11:

Oversynet nedanom byggjer på informasjonen henta frå ein gjennomgang av det som finst av postkort i bevaringsinstitusjonane i fylket og på gjennomgang av fleire mindre og ei stor privat samling, den siste på om lag 10 000 kort. I denne siste samlinga er størsteparten av korta frå Stavanger og sørfylket.

Postkortfotografar og postkortprodusentar i Rogaland

-Brundtland, Alfred, Haugesund og Bergen: Atelierfotograf i Haugesund 1901-1907 og i Bergen 1907-1916. Produserte fotografiske kort frå Vestlandet. Uvisst om han produserte i Haugesund før 1907.

-Bårdsen, Julius, Sand i Ryfylke: Julius Bårdsen overtok i 1941 Sand Bok- og Papirhandel på Sand som vart etablert av faren, Arnt Baardsen, i 1911. Arnt Baardsen selde andre fotografar, som Rasmus Mortenson sine postkort i butikken. Julius Bårdsen fotograferte også sjølv. Frå andre halvparten av 1950-åra selde Bårdsen mellom anna Widerøe-flyfotokort, og frå 1970-åra fly-fotokort i farge produsert av, og med denne informasjonen trykt på korta: » Knut Aune Kunstforlag A/S. Enerett Julius Bårdsen» og » Enerett Sand Bok- og Papirhandel».

-Dahl, M. E.: Fotograf i Stavanger. Ikkje atelierfotograf. Produserte fleire postkort frå Ålgård i Gjesdal om lag 1920. Dahl er ikkje nemnd i den nasjonale fotografdatabasen.

Dahle, Ingvald, Sandnes: Produserte og selde postkort med motiv frå Sandnes og dei andre kommunane på Jæren frå 1904 til han døydde 1922. Starta papirhandel i 1888, fotograf- og fotohandlarverksemd kring 1895, bokhandel 1902 og boktrykkeri, bokbinderi og øskjefabrikk i 1907. Dahle fotograferte og trykte korta i eige trykkeri. Ein gong etter 1910 slutta han å trykkja korta sjølv. Han sende i staden originalfotografia til trykkeri i Tyskland.

Ellingsen, Olaf A., Stavanger: Etablerte firmaet sitt i 1949 og fotograferte og produserte postkort med motiv frå mange kommunar i fylket, særleg frå Stavanger.

-Endsjø, Sven E. F., Stavanger: Omreisande postkortfotograf for firma i Kristiania. Kom også til Rogaland i fotografærend. Flytte til Stavanger 1903. Hadde fotografisk forretning (bromidforretning) med atelier til ca. 1915. Var også postkortfotograf desse åra.

-Figved, Johan N., Stavanger: Johan Erik Nyman Figved hadde atelier saman med W. Eide i Østervåg 9-11 i åra 1906-1909. Firmaet Figved & Eide hadde ikkje nokon omfattande postkortproduksjon. Etter at Figved gjekk ut av firmaet, var han oppdragsfotograf og leverte også fotografi frå fleire kommunar i fylket til postkort, mellom anna frå Vikedal der han ferierte.

Floor, Carl Chr. og Otto T., Stavanger: Dreiv firmaet Johs. Floor. Bokhandel Stavanger Grunnlagt 1846 som dei overtok etter mora i 1916. Bokhandelen produserte og selde eigne postkort frå om lag 1905, særleg motiv frå Stavanger og frå jærstrendene. Postkorta vart produserte i seriar, til dømes kort av Solastrandens Nordsjøbad til opninga 1915, merka Eneret Johs. Floor Stavanger. No. 156 og kort merka 148. Jæderen. Fra Solastranden. Otto Floor tok fleire av bileta som låg til grunn for kortproduksjonen. Bokhandlarane Floor og Opsanger gav båe ut mapper med Stavanger-fotografi til byjubileet og gjenopprettinga av Stavanger bispestol 7. juni 1925.

Foto-Sentralen A/S, Sandnes: Firmaet vart grunnlagt av brørne Kolbjørn og Kjell Rostrup saman med Thoralf Anfindsen i 1947. Dei dreiv fotobutikk og fotoatelier i mange år og var oppdragsfotografar for næringslivet. Firmaet fotograferte også til lokal postkortprodusjon, særleg i 1950-åra.

