3.8. Dei første fotografane med offentlege oppdrag

Dette delkapitlet presenterer ulike typar dokumentasjonsfotografering for offentlege organ og fotografi som vitskapleg dokumentasjonsmateriale. Føremålet er å visa eksempel på eldre fotomateriale frå Rogaland i nasjonale institusjonar og fotomateriale produsert for offentlege oppdragsgjevarar i Rogaland. Men rapporten nemner berre dei eldste fotografigruppene innan desse områda. Det finst nemleg ikkje noko samla oversyn enno over fotografisk materiale i offentlege arkiv eller i vitskaplege institusjonar, korkje nasjonalt eller i Rogaland. Derfor er dette materialet i praksis lite tilgjengeleg.

Det er grunn til å tru at det finst mange eldre fotografi frå Rogaland, ikkje minst i dei ulike departementsarkiva, særleg under temaområde som forsvar, rettsvesen, fengselsvesen, hamnevesen og samferdsel. Det same gjeld for arkiva til universiteta og andre nasjonale forskings-og faginstitusjonar som Riksantikvaren, Najonalbiblioteket, Norsk Folkemuseum, Norsk Jernbanemuseum og Norsk Teknisk Museum. Nokre ganske få institusjonar presenterer alt fotomaterialet sitt på internett.

Dei første dokumentasjonsfotografia vart bestilte av statlege institusjonar i 1860-åra. Desse høyrer i dag til dei respektive offentlege arkiva. Frå ca. år 1900 og framover har fotografiet vore eit viktig dokumentasjonsmedium innafor fleire vitskaps- og forskingområde, også i spesialvariantar som bruk av røngten- og mikrofotografering innafor kartografi, miljøkontroll eller til militær overvaking. Denne kategorien fotografi, såkalla «anvendt fotografi» (Erlandsen, R. 2000, s. 248-) finst vanlegvis hjå den etaten eller institusjonen som bestilte fotografia, eller ved den forskingsinstitusjonen som brukte dei. Fleire slike fotografiseriar har likevel hamna hos lokale eller nasjonale museum eller hos private.

Dei mest vanlege av dei eldste fotografia i denne gruppa høyrer tematisk til landskapsfotografiet og utgjer gjerne store einstypeseriar. Men fangefotografering ved Botsfengselet for politiet i Kristiania er den eldste, kjende offentlege bruken av fotografi i Noreg. Politiet leigde eigen fotograf til dette arbeidet. Dei første, kjende opptaka kan datertast til 1866.

I 1860-åra innreia Norges Geografiske Oppmåling (no Statens Kartverk) atelier og tilsette eigen fotograf som den første offentlege etaten. Det er ikkje kjent kor omfattande fotomaterialet frå Rogaland er i arkivet etter Norges Geografiske Oppmåling. Landmålarar frå Norges Geografiske Oppmåling dreiv mellom anna tidleg med vardemerking i Ryfylkeheia og dokumentasjonsfotograferte desse.

I 1880-åra vart fotografiteknikken for alvor teken i bruk av statlege etatar og institusjonar til dokumentering av offentlege arbeid og innan forsvaret. Statleg byggjeverksemd i distrikta er til dømes dokumentert i dei respektive departementsarkiva. Det store fotomaterialet i arkiva til Kystverket og Havnedirektoratet i Riksarkivet skriv seg frå ca. 1880 og framover og har fotografi frå heile norskekysten. Frå Rogaland finst det mellom anna fotografi og teikningar av fyranlegga langs kysten og av dei offentlege hamneanlegga. Fotografia frå hamneanlegget i Skudeneshavn går til dømes tilbake til 1902. I Rogalands-samanheng kan vi også nemna anlegget av Opstad Tvangsarbeidshus i åra mellom 1907 og 1915. Justisdepartementet sitt arkiv inneheld fleire fotografi frå Opstad og grannegardane frå desse åra.

