Stavanger Turistforening og lokale turfotografar

Stavanger Turistforening vart stifta i 1887. Denne foreininga har spela ei avgjerande rolle for framveksten, og seinare for utviklinga av det lokale landskapsfotografiet i Rogaland, ikkje berre høgfjells- og vinterbilete. Dette var både fotografi produserte av profesjonelle fotografar og fotografi som amatørar tok til privat bruk.

Reiseliv og turisme med Stavanger by som utgangspunkt var bakgrunnen for stiftinga av Stavanger Turistforening . Arbeid for framvekst av reiseliv og turisme var også føremålet bak stiftinga av den nasjonale foreininga, Norges Turistforening, i 1868. Konsul Thomas S. Falck var initiativtakar og den første formannen i Stavanger-foreininga. Sonen Hans L. Falck overtok som formann i 1890. I hans tid vart grunnen lagd for turistforeininga sitt virke dei seinare åra. Det viktigaste var å få utlendingane til å leggja turen om Stavanger, ikkje berre om Bergen. Etter kvart vart det like viktig at foreininga også skulle arbeida for å letta tilkomsten til dei lokale fjellområda for medlemmane eller lokale fotturistar. Etter at bilane kom, arbeidde turistforeininga særleg for utbetring av veg-, jernbane- og rutebåtnettet. Dette siste engasjementet vart særleg aktuelt etter den kraftige nedgangen i turisttrafikken frå utlandet med utbrotet av første verdskrigen i 1914.

Stavanger Turistforening vart stifta same året som opninga av Turistrute 7 – Suldal-Bratlandsdalen. Axel Lindahl var ein av dei første som fotograferte frå denne nyopna turistruta. Dermed viser dei eldste landskaps- og turistbileta frå Rogaland vegen gjennom Bratlandsdalen og øvre Suldal med Osen og Suldalsporten. I 1888, året etter, vart fotografia hans presenterte på ei stor næringslivsutstilling i København. Axel Lindahl samarbeidde nært med firmaet Rich Andword om publisering av landskapsprospekta. Richard Andword var sjølv ein ivrig medlem av Den norske Turistforening og såg tidleg kor viktige fotografia var i presentasjonen av Noreg som turistland.

I 1888 publiserte også Stavanger Turistforening den første presentasjonsalbumen Stavanger and Ryfylke Album, trykt hjå P. T. Dreyer, Stavanger. Albumen hadde 6 originalbilete på kartong (format 13,8 x 19 cm). Fotografen var Jan Greve & co. Bileta hadde norsk, engelsk og tysk tekst. Dei vel 50 eksemplara av heftet vart sende til reisebyrå og dampskipsselskap i inn- og utland. Teksten greidde ut om Turistrute 7 med utgangspunkt i båtturen frå Stavanger til Sand. Seinare gav turistforeininga ut fleire illustrerte brosjyrar og hefte frå aktuelle reise- og turistmål i fylket.

Stavanger Turistforening engasjerte seg også indirekte i reisinga av fleire av dei eldste turisthotella i fylket og i den første norske turistutstillinga som vart arrangert i Stavanger i 1890. Dette store arrangementet skjedde i samband med opninga av Englandsruta, dampskipsruta mellom Stavanger og England. I 1906 hjelpte Stavanger Turistforening til med å få publisert biletboka Western Norway (Dreyer Forlag), og i 1910 gav foreininga ut tre rikt illustrerte hefte, mellom anna eit bilethefte om Stavanger i lommeformat.

Fotografi med landskapsmotiv spela ei avgjerande rolle for turistforeninga si marknadsføring av distriktet i åra etter 1887. Dei første åra dominerte turistprospekta, særleg frå Turistrute 7. Nasjonale fotografar som Axel Lindahl, leverte bidrag. I seinare år engasjerte turistforeininga fleire gonger Anders B. Wilse som oppdragsfotograf når noko skulle marknadsførast i nasjonal samanheng. Døme her er dei to synfaringane Wilse var med på i 1918 og 1919 i samband med foreininga sitt engasjement for utbetring av veg- og jernbanenettet mellom Kristiania og Stavanger (sjå tekstboks 10).

Ser vi bort frå dei aller første turistfotografia og Wilse sine bidrag, kan vi seia at fem typar landskapsfotografi var resultat av arbeidet til Stavanger Turistforeining før 1960: Postkorta med motiv frå stader der foreininga arbeidde aktivt for oppretting av turistruter og hotell, fotografia til dei tilreisande turistane, foreiningsmedlemmane sine turfotografi, illustrasjonane i årboksartiklane frå 1928 og framover, og konkurransebileta som vart presenterte i årbøkene frå 1944 og seinare.

