Pauline Wiig – frå «retusjerinde» til fotograf

Fotografane frå Vik i Klepp

Jonas og Karen Wiig på Vik i Klepp fekk åtte barn mellom 1853 og 1873. Dei var ein vanleg familie på ein av dei store sjøgardane i Klepp. Men det var noko uvanleg med barneflokken deira. Fire av dei, ein son og tre døtre, vart engasjerte i eit nytt yrke mot slutten av 1800-talet, eit byyrke som var temmeleg framant for folk på Jæren då. To av dei vart nemleg fotografar, og to vart fotografmedhjelparar.

I denne artikkelen skal me konsentrera oss om Hanna Pauline eller Pauline Wiig (1863-1926) og presentera nokre av fotografia hennar. Men for å læra Pauline å kjenna, må me også fortelja om dei tre andre søskena. Alle fire samarbeidde og var nært knytte til kvarandre gjennom livet.

Pauline Wiig fotograferte seg hos svogeren i Kristiansand, truleg i 1885, året etter at søstera Anna gifta seg og flytte dit. Informasjonen på kartongen viser til atelieret far og farbror til Carl Forsberg jr. dreiv i lag, og som Carl jr. overtok. Foto: "Carl Forsberg & Co, Henrik Wergelands Gade 27, Christiansand". Privat eige.
Pauline Wiig fotograferte seg hos svogeren i Kristiansand, truleg i 1885, året etter at søstera Anna gifta seg og flytte dit. Informasjonen på kartongen viser til atelieret far og farbror til Carl Forsberg jr. dreiv i lag, og som Carl jr. overtok.
Foto: «Carl Forsberg & Co, Henrik Wergelands Gade 27, Christiansand». Privat eige.
Pauline Wiig fotograferte seg hos svogeren i Kristiansand, truleg i 1885, året etter at søstera Anna gifta seg og flytte dit. Informasjonen på kartongen viser til atelieret far og farbror til Carl Forsberg jr. dreiv i lag, og som Carl jr. overtok. Foto: "Carl Forsberg & Co, Henrik Wergelands Gade 27, Christiansand". Privat eige.
Pauline Wiig fotograferte seg hos svogeren i Kristiansand, truleg i 1885, året etter at søstera Anna gifta seg og flytte dit. Informasjonen på kartongen viser til atelieret far og farbror til Carl Forsberg jr. dreiv i lag, og som Carl jr. overtok.
Foto: «Carl Forsberg & Co, Henrik Wergelands Gade 27, Christiansand». Privat eige.

Anna (1857-1917) var det tredje barnet i familien og den eldste av dei fire. Ho gifta seg med fotograf Carl Forsberg jr. i Kristiansand og flytte dit. Pauline var nest eldst av dei fire. Ho praktiserte som fotograf på Sandnes og på Bryne. Henrik (1870–1929) var den nest yngste i søskenflokken. Han etablerte atelierfirma på Sandnes og hadde fleire år filial i Grimstad og på Bryne. Anna Berte Kirstine (1873–1931), Kirstine, som ho heitte til dagleg, var den yngste i søskenflokken. Ho var etter tur fotografassistent hos dei andre tre.

Var det storesøster Anna som starta det heile?

Den 6. mars 1884 gifta eldste søstera Anna seg med Nikolai Carl August Forsberg jr. Kyrkjeboka for Klepp prestegjeld opplyser at han var fødd i Ålesund, at han budde i Kristiansand, og at han var fotograf der. Det finst ingen yrkesopplysning for Anna. Kyrkjeboka opplyser berre at ho budde heime på Vik då ho gifta seg. Det gjorde ho også tidlegare. Då det var folketeljing i 1875, budde 18 år gamle Anna heime saman med resten av søskena.

Det var fleire fotografar i Forsberg-familien. Det nasjonale fotografregisteret viser at far og farbror til brudgommen etablerte seg med felles firma i Kristiansand frå om lag 1865. Carl jr. overtok atelierfirmaet. Dei to eldste var også forretningsmenn. Carl Johan Forsberg (1826 – 1901), far til Carl jr., var fotograf, kjøpmann og hummereksportør. Farbroren Adolph Edvard Forsberg (1831 – 1877) var fotograf, kjøpmann og urmakar.