Det norske forsvaret sine arkiv inneheld eit omfattande fotomateriale. Etter avlevering til offentlege arkivinstitusjon vert dette oppbevart samla i Riksarkivet. Riksarkivet har til dømes eit omfattande fotomateriale frå andre verdskrigen, mellom anna i Reichkommisariats Bildarchiv, i privatarkivet etter Nasjonal Samling og i privatarkivet til NTB (krigsarkivet). Riksarkivet har også store fotosamlingar i mange andre privatarkiv med nasjonal proveniens.

I Storbritannia var geologi det første forskingsområdet som vart dokumentert fotografisk. Ved sida av Norges Geografiske Oppmåling var Norges Geologiske Undersøkelse tidleg ute med dokumentasjonsfotografering, også i Noreg. Dei eldste, kjende fotografia frå Rogaland ved denne institusjonen går tilbake til 1890-åra.

Mange nasjonale forskarar fotograferte også på privat initiativ når dei var på

oppdragsreiser. Ein av dei første som fotograferte under slike reiser, var Robert Collett (1842-1913). Som professor i zoologi var han minst to gonger på forskingsreiser i Rogaland (1899 eller 1900 og 1903). Det er bevart om lag 600 glasnegativ etter han frå dei siste tiåra av 1800-talet og framover.

Medarbeidarane ved Meteorologisk Instiutt i Oslo eller medarbeidarar i distrikta, fotograferte lokale verstasjonar. I Rogaland finst det slike fotografi frå før 1910. I arkivet etter Institutt for samanliknande kulturforsking finst til dømes konservator Marta Hoffmann sine foto frå feltarbeid i Hamrabø i Suldal i 1946. Tilsvarande foto frå feltarbeidet hennar i Austrumdal i Bjerkreim i 1942 og 1943 finst ved Norsk Folkemuseum. Institutt for folkelivsgransking har også eldre fotografisk materiale frå lokale forskingsoppdrag.

Den eldste delen av det topografisk ordna saksarkivet hjå Riksantikvaren høyrer proveniensmessig til arkivet til Foreningen til norske Fortidsmindesmerkers Bevaring (Fortidsminnesforeningen). Der finst det fotomateriale som går tilbake til 1858 for Rogaland sin del. Dette er to fotografi frå Utstein Kloster som arkitekt C. Fredrik von der Lippe tok då han målte opp klostermurane etter oppdrag frå Fortidsminnesforeningen sommaren 1858. Dei eldste fotografia frå Stavanger i saksarkivet er to frå Stavanger Domkirke før restaureringsarbeida tok til etter 1866.

Den første tilreisande fotografen som fotograferte bygningsmiljø i Rogaland på ein systematisk måte for Fortidsminnesforeningen, var Kristiania-fotografen T. Christensen Thomhaw. Thomhaw fotograferte i Rogaland i 1900 og 1907 eller 1908. Oppdraget hans var å fotografera kyrkjer i Noreg. Negativarkivet finst no i Riksantikvaren sitt arkiv.

Fotomaterialet i arkiva ved nasjonale forskingsinstitusjonar og ved universiteta elles er i det heile lite kjent. Dette gjeld særleg det som finst av naturhistorisk fotodokumentasjon. Men universiteta ser det no som ei oppgåve å skaffa oversyn over denne type fotoarkiv. Dette skjer ved digitaliseringsprosjektet Elektroniske dører til universiteta sine kulturhistoriske samlingar.

Det finst lite eldre fotografisk materiale i arkiva etter statlege organ, kommunale organ og vitskaplege institusjonar i Rogaland. I eldre tid vart fotografisk materiale ofte sent saman med skriftlege dokument til det aktuelle departementsarkivet.