Greve, Jan, Stavanger: Opna fotografisk forretning saman med sonen, Arnold Theodor Greve, ei tid etter at han la ned atelieret sitt i 1895, det seinare firmaet A. T. Greve, Kirkegt. 8, Stavanger. Foto-Spesialforretning. Jan Greve fotograferte tidleg til lokal postkortproduksjon og samarbeidde mellom anna med Odd T. Straabø i Suldal (sjå under Straabø) om turistkort med motiv frå Suldal og Sand i 1903-1904.

Gullo, Arne, Ålgård: Fotograferte for DFU, De Forenede Uldvarefabrikker, på Ålgård i 1954 og 1957 til postkort med motiv frå DFU-anlegget og Ålgård. Gullo var tilsett sentralt i DFU-administrasjonen i Oslo. Han var ein dyktig amatørfotograf og fotograferte ein del for DFU når han besøkte bedrifta på Ålgård.

Henriksen, Oluf, Stavanger: Produserte postkort frå Stavanger og frå mange bygder i fylket. Dreiv Stavanger Bromidforstørrelses-Anstalt & Reklamebureau frå 1901 og framover saman med dansken E. Dinesen under firmanamnet O. Henriksen & E. Dinesen. Var omreisande fotograf i fylket 1906 saman med ein Olsen. Dette var ein av dei to postkortfotografane Lars Olsen og Sivert O. Olsen (sjå nedanom).

Ingebrigtsen, I., Stavanger: Produserte ein serie postkort frå mange bygder i Rogaland i 1920-åra (eitt kort med motiv frå Vikeså er stempla 1926). Korta er merka med handskrift nede på framsida: Enerett: I. Ingebrigtsen. Produserte også kort med motiv frå Stavanger. Eit kort frå Haugvaldstadgaden i Stavanger er poststempla 1914. På baksida er det trykt med raude bokstavar: Fotograf I. Ingebrigtsen. Ingebretsen er ikkje omhandla i lokal litteratur og nærast ukjend i dag. Dette kan ha vore Ivar Christian Ingebrigtsen, f. 1874 i Namsos. Han var malarsvenn i Stavanger desse åra. Sjå og opplysningar nedanom under Endsjø.

Jacobsen, Hannchen, Stavanger: Produserte kort med motiv frå Stavanger og frå bygder i Rogaland. Dei eldste, kjende er frå kongeparet sitt besøk i Stavanger 22. juli 1906. Eit kort av Årdal kyrkje har f. eks. denne trykte opplysninga på baksida: Eneberettiget Hannchen Jacobsen & Co., Stavanger. Rachel Johnsen overtok fotobutikken hennar i Kirkegt. 16 etter at Jacobsen døydde i 1907.

-Jacobsen, Stavanger: Produserte postkort frå torget i Stavanger i 1935. Det er uvisst kven han var.

Johnsen, Rachel, Stavanger: Overtok firmaet etter Hannchen Jacobsen i Kirkegt. 16 med namnet Hannchen Jacobsen Co.s efterf. Uvisst kor omfattande oppdragsfotograferinga var, og om ho produserte postkort med lokale motiv. Firmaet avvikla 1916.

Jørgensen, Christian: Fotograferte i Sauda; postkort merka Turisthotellet Saudesjøen, Ryfylke, Eneret Fotograf Christian Jørgensen 102 og kort merka Saude i Ryfylke 203 Eneret Chr. Jørgensen. Dette kan ha vore Kongsberg-fotografen Chr. Jørgensen.

Jørstad, Jonas, Bryne: Opna bokhandel på Bryne 1919: Jonas Jørstad, Bryne. Bokhandel, Papirhandel, fotografisk forretning. Fører Kodak fotoapparat og film i alle storleikar. Framkalling og kopiering (sitat frå annonse i Stavanger Turistforenings Årbok 1932). Jørstad produserte postkort med lokale motiv, særleg frå Time kommune, som han selde i bokhandelen. Han fotograferte sjølv, i seinare år også Torkell Norheim i Time. Dei yngste korta til Norheim er fargekort frå tidleg i 1970-åra. Jørstad produserte og selde også nokre av fotografia til K. K. Kleppe, særleg kort av forfattaren Arne Garborg og Knudaheio.

Kjølvik, John, Stavanger og Sauda: Produserte svært mange postkort med motiv frå heile fylket frå ca. 1907 og til i 1920-åra. Var kompanjong med Sivert O. Olsen 1907-1909, firmaet Kjølvik & Olsen, og dreiv bromidanstalt frå 1909 og ei tid framover.