Ein bankkonkurs i Kristiansand ikkje lenge etter 1900 førte til at Carl jr. og Anna miste huset sitt. Dei flytte då til Flekkefjord. Forsberg var fotograf i Flekkefjord, kanskje like fram til Anna døydde der i 1917. Som enkjemann flytta han til Stavanger der dei to sønene hadde etablert seg.

I ettertid kan me spørja oss kor Anna møtte fotograf Forsberg, og om det var ho og ektemannen som inviterte dei yngre søskena hennar til Kristiansand etter kvart som dei vart vaksne. Slektningane som bur på Vik i dag, har ikkje funne svar på kva som gjorde at søskena engasjerte seg i dette nye yrket. Det er ikkje bevart brev, dagbøker eller anna skriftleg materiale etter dei i heimen på Vik. Ein teori er at det kan ha vore forretningskontakt mellom Jonas Wiig og Forsberg-mennene, til eksempel innan kjøp og sal av hummar. Carl Forsberg jr. kan ha kome i kontakt med familien Wiig gjennom handel.

Pauline fotograferte seg fleire gonger i atelieret til svogeren. Dette portrettet er frå 1890-åra. Kanskje budde ho i Kristiansand i ein lengre periode før ho og broren Henrik flytte til Sandnes ikkje lenge før 1898. Foto: "Forsberg jr. Christiansand". Privat eige.
Pauline fotograferte seg fleire gonger i atelieret til svogeren. Dette portrettet er frå 1890-åra. Kanskje budde ho i Kristiansand i ein lengre periode før ho og broren Henrik flytte til Sandnes ikkje lenge før 1898.
Foto: «Forsberg jr. Christiansand». Privat eige.

Familiane i Kristiansand og i Klepp sende naturleg nok ofte brev til kvarandre. Det var den måten ein kommuniserte på før telefonen var vanleg i heimane. Men om breva ikkje finst lenger, er det i alle fall mange eldre portrettfotografi i heimen på Vik, både mange enkle portrett og tre store album. Bilda viser at det var eit nært samband mellom Anna og familien hennar i Kristiansand og foreldre og søsken heime på Jæren. Det er mange portrett frå atelieret til Forsberg-familien, både av Anna og barna hennar, fleire portrett av far til Anna og av søstrene Pauline og Kristine. Jonas Wiig må med andre ord ha besøkt dottera i Kristiansand fleire gonger. Men desse portretta frå Forsberg-atelieret kan ikkje gje svar på kor Anna møtte ektemannen sin, og på kva som var bakgrunnen for at Wiig-søskena engasjerte seg i fotograf-yrket.

Frå Kristiansand til Sandnes

Då det var folketeljing i 1900, budde yngste søstera Kristine hos Anna og familien hennar i Tollbodgt. 8 i Kristiansand. Der var det både våningshus og atelier. Yrket hennar var då ”Retourcheerske”. Kristine arbeidde med andre ord som negativ-retusjør hos svogeren.

Pauline og Henrik budde på Sandnes i 1900. Henrik hadde bygd stort hus med fotografatelier i Storgata, tvers overfor den nye Sandnes kirke. Pauline budde hos han og var ”Retusjerinde”, som søstera var hos svoger Forsberg i Kristiansand. Søskenparet Wiig hadde også hushjelp, ei ung jente frå Klepp.

Henrik Wiig vart den første kjende fotografen som etablerte seg fast på Sandnes. Det nasjonale fotografregisteret opplyser at han tok til som fotograf i Farsund, at han arbeidde hos fotografar i Kristiansand etterpå, før han bygde hus og atelier på Sandnes. Det er fleire usikre trådar her. Det mest sannsynlege er at han gjekk i lære hos svogeren i Kristiansand og budde hos han til han flytte og opna atelieret sitt på Sandnes i februar 1898 saman med søstera Pauline.