Lokalt vart dei første postkorta produserte for turistmarknaden, særleg selde i byane og på hotella i landdistriket. Dette var dei tre hotella på Nesflaten som opna 1881, 1889 og 1892, dei to på Suldalsosen frå same tida og dei to på Sand. Sauda Fjordhotell og Sola Strandhotell som opna 1914 og 1915, høyrer til ein yngre hotellgenerasjon, og postkorta desse selde, var først og fremst produserte med tanke på den norske marknaden. Årbøkene til Stavanger Turistforeining frå etter 1914 har lister over hotell, pensjonat og over private overnattingstilbod i fylket, ordna kommunevis. På dei aller fleste av desse overnattingsstadene kunne dei reisande kjøpa postkort med lokale motiv.

Fleire av styremedlemmane fotograferte til denne postkortproduksjonen i åra etter 1914, men det går ikkje direkte fram av årsmeldingane at foreininga sjølv produserte korta. To av dei mest aktive postkortprodusentane var bokhandlarane Ingvald Dahle på Sandnes og Otto Floor i Stavanger . Båe fotograferte og produserte særleg mange kort med motiv frå jærstrendene (sjå teksboks 11). Floor fotograferte også hyttene til Stavanger Turistforening i snølandskap.

Med unntak av fotosamlinga etter familien Archer, finst det ikkje noko oversyn over fotografia til dei tilreisande turistane. Familien Archer høyrde som årvisse feriegjester på Sand, forsåvidt heller ikkje til denne gruppa. Turfotografia til medlemmane finst i mange private samlingar, og mange av dei er også trykte i Stavanger Turistforenings Årbok . Årsmeldingane til turistforeininga vart illustrert for første gong i 1910. Bidraga var frå tre medlemmar som alle var forretningsmenn i Stavanger; E. H. Holgersen, C. Middelthon og Otto Floor. Hensikten var å visa bilete frå «turistlivet».

Frå 1915 kom årsmeldinga i bokform. Illustrasjonane i dei første årbøkene vart henta frå styremedlemmane sine fotosamlingar. Desse viser hyttene til turistforeninga og landskap i fjellheimen der hyttene låg. Dei aller fleste av desse eldste turbileta er frå Suldals- og Sirdalsheiane. Fotografia til kjøpmann E. H. Holgersen frå påsketuren som gruppa Den gamle garde hadde til Haukeli i 1902, høyrer også til dei eldste vinter- og høgfjellsbileta frå Rogaland, like eins kjøpmann Peder Eeg sine fotografi frå Madlandsheia. Gunnar Nilssen sine fotografi frå Kvinen i Sirdal, påsken 1904, høyrer også med til denne gruppa.

Stavanger Turistforening sitt interesseområde fylgde ikkje fylkesgrensa. Stavanger-mennene i gruppa Den gamle garde vart truleg dei første lokale fotturistane i Rogaland. Det var særleg fotografia deira som vart brukte som reklamebilete for hytter og turløyper, både i årbøkene og i informasjonsmateriell elles.

Fotografia frå jærstrendene høyrer til andre-generasjonsturistbileta. Dei kom for fullt i årbøkene i 1920-åra. Med professor A. W. Brøgger sin artikkel Inn i Ryfylkes kultur i 1916 kom også det kulturhistoriske innslaget i årbøkene. Illustrasjonane i årbøkene viste etter kvart eit større mangfald. Dette gjeld særleg fotografia til årbøkene sine temartiklar frå 1928 og framover. Desse dokumenterer mange landskapstypar, særleg ulike typar kulturlandskap og bygningsmiljø i fylket. Med tema-årbøkene ville Stavanger Turistforening presentera ein «… rikt illustrert beskrivelse av alle Rogalands bygder og byar». Otto Floor leverte særleg mange fotografiske bidrag til desse årbøkene. Denne presentasjonen av alle regionane/kommunane i fylket (1928-1937, seinare enkelt-tema) førte til at langt fleire leverte bilete til årbøkene enn tidlegare. Fotografar som leverte bilete til årbøkene i 1920-åra og seinare, var mellom anna hanskemakar Oscar S. Olsen, kjemigraf/sportshandlar Gunnar Wareberg og tidlegare atelierfotograf

J. Nyman Figved frå Stavanger, redaktør/disponent Bjarne Gullicksen frå Egersund/Sandnes og lærar Johs. Giil, den lokale foreiningskontakten i Hjelmeland.

