Portrett, familie- og gardsbilete

Portrett og familiebilete tekne ute (atelier eksteriør) er dei eldste. Dei fleste bileta fotografane tok lokalt hjå kunden høyrer til denne motivgruppa. Både fotografane og kundane var interessert i denne type bilete. Kundane trengde ikkje reisa til fotograf i byen, og både atelierfotografar og bygdefotografar hadde ei inntektskjelde frå denne type oppdragsfotografering. Typisk for desse eldste lokale portretta og familiebileta, er at fotografen gjerne arrangerte eit slags atelier utandørs ved hjelp av teppe på bakken, stol og bord, og teppe på husveggen, bak dei som skulle fotograferast.

Portrettfotografering vart ein av dei store motane i landet etter 1862 (sjå kap. 3.2). Dette førte mellom anna til at svært mange prøvde seg som fotografar i byane i 1870-åra og utover. Men atelierfotografering var nok til sine tider eit heller utrygt levebrød. På 1800-talet var det i alle fall stor mobilitet mellom fotografane. Fleire gjekk konkurs, særleg i 1880-åra som var eit vanskeleg tiår økonomisk. På den andre sida var svært mange fotografar innom Stavanger, Egersund og Haugesund i kortare periodar desse åra. Marknaden var ikkje stor nok for alle.

Fleire byfotografar drog derfor ut på bygdene sommarstid med hest, tog eller båt. Det galdt om å sikra levebrødet ved å oppsøkja kundane. Fotograf Rasmus P. Thu vart ein slik reisefotograf etter at han kom heim frå USA, både første gongen i 1889 og etter seinare USA-opphald. Studiar av fotografitypar (motiv, fotopapir og kartongtypar) viser kor Thu var aktiv. Dette gjeld og for andre, etablerte fotografar som vart reisefotografar i sommarsesongen. Fotografane bak firmaet Greve & Norland i Stavanger reiste på Jæren og i Ryfylke i 1890-åra. E. H. Torjusen i Egersund annonserte fleire gonger i 1890-åra at han skulle opphalda seg ein dag eller to i Sokndal, slik at folk kunne fotografera seg lokalt. Så langt vi kan sjå av private fotosamlingar i Sokndal, tok både Torjusen og fotograf Hangaard i Flekkefjord typiske atelier-eksteriørbilete i denne kommunen på slutten av 1800-talet. Når heile det bevarte negativarkivet etter fotograf Torjusen vert tilgjengeleg, kan dette dokumentera kor omfattande denne delen av fotografverksemda hans var. At Torjusen tok landskapsbilete i fleire kommunar i Dalane i 1890-åra, viser i alle fall at han oppheldt seg i desse kommunane fleire gonger. Då er det også grunn til å tru at han fungerte som bestillingsfotograf for portrett- og familiefotografering.

Lund kommune hadde to bygdefotografar i 1880- og 1890-åra. Asseline Andreasdotter Nysted fotograferte frå om lag 1880 og framover. Simon B. Kjæreng flytte frå Evje til Lund i 1896 eller 1897 og var fotograf der til han døydde 1902. Anlegget av Flekkefjordbanen (1895-1904) var nok ein viktig grunn til at Kjæreng flytte dit. Dei mange anleggsarbeidarane var truleg ei god kundegruppe. I Bjerkreim kommune hadde lærar Villads Sagland ein omfattande produksjon som bygdefotograf frå om lag 1895-1915. Tilsvarande lokal fotografdekking som i Dalane finst også i dei andre regionane i fylket frå 1890-åra og framover.

Etter 1900, og særleg etter unionsoppløysninga i 1905, auka omfanget av privat bestillingsfotografering. Det var truleg samanheng mellom den veksande marknaden for postkort med lokale motiv og omfanget av gards- og familiebilete. Etter 1900 reiste både fotografane J. W. Øgænd og H. Wiig rundt på Jæren, på same tida som John Kjølvik og Rasmus P. Thu. Det bevarte materialet viser at produksjonen av postkort og av gards- og familiebilete etter 1905 var svært omfattande. Fotografane kombinerte nok dei to oppdragstypane (topografiske motiv til postkort og familiebilete) når dei reiste kringom på landsbygda . Motivmessig er dessse fotografia også like. Fotografane stilte opp familiane og ofte dei viktigaste husdyra framfor bygningane på garden. Desse familie- og gardsbileta fortel både om landskap, bygningsmiljø og om menneska i lokalmiljøet. Motivmessig er postkorta ikkje så ulike. Dei viser også landskap og bygningsmiljø, men manglar menneska.