-Larssen, John, Stavanger: Dreiv firmaet John Larsens Bokhandel A/S, Arneageren 1, Stavanger frå før 1918 og selde » Karter, reisehåndbøker, Stavangeralbums, prospektkort, ferielesning, souvenirs» (sitert frå annonse i årboka til Stavanger Turistforening 1932). Korta hadde (berre?) Stavanger-motiv. -Larsen, Sven, Egersund: Grunnla firmaet Sven Larsen Papirhandel 1897. Framkalla dessutan filmar og laga fotografi for folk. Tok til å fotografera rett etter 1900. Produserte postkort som han selde i butikken. Dette var motiv frå Egersund frå perioden ca. 1905-1939, men dei fleste postkorta har bilete tekne av andre, lokale fotografar. Andre postkortprodusentar i Egersund på same tida var E. H. Torjusen og A. S. Pedersen (sjå nedanom).

Mortensen, Rasmus, Stavanger og Sand i Ryfylke: Atelierfotograf i Stavanger til 1907 og på Sand 1907-1942. Også reisefotograf og postkortfotograf dei første åra, særleg i Ryfylke.

Michaelsen, Arnt, Stavanger: Hadde bok- og papirhandel i Stavanger frå om lag 1890. Ein notis i Stavanger Amtstidende og Adresseavis i desember 1893 opplyser at papirhandlar Arnt Michaelsen hadde stått for utgjevinga av ein serie postkort med motiv frå Stavanger. Dette var 12 år før det vart bestemt at ein også kunne skriva helsingar på baksida av postkorta, ved sida av adresserubrikken. Michaelsen produserte seinare mange ordinære postkort med motiv frå Stavanger. Dei eldste var lystrykk.

Nilsen, Osmund, Moi i Lund: Bygdefotograf på Moi frå etter 1927. Fotograferte til postkort frå Lund, særleg parti frå kommunesenteret Moi i 1950- og 1960-åra. Korta vart trykte i Horjens Trykkeri i Flekkefjord.

-Olsen, Carl J., Stavanger: Reisefotograf med tilhaldstad i Stavanger frå 1912. Fotograferte og produserte postkort med motiv frå heile fylket. Postkorta var gjerne merka på baksida: Carl J. Olsen, Stavanger. -Olsen, Lars, Stavanger: Dreiv firmaet Lars Olsens Forlag frå før 1908 og Lars Olsens kortforlag, Stavanger frå før 1910. Storprodusent av postkort med motiv frå heile fylket, også handkolorerte kort. Eit tidleg kort frå Suldalsosen er merka med rød skrift på framsida: Parti af Osen, Suldal og har desse trykte opplysningane på baksida: Lars Olsens forlag, Stavanger No 1921.

Olsen, Olaf, Haugesund: Atelierfotograf i Ålesund frå hausten 1898 og i Haugesund frå om lag 1902. Firma saman med broren Martin. Også postkortfotograf i Nord-Rogaland. Uvisst kor stort omfanget var.

-Olsen, Oscar, Stavanger og Haugesund: Postkortfotograf og produsent, mellom anna saman med John Kjølvik. Var det denne Oscar Olsen som fotograferte i Bergen 1914?

Olsen, Oscar S., Stavanger: Hanskemakar og dyktig amatørfotograf. Vinnarfotografia hans frå konkurransen til Stavanger Aftenblad og Stavanger Amatørfotografers forening i 1919 vart publiserte som postkort av Stavanger Aftenblad.

Olsen, Sivert, Stavanger: Reisefotograf med tilhaldstad i Stavanger, truleg frå 1902. Kompanjong med John Kjølvik ei tid. Dreiv firmaet Kjølvik & Olsen frå 1907. Samarbeidde også med fotograf O. A. Henrichsen i 1907 då dei tok opp bestillingar frå kundar i Ryfylke. Dette var den direkte grunnen til at dei profesjonelle fotografane i Stavanger fotografiske forening stifta firmaet Stavanger Forenede Fotografer, ei såkalla reiseforretning som motvekt til dei omreisande bestillingsfotografane.