Avisannonsar er til lite hjelp når det gjeld Henrik Wiig. Han var ikkje mellom dei fotografane som brukte avisene flittig på den tida. Den første, kjende annonsen stod i Stavanger Avis 11. februar 1898:”Sandnæs. Undertegnede aabner i dag 7de ds sit nye tidsmæssige fotografiske Atelier.Hurtig Expedition! Billige Priser! Sandnæs 7de Februar 1898. Obs. Ligeoverfor Kirken. H. Wiig”(sitat slutt).I 1902 averterte han med”Filial Thime St. (Sommermaanederne)”(sitat slutt).

Pauline arbeidde hos broren og styrte filialatelieret på Thime st., eller Bryne som namnet vart sidan. Kristine flytta også tilbake til Jæren, men me veit ikkje når. Kanskje gjekk ikkje forretninga på Sandnes så godt, eller så var Henrik rastlaus. I 1906 eller tidlegare leigde han eit fotografatelier i Grimstad. Då hadde han gifta seg med Helga frå Kristiansand. Folketeljinga 1910 opplyser at dei fekk tre barn i Grimstad i 1904, 1906 og 1908. Wiig var fotograf i Grimstad til andre overtok atelieret der i 1911. Då flytta han heim til Sandnes att.

Henrik Wiig opna filialatelier på Bryne i 1902 men hadde bare ope i sommarmånadane dei første åra. Søstera Pauline var filialstyrar. Det er ikkje kjent om det var ho eller broren som komponerte dette spesielle Nyttårskortet frå Jærens Uldvarefabrikker på Bryne. I 1906–1907 budde i alle fall Henrik i Grimstad. Pauline styrte firmaet på Sandnes og filialen på Bryne med god hjelp frå søstera Kristine. Dette fint komponerte bedriftskortet med motiv frå stasjonsbyen Bryne var uvanleg for si tid. På dette området var Wiig tidleg ute med eit nytt produkt mynta på næringslivet. Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Fotoarkivet Hå folkebibliotek/Statsarkivet i Stavanger.
Henrik Wiig opna filialatelier på Bryne i 1902 men hadde bare ope i sommarmånadane dei første åra. Søstera Pauline var filialstyrar. Det er ikkje kjent om det var ho eller broren som komponerte dette spesielle Nyttårskortet frå Jærens Uldvarefabrikker på Bryne. I 1906–1907 budde i alle fall Henrik i Grimstad. Pauline styrte firmaet på Sandnes og filialen på Bryne med god hjelp frå søstera Kristine. Dette fint komponerte bedriftskortet med motiv frå stasjonsbyen Bryne var uvanleg for si tid. På dette området var Wiig tidleg ute med eit nytt produkt mynta på næringslivet.
Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Fotoarkivet Hå folkebibliotek/Statsarkivet i Stavanger.

Folketeljinga 1910 viser også at søstrene Pauline og Kirstine styrte heime i Storgata på Sandnes, og at Pauline var fotograf. Dei hadde hushjelp. Elna Forsberg, dotter til storesøster Anna, budde også i familien. Pauline var med andre ord fotograf på Sandnes frå før 1904 til etter 1910, medan broren budde i Grimstad. I 1907 fekk ho konkurranse. Jakob T. Øglænd vart den første Sandnes-mannen som opna atelier i heimbyen sin. Øglænd hadde atelier i Stavanger frå 1894. I 1907 flytte han heim. På same tida opna han filial på Nærbø.

Det er usikkert korleis arbeidsfordelinga vart mellom Pauline og broren etter at han flytte tilbake til Sandnes med familien sin i 1911. Det var ikkje uvanleg på den tida at søstre ”forsvann” bak namnet til ein bror. Inga Sofie Torjusen i Egersund er eit godt eksempel på dette. Ho fotograferte for broren, Erik Hadland Torjusen på same tida som Pauline styrte firmaet på Sandnes for bror sin. Men det finst også eksempel på det motsette. Fotograf Margit Petersen i Haugesund hadde i alle år broren som medhjelpar i firmaet sitt. Han tok seg særleg av oppdragsfotografering ute medan søstera fotograferte i atelieret. Det ser ut for at kvinnene fotograferte inne medan menn tok oppdraga ute. Dette var for så vidt ei naturleg arbeidsdeling, både før bilane si tid, og dei første åra etter at bilane kom til fylket vårt. Kvinnene var ikkje mellom dei første som fekk sertifikat og eigen bil.