Fotografane hadde også ei tredje inntekskjelde; reprofotografering og forstørringar av eldre portrett og andre fotografitypar. Fleire Stavanger-fotografar hadde nemleg såkalla bromid-forretningar der dei tok i mot slike oppdrag både frå private og reklameoppdrag frå næringslivet. Når dei reiste kringom på bygdene, tok dei ofte med seg eldre portrett til Stavanger for retusjering og forstørring. Fleire spesialiserte seg på å fotografera saman og forstørra to eller fleire eldre atelierprotrett til nye, store portrett eller familiefotografi som skulle pryda lokale stovevegger. Tidleg på 1900-talet vart slike reproduserte fotografi i forseggjorte rammer ein ny mote.

Men den sterkt veksande marknaden for desse nye fotografiprodukta, hadde ei bakside. Fleire useriøse og framande «fotografar» oppsøkte folk på bygdene for å ta opp bestillingar.

Som ein motpol mot denne trafikken, etablerte Stavanger-fotografane sitt eige reisefirma i 1907. Firmaet Stavanger Forende fotografer ville sjølv senda «autoriserte» fotografar kringom på bygdene.

Etter 1910 vart ein ny type familiebilete moderne. No vart familiane fotograferte inne, som oftast rundt bordet i bestestova. Desse nye interiørbileta var resultat av at fotografane fekk «lynlys», eller blitz. Så langt vi har kjennskap til denne type familiebilete, var særleg fotograf Ramsus P. Thu produktiv på dette området. Det undersøkte materialet etter Thu viser at han både tok «bestestovebilete» og bilete av skuleklassar når han reiste rundt i bygdene i fylket mellom 1910 og 1920.

Ei svært lita motivgruppe frå åra etter 1905 er dei såkalla post mortem-bileta og bilete frå gravferder. Fleire av reisefotografane frå Stavanger vart tilkalla for å fotografera frå gravferder, men det var naturleg nok særleg lokale bygdefotografar som fekk slike oppdrag. Det bevarte negativmaterialet etter Torbørn T. Nessa i Nedstrand inneheld til dømes fleire post mortem– og gravferdsbilete. Det bevarte negativmaterialet etter marinemålaren Lauritz Haaland på Kvitsøy inneheld fleire post mortem-bilete av barn. Dette var nok bestillingsbilete.

Utover i 1920-åra tilbaud fotografane ein ny type bestillingsbilete. Dei fotograferte inne under private selskap, i første omgang særleg i bryllaup. Fotografia vart leverte i kabinett- eller postkortformat, eller i vanleg format (6 x 9 cm), gjerne innkleba i albumar. Fleire, både atelierfotografar og dyktige amatørfotografar, spesialiserte seg på denne type bestillingsbilete. Dette førte i fleire tilfelle til konkurranse om kundane, men ikkje til ei nyetablering av det for lengst avvikla firmaet Stavanger forenede fotografer. I Egersund tok til dømes Elling K. Ellingsen og til ein viss grad også sonen Gjert Ellingsen mange slike oppdrag, både i byen og elles i Dalane. Elling K. Ellingsen dreiv med oppdragsfotografering frå 1922 til om lag 1945 og sonen frå 1930-åra og framover.

Passfoto til grensebuarbevisa under andre verdskrigen vart ein ny fotografitype og eit viktig tilbod frå både atelierfotografar, fotografiske forretningar og bygdefotografar. I Egersund annonserte Elling K. Ellingsen at han også tok passbilete. I Lund kommune fotograferte Osmund Nilsen til grensebuarbevisa, og på Sandnes fotograf Ludvig I. Ludvigsen i det vesle atelieret bak fotobutikken sin. I landkommunane var det helst bygdefotografar eller dyktige amatørfotografar som leverte slik passbilete. Som motivgruppe er fotografia til grensebuarbevisa verdfulle. Dei er dei første portrettfotografia som dokumenterer enkeltpersonar i kvardagen, utan pynteeffektar av noko slag.