-Opsanger, K., Stavanger: Bokhandlar og postkortprodusent. Motiva var først og fremst frå Stavanger og nabokommunane og frå åra etter 1920. Selde mellom anna kort med motiv frå Solastranda i 1920-åra. Postkorta var nummererte, som eitt med denne trykte informasjonen: 16. Solastrandens Nordsjøbad. K. Opsanger, Stavanger. Eneret. Byarkivet i Stavanger har negativsamling av postkortbileta. Bokhandlarane Floor og Opsanger gav båe ut mapper med Stavanger-fotografi i høve 700-års-jubileet og gjennomrettinga av Stavanger bispestol 7. juni 1925.

Paulsen, Gustav, Stavanger: Bokbindar Gustav Paulsen etablerte firmaet sitt i 1899. Dette var papirhandel, bokbinderi og boktrykkeri. Produserte også postkort frå om lag 1905 med motiv frå Stavanger. Uvisst kven fotografane var.

Pedersen, A. S., Egersund: Bokhandlar i Egersund i 1890-åra. Anna Dancke overtok firmaet A. S. Pedersens Boghandel hausten 1901. Kort frå etter 1901 har firma-referanse A. S. Pedersens Efterfølger. Pedersen selde mellom anna P. A. Flak sine landskapsbilete frå Egersund pr. 1896. Sven Larsen (sjå ovanom) produserte og selde sidan bileta hans som postkort i butikken sin.

Skarbø, O., Stav.: Disponent i firmaet Stavanger forenede Fotografer, etablert 1907 av Stavanger fotografiske forening for å driva reisefotografering eller oppdragsfotografering i landdistrikta i Rogaland som mottrekk mot useriøse «fotografar» som reiste rundt i same ærend. Skarbø vart første disponenten i firmaet og tok til for seg sjølv om lag 1910. Sjå til dømes firmapostkort med desse trykte opplysningane: Hotel Rogaland Sandnes og No 92. O. Skarbø. Stavanger. Eneberettiged 1911. Skarbø flytte sidan frå Stavanger til Oslo. Sjå tekstboks 14.

Solheim & Lærdal, Stavanger: Hadde ikkje nokon stor postkortproduksjon. Eitt kjent kort med motiv frå Stavanger etter om lag 1900 har denne trykte informasjonen: Østervaag, Stavanger. Eneberettiged Solheim & Lærdal, Stavanger. Det var truleg Alf Solheim som stod bak det eine produsentnamnet. Han hadde bok- og papirhandel i Østervåg, etablert 1901.

Stavanger Aftenblad, Stavanger: Avisa stod som produsent av fleire postkort med motiv frå Stavanger, i alle fall i 1960-åra. Produserte dessutan Oscar S. Olsen sine premiebilete i 1919 (sjå Olsen ovanom).

A/S Stavanger Forenede Fotografer: Aksjeselskap etablert 1907 av profesjonelle fotografar, medlemmane i Stavanger fotografiske forening, for å driva «reiseforretning»som motvekt mot fleire framande, omreisande bestillingsfotografar. Firmaet produserte også postkort. Sjå ovanom under Skarbø, O. Frå februar 1911 var fotografane Herseth og Jacobsen eigararar av firmaet.

Steinkopf-Wold, Anton Theodor, Stavanger: Etablerte bromidanstalt 1904. Produserte mange postkort med motiv frå Rogaland og frå andre fylke på Vestlandet, særleg i Møre og Romsdal . Kjell Skorgevik (1985, s. 126) opplyser at det ser ut for at Steinkopf Wold fann ei nisje i produksjon av postkort frå små stader utanom dei kjende turistrutene. Broren reiste rundt og fotograferte for han. Steinkopf Wold fotograferte til dømes i små bygder på Sunnmøre og i Nordfjord i åra frå 1906 til om lag 1915. I løpet av denne perioden gav han ut hundrevis av postkort, og største delen av desse ser ut for å vera nummererte, fortel Skorgevik. I nokre tilfelle er Steinkopf-Wold nemnd som fotograf på korta, medan fotoretten var seld til lokale kjøpmenn og bokhandlarar.