Frå filialstyrar til fotograf på Bryne

I juni 1910 averterte fotofirma H. Wiig at atelieret på Thime st. eller Bryne var ope kvar lørdag. I 1914 kjøpte Pauline tomt ved jernbanestasjonen på Bryne og bygde ein stor villa der med atelier i eigen bygning i hagen. Så langt me kan sjå av firmaregisteret til Sorenskrivaren i Jæren, etablerte ikkje Pauline eige firma på Bryne. Ho praktiserte i alle fall som fotograf der med søstera Kristine som retusjør og medhjelpar. Atelieret kan ha vore filial under broren sitt atelier på Sandnes. På den andre sida opererte Pauline frå rundt 1914 med eige namn på fotokartongane (sjå ill. 4). Den velkledde «Frøken Wiig» var ein kjend person i Bryne-gatene.

Dei første fotokartongane med namnet til Pauline Wiig dukka opp ikkje lenge etter at ho kjøpte tomt på Bryne i 1914 og bygde eige bolighus med atelier i hagen. Søstrene Elen (f. 1890) t.v. og Inger (f. 1888) Aarsland frå Årsland fotograferte seg hos Pauline ein gong før 1918. Bordet med blomsterkorga fekk ei sentral plassering mellom kvinnene. Foto: Pauline Wiig.  Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Dei første fotokartongane med namnet til Pauline Wiig dukka opp ikkje lenge etter at ho kjøpte tomt på Bryne i 1914 og bygde eige bolighus med atelier i hagen. Søstrene Elen (f. 1890) t.v. og Inger (f. 1888) Aarsland frå Årsland fotograferte seg hos Pauline ein gong før 1918. Bordet med blomsterkorga fekk ei sentral plassering mellom kvinnene.
Foto: Pauline Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.

Pauline Wiig døydde i heimen på Bryne og vart gravlagd frå heimkyrkja på Orre i 1926. Søstera overtok eigedomen som testamentarisk gåve. Ho hadde då gifta seg i Stavanger, men døydde ikkje så mange år etterpå.  Brorsonen Jonas Wiig heldt fram med fotografering på Bryne nokre dagar i veka. Han arbeidde hos faren på Sandnes og overtok atelieret der då faren døydde i 1930.

Då Pauline vart fødd 20. februar 1863, var dette rett før den nye loven kom 11. april same året som gjorde vaksne, ugifte kvinner myndige. Den tilsvarande loven for gifte kvinner kom først den 29. juni 1888, men var ikkje aktuell for Pauline. Ho gifta seg ikkje. Pauline fekk og oppleva at det vart full borgarleg likestilling mellom menn og kvinner då allmenn stemmerett vart innført i 1913. Det er ikkje kjent om Pauline brukte stemmeretten sin.

Den fotografiske arven etter Pauline Wiig

Det er ikkje bevart negativarkiv etter Henrik og Pauline Wiig, heller ikkje skriftlege kjelder som kundeprotokollar eller brev. Både privatpersonar, museum og arkivinstitusjonar har positivmateriale etter dei. Det finst både visittkortportrett og fleire typar oppdragsfotografi i private arkiv og samlingar. Men det bevarte materialet er spreidd. Derfor er det vanskeleg å danna seg eit bilde av Pauline Wiig som fotograf. Fotograferte ho, og dekorerte ho kartongane på ein annan måte enn dei mannlege kollegaene sine?

