Fotosamling: Karl Dahle Møbelforretning

Karl Dahle var møbelsnikkar og forhandlar i Sandnes. Han vart fødd i 1876, på Dale i Hetland herad, og kom til Sandnes i 1899. Han hadde utdanna seg som møbelsnikkar på Jørpeland, og i Sandnes arbeidde han som svein i eit år, før han starta sin eigen møbelverkstad i Flintergata. Som ein del av marknadsføringa vart møblane fotograferte, både kvar for seg og samla i grupper, og det er desse fotografia som utgjer fotosamlinga.

Les mer