Straabø, Odd T., Suldal: Bygdefotograf og postkortfotograf i Suldal. Skreiv seg i seinare år O. T. Stråbø. Stråbø (1851-1934) var først smed og sidan kasserar i Suldal Sparebank (1912-1929). Kundegruppa var først turistar på gjennomreise og britiske laskefiskarar. Produserte mellom anna ein eldre type postkort (lystrykk, handkolorert) med motiv frå Sand. Teksten nedst på framsida var : Jewaas Sand O. Straabø. Eneret. Dette kortet med biletmotivet frå Juvåsen i Sand vart laga for dei britiske laksefiskarane. Baksida har det trykte emblemet (tversover kortet): Verdenspostforeningen. Brevkort fra Norge. Straabø samarbeidde også med fotograf Jan Greve i Stavanger, mellom anna om ein serie på minst fem kort frå 1904 (lystrykk, farge) med motiv frå Sand og Suldal. Korta har desse trykte opplysningane på framsida: Eneberettiget. J. Greve & O. Stråbø, Stavanger 1904 og namnet på motivet, til dømes: Suldal, Nesfladen. På baksida av korta er Verdenspostforeningen sitt emblem trykt i raudt. Straabø var også bygdefotograf i Suldal.

Søiland, Erling, Stavanger: Etablerte papirhandel og fotografisk forretning 1915: Søilands Papirhandel. Erling Søiland A.S. Kirkegt. 7, Stavanger. Selde mellom anna fotoapparat og fotoalbumar. Tok i mot filmar for framkalling og kopiering. Fotograferte og produserte mange postkort med motiv frå Stavanger og kommunane rundt byen. Korta har ofte blindstempelet Søilands Papirhandel.

Thu, Rasmus Pedersen (R. P. Thu), Stavanger: Reisefotograf og atelierfotograf. Produserte postkort i åra mellom ca. 1910-1920 og trykte panoramabilete som utbrettkort i 1922 og seinare med motiv frå Stavanger, Jæren, Ryfylke, Nord-Rogaland og frå fleire stader langs kysten elles.

Torgersen, T., Stavanger: Firmaet T. Torgersen, Bok-, papir- og sjøkarthandel vart grunnlagt 1898, seinare Torgersens Bokhandel A/S. Butikken selde postkort med motiv frå Stavanger. Uvisst kven som var fotografen.

Torjusen, Erik H ., Egersund: Hadde fotoatelier i Egersund. Fotograferte landskap i Egersund og Dalane i 1890-åra og seinare. Fleire av bileta vart produserte som postkort av lokale bokhandlarar i byen. Sjå til dømes Sven Larsen.

Wiig, Henrik , Sandnes: Atelierfotograf på Sandnes. Leverte lokale landskapsbilete til nasjonale postkortforlag etter 1905. Eit kort med trykk på framsida: Time Station, Jæderen, og på baksida: Fotograf H. Wiig, Sandnæs, vart til dømes opphavleg produsert av Peter Alstrup Kunstforlag (sjå tekstboks 14).

-Aadnesen, Emelankton, Nærbø: Opna butikk på Nærbø 1923. Selde mellom anna kamera og film. Fotograferte i heile noverande Hå kommune frå slutten av 1920-åra og produserte postkort for sal i butikken sin.

Tekstboks 12:

Fotografar og postkortprodusentar i Vest-Agder som fotograferte i Rogaland

Hangaard, O.: Flekkefjord og Kristiansand: Budde i Flekkefjord i 1890-åra og til før 1908 og i Kristiansand-området frå om lag 1911. Oppdragsfotograf for forsvaret, mellom anna på Gimlemoen og på Evjemoen, og oppdragsfotograf for lokale postkortprodusentar i Dalane. Fotograferte til dømes opningstoget på Flekkefjordbanen 31. okt. 1904 ved Heskestad stasjon til lokalt postkort.

-Haugland, G. M., Kristiansand: Produserte postkort, også med motiv frå Dalane i 1920-åra

Løyland, John O., Valle i Setesdal: Produserte postkort, også med motiv frå Dalane i 1930-åra og seinare.

Sørå, P. J., Rørvik i Vikna, Nord-Trøndelag: Peder Sørå var reisande skule- og oppdragsfotograf i heile Rogaland, i 1920, tidleg i 1920-åra , i 1925 og tidleg i 1930-åra. Produserte fotografia i postkort-format. Korta har blindstempelet: » P. J. Sørå, Rørvik».

Tekstboks 13:

Fotografar og postkortprodusentar i Hordaland med motiv frå Rogaland

Knudsen, Knud, Bergen: Firmaet Knud Knudsen & Co, seinare Atelier Knud Knudsen, Bergen vart grunnlagt av fotograf Knud Knudsen i 1864. Firmaet var ein stor postkortprodusent frå ca. 1900-1940. Knudsen var ein av, eller den aller første som fotograferte og produserte postkort frå Turistrute 7: Frå Røldal, Bratlandsdalen, Suldal og til Sand. Eitt av desse korta er merka 1138 Bratlandsdalen Atelier K. K. Knudsen.