Så langt ein kan sjå av arkiva ved Statsarkivet i Stavanger, finst det fotografisk materiale frå før 1960 ved fem typar offentlege arkiv; rettsarkiv, politiarkiv, fengselsarkiv, i arkivet etter Vegsjefen i Rogaland og i arkivet til NSB, Stavanger distriktskontor. Politiet hadde behov for å dokumentera bevismateriale i rettssaker. Kriminalteknisk avdeling ved Stavanger Politikammer vart etablert i 1936. Alf Endsjø som bygde opp avdelinga, tok til med systematisk fotodokumentasjon. Saksmappene i rettsarkiva og i politiarkivet inneheld derfor positivar frå 1930-åra og framover. I arkiva til Vegsjefen i Rogaland og til Opstad Tvangsarbeidshus (no Åna kretsfengsel) finst det to negativseriar; hjå vegsjefen ein serie som viser brubygging i Rogaland kring 1910-1920, og i Opstad-arkivet fleire seriar med «fangefotografi» frå åra 1923-1965.

Av statlege organ i fylket er det NSB som har den mest systematiske og omfattande dokumentasjonen av verksemda si. NSB-arkivet frå distriktskontoret i Stavanger inneheld til dømes ca. 1 200 negativ med motiv frå jernbaneverksemd i sørfylket etter ca. 1900. Motivgruppene er stasjonsbygningar, tekniske anlegg, ulike typar vognmateriell og dokumentasjon av uhell og skadar på materiell og anlegg.

Telemuseet i Stavanger er regionmuseum for Rogaland teledistrikt. Rogaland teledistrikt omfattar dei tidlegare private telefonselskapa, rikstelefonen og telegrafverket. Arkiva er avleverte til Statsarkivet, men Telemuseet i Stavanger har bygt opp eit fotoarkiv omkring verksemda, hovudsakleg basert på fotografisk materiale frå tidlegare tilsette i Stavanger og Haugesund teledistrikt. Dette fotomaterialet har derfor ikkje direkte statleg proveniens .Stavanger kommune var tidleg oppteken av å bruka fotografi til dokumentasjonsarbeid i kommunen. Havnevesenet engasjerte til dømes fotograf Carl Kørner til fotografering av hamneområda i 1880-åra, i samband med utbygging av kaianlegga i byen. I 1899 gjorde formannskapet vedtak om å dokumentera bygningsmiljø i Stavanger som skulle regulerast bort eller rivast. Fotograf Jacobsen fekk oppdraget og la dermed grunnlaget for Formannskapets fotoarkiv, den kommunale fotosamlinga ved Byarkivet i Stavanger. Sidan vart oppdraga delt på fleire fotografar, mellom anna fotofirmaet Henrichsen & Co.

I Haugesund byarkiv og i kommunearkiva til Sandnes og Eigersund finst det så å seia ikkje eldre, sjølvprodusert fotomateriale. For landkommunane er tilstanden den same. Så langt vi kan sjå av kommunearkiva, finst det så å seia ikje sjølvprodusert fotografisk materiale frå før 1960. I praksis var det ofte slik at fotointeresserte privatpersonar tilknytta den kommunale administrasjonen eller faginstitusjonar elles, fotograferte for den respektive arbeidsgjevaren, eller på eige intiativ når dette var aktuelt. Dermed finst truleg det meste av denne type fotomateriale frå fylkeskommunale organ og frå kommunane i private fotosamlingar. Widerøe-flyfotografia og skule-elevfotografia vart som nemnt ovanom, ikkje produserte etter initiativ frå den enkelte kommunen, men for ei privat kjøpargruppe. Widerøe-selskapet sine vertikalfotograferingar til offentleg planarbeid høyrer for landkommunane til tida etter 1960.

Dei eldste delane av dokumentasjonsarkiva ved musea og ved NMS Arkiv er bygde opp omkring materialet til fotointeresserte medarbeidarar eller privatpersonar tilknytta musea eller Det norske misjonsselskap. Ein annan type offentleg fotomateriale er dokumentasjonsarkivet til Arkeologisk museum i Stavanger over eldre kulturminne og over kulturlandskapet i Rogaland. Dette arkivet er eit godt eksempel på eit fotoarkiv produsert av og for ein offentleg institusjon.