Frå 1943 gav styret pengepremiar til dei tre beste bileta som vart brukte i årboka, og frå 1944 hadde turistforeininga årlege fotokonkurransar for å skaffa gode illustrasjonar til årbøkene. Det kom inn 188 bilete frå 32 fotografar første året, og til årboka 1946 heile 425 bilete. Denne konkurransen var svært populær til langt ut i 1950-åra, og han fekk mykje å seia for fotoklubbane i fylket (sjå kap. 3.10 nedanom). Årboka vart ein viktig arena for presentasjon av arbeida deira. Årbøkene var dermed med på å dokumentera utviklinga innan landskapsfotografiet frå eit dokumentasjonsprega fotografi til landskapsfotografiet som kunstfotografi eller «stemningsbilete» (sjå nedanom kap. 3.10).

Etter presentasjonane av fotografi å døma, var det særleg medlemmar av fotoklubbane i Stavanger (stifta 1944), Sandnes (stifta 1945) og Bryne (stifta 1952) som leverte konkurransebilete. Også andre fotografgrupper leverte bilete til konkurransen og til tema-artiklane, både profesjonelle fotografar, avisfotografar og fagfolk ved musea i fylket, særleg konservatorane ved Stavanger Museum.

Det er ikkje ikkje kjent kor mykje som er bevart privat av negativ- og positivmateriale etter illustrasjonane i turistforeininga sine publikasjonar og årbøker frå før 1960. Flesteparten av dei som bidrog med illustrasjonar, var ikkje profesjonelle fotografar. Men dei hadde, eller utvikla ei sterk interesse for fotografering. Fleire av dei mest kjende lokale bok- og papirhandlarane i Stavanger og Sandnes var aktive medlemmar av foreininga. Dei fylgde med i og skaffa det siste nye når det galdt kamera og negativutstyr til butikkane sine. Det er grunn til å tru at i alle fall dei aktive turmedlemmane i foreininga tidleg tok i bruk moderne utstyr, som Kodak handkamera og rullfim i celloloid (sjå nedanom). Fotokonkurransen i årbøkene frå 1944 og framover skjerpa også kravet til kvalitetsbilete. I 1948 presenterte årboka det første fargebiletet. Gunnar Wareberg var fotografen. I 1951 hadde avisfotografen Harald Sem det andre fargebiletet i årboka.

Av fotomaterialet etter Den gamle garde og resten av første-generasjonsmedlemmane er det berre bevart to positivsamlingar ved bevaringsinstitusjonane: Den delen av positivmaterialet etter kjøpmann Peder Eeg som omfattar såkalla «turistbilete», utgjer heile 690 nr. og finst ved Stavanger byarkiv. Statsarkivet i Stavanger tek vare på ein fotoalbum etter Hans L. Falck.

Bokhandlar Otto Floor som var styremedlem i åra 1912-1925 og formann i åra 1925-1937, arbeidde særleg med årboka, og det var han som sette ideen om temanummer for heile Rogaland (tiårs-serien 1928-1937) ut i livet. Floor døydde i 1942. Årsmeldinga for 1943 opplyser at Marie Floor gav Stavanger Turistforening negativarkivet etter ektemannen, og at denne gåva etter styret si meining, ville danna den første grunnstammen i foreininga sitt fotoarkiv. Negativarkivet vart deponert ved Statsarkivet i Stavanger i 1981 saman med positivmaterialet frå arbeidet til Floor med årbøkene og den eldste delen av foreiningsarkivet elles (fotodelen utgjer 2 230 nr). Fleire av turistforeiningsmedlemmene er representerte i positivmaterialet. Ein stor del av desse fotografia har vore publiserte i årboka.

Statsarkivet i Stavanger tek også vare på arkivet etter Gunnar Wareberg. Dette er både positiv- og negativmateriale, hovudsakleg frå tida etter 1950. Familiane etter aktive medlemmar som Ingvald Dahle, Bjarne Gullicksen og Oscar S. Olsen, tek sjølv vare på materialet etter desse dyktige amatørfotografane. Det er også grunn til å tru at ein stor del av fotomaterialet etter dei første medlemmane av dei mange lokale fotoklubbane er bevart privat. Eitt unntak er arkivet etter den profesjonelle fotografen Olaf A. Ellingsen i Stavanger. Han var med på å stifta Stavanger fotoklubb i 1944 (sjå kap. 3.10 nedanom). Heile arkivet hans er bevart ved Statsarkivet i Stavanger.