Røvde, Andreas Elias, Rosendal i Kvinnherad. Skreiv seg A. E. Røvde og sidan A. E. Rowde. Dette var Andreas Elias Rowde (1872-1959) som hadde fotoatlier/forretning i Nordfjordeid (1890-åra), i Bergen (1901-1909) og i Rosendal i åra 1909-1959. Postkort med motiv frå Hordaland og Nord-Rogaland frå åra etter 1909, er merka Røvde.

Svanøe, Olaf Andreas, Bergen: Etablerte fotografisk forretning tidleg i 1890-åra, firmaet O. Svanøe, Bergen. Eldre kort merka Eneret O. S. og med motiv frå Turistrute 7, Bratlandsdalen- Suldal, kjem truleg frå Svanøe, ikkje frå O. Straabø i Suldal (sjå tekstboks 11). Svanøe produserte fleire tidlege kort med motiv frå Bratlandsdalen. Nokre har bruntone. Alle er i lystrykk. Eitt av dei eldste korta er merka Hotel Brotlandsdal Nes Floten på biletsida og Eneret O. S. på addressesida.

Tekstboks 14:

Postkortprodusentar i Oslo og nasjonale kunstforlag med motiv frå Rogaland

Abel, Hans H., Kristiania/Oslo: Hans H. Abel (1830-1903) grunnla Kunstforlaget H. Abel, Christiania i 1864. Forlaget produserte mange typar illustrerte postkort frå 1890-åra til om lag 1975. Var frå om lag 1900 eit av dei største forlaga når det galdt både fotografiske og kunstnarteikna postkort. Ein del av forlagsrettane vart selde til Oppi Kunstforlag i 1919. To av dei eldste korta frå Stavanger og Jæren er eitt av interiøret i Stavanger Domkirke med desse trykte opplysningane: Eneberettiged 1903. H. Abel, Christiania No 216 og eitt med fotografi frå Obrestad fyr i Nærbø, teke av Anders B. Wilse under besøket hans der 22. juli 1902.

Alstrup, Peter, Kristiania: Kunstforlag i København. Avdeling i Kristiania frå 1899 eller 1901. Produserte fotografiske turistkort frå heile landet, særleg frå byane. Firmaet gjekk konkurs i 1907 og selde då varelager og opphavsrettar til Oppi Kunstforlag. Det finst fleire tidlege kort frå Stavanger, mellom anna med fotografi frå Anders B. Wilse sitt besøk i byen sommaren 1902. Denne type Alstrup-kort frå Stavanger er merka Eneberettiged 1903. Wilse, Kra. Det finst også kort frå Stavanger merka A/S Peter Alstrups Kunstforlag, Kristiania. Eneberettiged 1906.

Aune, Knut, Trondheim: Etablerte Aune Kunstforlag A/S 1949. Aune og Normann «delte» landet mellom seg når dei reiste rundt for å fotografera til postkort-, kalender og biletbokproduksjon. Aune reiste nord for, og Normann sør for Trondheim. Aune er ein av dei store postkortprodusentane i dag og produserer no fotografiske postkort med motiv frå heile landet. Det finst postkort frå mange kommunar i Rogaland frå 1970-åra og framover.

Berg & Høeg, Kunstforlag A/S, Kristiania/Oslo: Etablert 1903. Eksisterte til om lag 1940. Gav ut både fotografiske og teikna kort merka Berg & Høeg, Kristiania. Også kort frå Stavanger frå etter 1905. Fotografane Bolette Berg og Marie Høeg stod bak forlaget. Dei hadde først firma i Finland og i Horten 1895-1903. Sjå utstillingskatalogen Marie Høeg – kvinneaktivist, organisator og fotograf (Norsk Museum for fotografi – Preus fotomuseum 1996).

