Oppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger

Oppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger sas_2006_07_1Oppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger sas_2006_07_2Statsarkivet i Stavanger presenterer ein serie oppdragsfotografi som Waldemar Eide tok for bedrifta Nordkronen as til 10-års jubileet i 1939. Bedriftsarkivet er omfattande og bevart like frå etableringa i 1928. Statsarkivet har fått materiale fram til 1996. Samvirkeselskapet Nordkronen vart skilt ut frå produksjonslaget Samhold for å starta opp med mølledrift i Stavanger. Drifta kom i gang i 1929 i store, nye produksjonslokale på Møllehaugen i austre bydel.

Dette bedriftsarkivet er ikkje minst interessant sidan det inneheld fleire seriar med oppdragsfotograferingar. Nordkronen engasjerte Erik N. Figved til å fotografera tomta før grunnarbeida starta i 1928. Fotografia til Waldemar Eide frå 1939 er den første større serien med interiørfotografi. Denne omfattar 14  signerte fotografi med formatet 16,5 x 23 cm, kleba på kartong. Tre av motiva er personalgrupper. Eitt av desse vart produsert i mange eksemplar og nytta som gåveeksemplar i spesialkonvolutt frå Waldemar Eide (sjå første fotografi nedanom). Dei andre er interiør frå laboratorium og frå lokale med ulike produksjonsprosessar.

Det er interessant å samanlikna serien til Waldemar Eide med seinare oppdragsfotografi av lokala og maskinparken. I dette bedriftsarkivet ligg det ei forskingsoppgåve og ventar for den som er interessert i oppdragsfotografi frå næringslivet, industrifotografi, og reklamefotografi. Kva ønskte til eksempel bedrifta å dokumentera når dei bestilte fotograf?

Her presenterer me eit lite utval av dei 14 fotografia til Waldemar Eide. Eide er kjend som kamerakunstnaren som var bevisst på bruken av lyset, mjuke konturar og perspektivet i motivet. Her gjekk han på tvers av den rådande retninga i 1930-åra, ikkje minst innan industrifotografiet og den såkalla mellomkrigsmodernismen. Kamerakunstnarar innan dette området produserte såkalla straight photography. Fotografia skulle vera klare, skarpe og sjå ut som fotografi, ikkje som måleri. Her i landet var denne retninga særleg representert ved den tyskfødde kunstnaren Ernst Schwitters.

Waldemar Eide var ikkje så begeistra for den meir radikale formbehandlinga som prega denne tidlegmoderne biletkunsten. I fotografia hans frå Nordkronen i 1939 ser me spor frå kunstretninga piktorialismen med det mjuke, måleriske fotografiet frå dei første tiåra på 1900-talet. Det var der Waldemar Eide kjende seg heime som kamerakunstnar. På same tida representerer også fleire av fotografia hans frå Nordkronen det nye industrifotografiet, som dei to siste i presentasjonen vår. Fotografia hans av interiør med moderne maskinar og produksjonsrøyr viser at når alt kom til alt var det kanskje motivet i seg sjølv som definerte ei stilretning.

Oppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger sas_2006_07_6a Oppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger sas_2006_07_5Oppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger sas_2006_07_3Oppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger sas_2006_07_6bOppdragsfotografi i privatarkiv 1327 Nordkronen AS ved Statsarkivet i Stavanger sas_2006_07_6c