Fotofirma Wiig hadde fleire faste oppdrag, ikkje minst elev- eller kandidatbilde frå fagskular i distriktet, som meieriskular, landbruksskular, husmorskular og frå hagebruksskulen på Sandved i Høyland. Montasjebilda hadde høg kvalitet og merka seg ut. Måten fotografia vart dekorert på, i dette tilfellet med blomar, bladranker, hagereiskapar og ei bikube, kan tyda på at det var ei kvinne som produserte desse to frå 1907 og 1908.          Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Jærmuseet.
Fotofirma Wiig hadde fleire faste oppdrag, ikkje minst elev- eller kandidatbilde frå fagskular i distriktet, som meieriskular, landbruksskular, husmorskular og frå hagebruksskulen på Sandved i Høyland. Montasjebilda hadde høg kvalitet og merka seg ut. Måten fotografia vart dekorert på, i dette tilfellet med blomar, bladranker, hagereiskapar og ei bikube, kan tyda på at det var ei kvinne som produserte desse to frå 1907 og 1908.
Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Jærmuseet.
Fotofirma Wiig hadde fleire faste oppdrag, ikkje minst elev- eller kandidatbilde frå fagskular i distriktet, som meieriskular, landbruksskular, husmorskular og frå hagebruksskulen på Sandved i Høyland. Montasjebilda hadde høg kvalitet og merka seg ut. Måten fotografia vart dekorert på, i dette tilfellet med blomar, bladranker, hagereiskapar og ei bikube, kan tyda på at det var ei kvinne som produserte desse to frå 1907 og 1908.          Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Jærmuseet.
Fotofirma Wiig hadde fleire faste oppdrag, ikkje minst elev- eller kandidatbilde frå fagskular i distriktet, som meieriskular, landbruksskular, husmorskular og frå hagebruksskulen på Sandved i Høyland. Montasjebilda hadde høg kvalitet og merka seg ut. Måten fotografia vart dekorert på, i dette tilfellet med blomar, bladranker, hagereiskapar og ei bikube, kan tyda på at det var ei kvinne som produserte desse to frå 1907 og 1908.
Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Jærmuseet.

Me kan også undrast på om menn på den tida helst ikkje ønskte å verta fotografert av ei kvinne. Påfallande mange av dei bevarte portretta etter Pauline Wiig viser i alle fall kvinner. Bevarte visittkortportrett frå åra mellom 1905–1915 viser at Pauline Wiig var dyktig når det galdt motivkomposisjon (sjå ill. 7, 8 og 9). Portretta hennar og portretta til Stavanger-fotografen Carl Kørner frå same perioden liknar kvarandre i så måte, også i bruk av ateliereffektar. Kørner var ein kjend fotograf, også nasjonalt.

Tidleg på 1900-talet leverte fotografane fleire portrettypar, mellom anna konfirmantbilde. Det kan sjå ut for at  mange konfirmantjenter frå Jæren fotograferte seg hos Pauline Wiig.

Var det ei kvinnehand bak dette fint komponerte portrettet av Tabitta P. G. Haarr (1887 – 1913) frå rundt 1907? Fotokartongen viser at Wiig hadde filial på Bryne.   Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Var det ei kvinnehand bak dette fint komponerte portrettet av Tabitta P. G. Haarr (1887 – 1913) frå rundt 1907? Fotokartongen viser at Wiig hadde filial på Bryne.
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Unge kvinner var flittige gjester hos fotografen dei åra visittkortportretta var mote. Dei bytta portrett seg i mellom og hadde fine album som gjerne låg sentralt på bordet i bestestova. Desse fungerte som den tids ”facebook”. Det kan sjå ut for at kvinnene gjerne oppsøkte kvinnelege fotografar. Her er søstrene Rakel (f. 1901) t.v. og Maria (f. 1899) Malmin frå Sandnes saman med mostera, Rakel Haarr (f. 1887) frå Hårr.    Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Unge kvinner var flittige gjester hos fotografen dei åra visittkortportretta var mote. Dei bytta portrett seg i mellom og hadde fine album som gjerne låg sentralt på bordet i bestestova. Desse fungerte som den tids ”facebook”. Det kan sjå ut for at kvinnene gjerne oppsøkte kvinnelege fotografar. Her er søstrene Rakel (f. 1901) t.v. og Maria (f. 1899) Malmin frå Sandnes saman med mostera, Rakel Haarr (f. 1887) frå Hårr.
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Tidleg på 1900-talet vart det populært med konfirmantbilde. Både jenter og gutar reiste til fotografen. Maren Elisabeth M. Haarr (1896–1915) frå Hårr fotograferte seg hos Pauline Wiig. Dette fint komponerte konfirmantbildet er frå 1908. Bordet med bok og bilde i glas og ramme var ikkje tilfeldig plassert i atelieret. Bakteppet med port, portstolpar og steinmur hadde kanskje ei overført tyding som symbol på overgangen til vaksenlivet for konfirmantane.  Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Tidleg på 1900-talet vart det populært med konfirmantbilde. Både jenter og gutar reiste til fotografen. Maren Elisabeth M. Haarr (1896–1915) frå Hårr fotograferte seg hos Pauline Wiig. Dette fint komponerte konfirmantbildet er frå 1908. Bordet med bok og bilde i glas og ramme var ikkje tilfeldig plassert i atelieret. Bakteppet med port, portstolpar og steinmur hadde kanskje ei overført tyding som symbol på overgangen til vaksenlivet for konfirmantane.
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.