Erichsen, C. A., Kristiania/Oslo: Fotograf med postkortproduksjon, truleg frå om lag 1908 til 1925. Kjell Skorgevik (1985, s. 133) skriv om han at firmaet C. A. Erichsen, Kristiania hadde ein omfattande produksjon av postkort med motiv frå Sør- og Vestlandskysten mellom Kristiansand og Romsdalen, særleg frå bymiljø, «…fra hvert større sted synes det å ha vært utgitt en rekke kort med egen nummerering for hvert sted. I Ålesund har fotografen vært omkring 1912. Det eksisterer ved Aalesunds Museum en rekke meget gode bruntonede glansede prospektkort fra Ålesund der det høyeste registrerte nummer er 34. Ikke bare fotograferingen, men også produksjonen av korta holder en meget høy kvalitet …». Skorgevik skriv vidare at det ser ut for at C. A. Erichsen også har gjeve ut ein serie med Noregs-prospekt med ulike motiv (fiskeri og naturbilete). Det høgaste nummeret i denne serien han har registrert, er nr. 1591, Midnatsol. I Rogaland produserte Erichsen mellom anna postkort av Suldalsporten. Desse er merka: Eneberettiget C. A. Erichsen, Storgt. 1.

-Gran, S., Kristiania/Oslo: Firmaet S. Grans Kortforlag produserte helst postkort frå Oslo-området og frå kjende turiststader i landet.

Hansen, Henry, Kristiania: Hansen hadde atelier i Haugesund 1885-1887, firmaet N. Henriksens Efterf., som Nils Henriksen hadde starta i 1874. Han flytte til Oslo, hadde atelier/fotografisk forretning der i åra 1889 til etter 1906 og var då postkortprodusent. Dei til no kjende korta frå Rogaland kan daterast til etter 1900. Dette er postkort frå Egersund, Forsand og frå Suldal. To postkort frå Suldal frå før 1910 er merka 1358 Eneret H. Hansen og 1360 Eneret H. Hansen.

Harstad, Knut, Oslo: Harstad grunnla firmaet 1925 under namnet Oslo Prospektkortfabrikk. Han vart ein av dei store produsentane av fotografiske postkort, særleg i perioden 1935-1960, før fargekorta tok over marknaden. Korta er vanlegvis merka K. Harstad, Oslo eller Harstad Kunstforlag, Oslo. Knut Harstad var også ein pioner innan flyfotografering. I 1929 tok firmaet til med flyfotografering av norske kystbyar til postkortproduksjon. Dei første korta er merka Flyfoto, seinare K. Harstad.

-J. H. Kuhenholdt Kunstforlag A/S, Kristiania/Oslo: Forlaget grunnlagt 1886 i Kristiania. Stor postkortprodusent frå etter 1905 og fram til om lag 1960(?). Fotografar frå firmaet besøkte fleire stader langs Vestlandskysten der kystruta hadde stoppestader. Kjell Skorgevik (1985, s. 137) fortel at firmaet gav ut ei rekkje postkort med motiv frå bygater i Ålesund. Desse postkorta er nummererte fortløpande. Ut frå nummersystemet kan Skorgevik sjå at fotografar frå firmaet besøkte Ålesund minst tre gonger i 1920-åra. Frå Rogaland finst det postkort frå Egersund (eitt av dei merka Egersund, Skolen. Eneret: J. H. Kuenholdt A/S. Kr.a. No 2262 og nummererte kort frå Stavanger frå tidleg på 1900-talet og frå etter 1930.

Mittet kortforlag og Mittet & Co Kunstforlag, Kristiania/Oslo: Grunnlagt 1899. Vart truleg den største postkortprodusenten i Noreg rett etter 1900. Både Mittet og Peter Alstrup produserte tidlege turistseriar (frå ca. 1901-1903), fotografiske seriar med kjende typiske turistmotiv, både lystrykk-kopierte kort og sidan fotografiske kort. Seinare produserte Mittet mellom anna den såkalla «sepiaserien», postkort med ekte fotografi i sepiabrune tonar. Mittet og C. A. Erichsen sine «sepiaseriar» skriv seg frå perioden 1907-1912. Mittet publiserte også mange biletbøker i stort format, eller Norgesalbumar som dei vart kalla. Wilse var ein av hovudfotografane til Mittet. Mittet produserte svært mange postkort med motiv frå Rogaland, særleg frå Stavanger. Forlaget produserte også postkortserien Fra Jæderen for bokhandlar Johs. Floor i Stavanger.

Norsk Kunstforlag, Kristiania/Oslo: Fotograf Væring stifta Norsk Kunstforlag kring 1905. Fleire av fotografia til Anders B. Wilse frå dei første turane hans i Rogaland vart produserte som postkort av dette forlaget.

