Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.

Det nasjonale fotografimuseet, Preus museum, har ei stor og sjeldan samling av internasjonale kunstneriske fotografi. Hausten 2010 opna museet ei utstilling der temaet er piktorialismen. Piktorialismen var ei internasjonal stilretning som dominerte innan fotografiet i åra frå om lag 1880 og til i 1930-åra. Fotografia skulle sjå ut som maleri. Dei hadde som oftast mjuke kontrastar og var resultat av ei fin lyssetting. Dette var dei maleriske fotografia si tid.

Til utstillinga publiserte museet også ein omfattande og rikt illustrert katalog eller bok på 190 sider. Utstillinga viser over 200 fotografi, alle frå samlingane til Preus museum. Heile 113 av fotografia finst også i boka. Dette er arbeida til 50 fotografar frå inn- og utland. Ti fotografar har fått større presentasjonar på utstillinga. I denne utvalde gruppa finn vi Waldemar Eide (1886-1963) frå Stavanger og to andre norske fotografar, Thomas Blehr (1875-1949) og Olaf Christoffersen (1899-1984). Dei kjende utanlandske fotografane er svensken Henry B. Goodwin (1878-1931), Heinrich Kühn (1866-1944) og Rudolf Sulke (1885-1964) frå Østerrike, Léonard Misonne (1870-1943) frå Belgia, Edward J. Steichen (1879-1973) og Karl Struss (1886-1981) frå USA og Frank Meadow Sutcliffe (1853-1941) frå Storbritannia. Alle desse fotografane var både nyskapande og villige til å eksperimenta med motiva sine. Nå i ettertid ser vi at dei laga noko av det beste som er skapt i fotografihistoria. I dette selskapet finn vi også fleire av fotografia til to andre norske fotografar; Anders B. Wilse og zoologen Robert Collett.

For oss i Rogaland er det interessant å sjå at Waldemar Eide vert presentert med om lag 12 fotografi, dei fleste portrett. Mange av desse finst også i katalogen saman med ein kort biografi om Eide. Fotografia til Eide og omtalen av fotografia hans viser at han både hadde kontakt med, og at han var på full høgd med dei andre, kjende internasjonale fotografane.

Utgjevar: Preus museum i samband med utstillinga med same namnet.

Forfattarar: Hanne Holm-Johnsen, Jens Gold og Marthe Marie Strand

ISBN: 978-82-92999-03-5

Boka kan kjøpast direkte frå Preus museum, postboks 254, N-3192 Horten.

Utstillingsperiode: Preus museum 3. okt. 2010 – 20. mars 2011.

Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.
Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.