Pauline Wiig fotograferte også elevar eller kandidatar på fagskular i distriktet, både meieriskular, landbruksskular og husmorskular, som til eksempel første kullet ved Sømme husmorskule på Sola i 1912. Montasjebilda har høg kvalitet og merkar seg ut (sjå ill. 5 og 6), også i dag. Elevane ved Jærens Folkehøgskule på Kleppe i Klepp var faste kundar i atelieret til Wiig. Også desse vel kjennelege elevportretta i oval form har høg kvalitet (sjå ill. 10).

Elevane ved Jærens Folkehøgskule på Kleppe i Klepp var faste kundar i atelieret til Wiig tidleg på 1900-talet. Her ser me den seinare forfattaren Torvald Tu som elev ved folkehøgskulen vinteren 1913–1914. Desse elevportretta i oval form er vel kjennelege. Elevane bestilte gjerne både det store montasjebildet med alle elevar og lærarar og fleire enkeltportrett av seg sjølv til bytteobjekt.  Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Elevane ved Jærens Folkehøgskule på Kleppe i Klepp var faste kundar i atelieret til Wiig tidleg på 1900-talet. Her ser me den seinare forfattaren Torvald Tu som elev ved folkehøgskulen vinteren 1913–1914. Desse elevportretta i oval form er vel kjennelege. Elevane bestilte gjerne både det store montasjebildet med alle elevar og lærarar og fleire enkeltportrett av seg sjølv til bytteobjekt.
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.

Postkortproduksjonen blomstra etter 1905, både nasjonalt og lokalt. Pauline Wiig produserte ikkje mange kort.  Eitt av dei er eit nyttårskort frå den store Bryne-bedrifta Jærens Uldvarefabrikker frå årsskiftet 1906/1907 (sjå ill. 3). Pauline Wiig og broren vart også tilkalla til fotografering av gardstun og bedrifter i Time, Klepp og Hå.

Samla hadde Pauline og Henrik Wiig ein stor produksjon av alle dei fotografitypane som var vanlege dei første tiåra av 1900-talet. I ettertid har Pauline kome i skuggen til broren. Så langt me kan studera det bevarte materialet frå åra hennar som fotograf på Sandnes og på Bryne, står ho fram som ei dyktig fagperson, både som handverkar og som kunstnar.

© Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger, juni 2013

Utrykte kjelder:

Samtalar med Bodil Løge Wiig og Tore Wiig.

Statsarkivet i Stavanger:

-Sorenskrivaren i Jæren, Firmaregister A1 og A2, 1891–1901 og 1901–1930

-Sorenskrivaren i Jæren, Dødsfallsprotokoll B2, 1896–1910

-Folketellinga 1875 for Klepp.

Nettstader:

www.arkivverket.no:

www.digitalarkivet.no  Folketeljinga 1900 og 1910 for Kristiansand, Grimstad og Sandnes.

www.digitalarkivet.no  Kyrkjebok for Klepp: Vigsle 6. mars 1884.

www.digitalarkivet.no  Panteregister for Time, gnr. 1, Bryne, bnr. 70.

www.nb.no Det nasjonale fotografregisteret.

Litteratur:

Jonsbråten, Magnus, 1991:Små vandringer på Bryne og der omkring, kapitlet:Huset med de rare vinkler.

Risa, Lisabet, 2011:Fotografihistoria – sett frå Rogaland.

Risa, Lisabet, 1990:Bilete frå Hå.Folk og miljø 1860 – 1950.