Normanns Kunstforlag a/s: Grunnlagt 1906 av Carl Normann. Forlaget Har/har hatt kontor i både Oslo, Trondheim og Bærum. Dette forlaget var og er ein av dei aller største utgjevarane av fotografiske kort. Firmaet voks særleg i 1920-åra. Det finst fleire postkort frå Stavanger frå åra før 1910. Normann fotograferte på Jæren kring 1930, mellom anna frå badesanatoriet på Nærland, Opstad Tvangsarbeidsanstalt, Garborgheimen og frå jærestrendene. Forlaget gav mellom anna ut ei lita biletmappe med jærmotiv og produserte også dei same bileta som postkort.

Norsk Lystryk & Reprod.anstalt: Firma som produserte lystrykk-kort for lokale utgjevarar. Eitt døme frå Rogaland er kortet frå Saude Turisthotel, produsert til opninga våren 1914, merka Norsk Lystryk & Reprod.anstalt.

A/S Norønnafly, Oslo: Dette flyfotoselskapet gav ut postkort med motiv frå bygder og byar i landet, også i Rogaland, i 1950- åra og seinare. Alle negativ frå før 1963 er kasserte.

Oppi kortforlag, Kristiania/Oslo. Firmaet heitte eigenleg Eberh. B. Oppi Kunstforlag. Det opphavlege namnet var truleg Nordisk Kortforlag. Firmaet dreiv mellom anna postkortproduksjon. Postkorta har ofte (alltid?) firmalogo nedst i venstre hjørnet på postkorta: Eneret PPI og produksjonsnummer under logoen. Firmaet produserte mange kort frå byar og bygder i Rogaland, særleg frå Stavanger, ca. 1900-1950.

Skarbø, O., Oslo: Reisefotograf og postkortfotograf. Vart tilsett som disponent i firmaet Stavanger forenede fotografer frå om lag 1908 (sjå tekstboks 11). Fotograferte seinare med utgangspunkt i Stavanger fram til om lag 1921. Reiste også som postkortfotograf i Møre og Romsdal og fleire andre stader i denne perioden. Kort frå Rogaland frå 1920- eller 1930-åra er merka: Enerett O. Skarbø, Oslo.

Skarpmoen, Oslo: Postkortfotorgaf i 1920-åra og seinare. Truleg få postkort frå Rogaland, men fotograferte hotella i Saudasjøen og på Sola til postkort tidleg i 1920-åra. Kortet frå Sola er merka: Stavanger. Solastrandens Nordsjøbad. Eneret Foto Skarpmoen. Gyldendal forlag har arkivet hans.

Widerøe Flyveselskap A/S, seinare Fjellanger-Widerøe, Oslo: Fotograferte norske byar og bygder frå lufta og produserte postkort frå om lag 1936 og fram til dags dato. Finst slike kort frå alle kommunar i Rogaland.

Wilse, Anders B., Kristiania/Oslo: Fotograf og postkortfotograf frå etter 1900. Dei to kunst- og kortforlaga Mittet og H. Abel produserte mange av fotografia hans som postkort. Dei eldste fotografia frå Rogaland som kom på postkort, vart tekne i 1902 og 1907(?). Dette var fotografi frå Obrestad fyr og frå Jæren elles, og fotografi frå hamna i Stavanger med polarskuta «Fram», hausten 1902 eller 1907. Dette siste kortet er merka Stavanger Torv og «Fram». Eneberettiged 1908. Wilse. Wilse publiserte også biletalbumar frå dei to synfaringane i Rogaland og grannefylka i 1918 og 1919 (sjå tekstboks 10).

-Worm-Petersen, Severin, Kristiania/Oslo: Fotograf med atelier 1877-1933. Produserte stereoskopi-seriar i 1890-åra, men uvisst om dei hadde motiv frå Rogaland. Var ekspert på framstilling av lysbilete. Hadde også eige kortforlag. Uvisst kor mange postkort han produserte med motiv frå Rogaland eller om han produserte lysbileteseriar med motiv frå fylket. Stavanger Museum avd. Stavanger Sjøfartsmuseum har ein serie på 44 glasdias og 17 fargedias med motiv frå arbeidet til Norsk Selskab for Skibbrudnes Redning i åra 1912-1933 (sjå samling 1985/92:1-61).