Forfatter: Lisabet Risa, historikar, tidlegare førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger

  • «Norsk fotohistorisk forening – Preus museums venner»

    Norsk Fotohistorisk Forening og venneforeninga til Preus Museum har inngått eit samarbeid med tanke på å danna fellesforeninga «Norsk fotohistorisk forening – Preus museums venner»?

    Vil du bli medlem, sjå heimesida til Preus museum: www.preusmuseum.no

  • Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940

    Boka presenterer over 300 fotografi frå perioden 1880-1940 frå Ryfylke-kommunane Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Fotografia vert presentert tematisk i fire store kapittel med introduksjonstekst til. Tema er folkelivsbilete, arbeidslivsbilete biletlandskap og ferdaminne. Denne boka viser ikkje minst kor mange verdfullle amatørfotografi som finst kringom i private heimar og kor viktig det er å sikra desse for ettertida.

    Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940
    Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940
  • Larsen, Peter og Lien, Sigrid: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering

    Dette er den andre samla framstillinga av norsk fotografihistorie. Boka dreg linjene opp til i dag og legg særleg vekt på ei brei framstilling av utviklinga innan kunstnerisk fotografi og av pressefotografiet si historie her i landet. Dette er noko nytt. Dei to forfattarane, kunsthistorikar Sigrid Lien og medievitar Peter Larsen ved Universitetet i Bergen, er ressurspersonar på desse områda.

    Den første nasjonale fotografihistoria kom hausten 2000 med Roger Erlandsen si bok Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet … Om fotografiens første hundre år i Norge – 1839-1940. Denne boka presenterer fotografiet si utvikling i åra 1839-1940. Sentrale tema forutan fotografiet si utvikling, presentasjonen av fotografane som yrkesgruppe og som sentrale aktørar i norsk fotografihistorie, av fotografane si plassering og rolle i samfunnslivet, og kva rolle fotografiet har spela kulturelt og samfunnsmessig. Ein del av boka presenterer dessutan historia til Norges Fotografforbund før 1940.

    Larsen, Peter og Lien, Sigrid: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering.
    Larsen, Peter og Lien, Sigrid: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering.
  • Gullestad, Marianne: Misjonsbilder. Bidrag til norsk selvforståelse

    Boka bygger på Gullestad si doktoravhandling. Ho tek opp korleis misjonærane presenterer seg sjølv i fotografia som vart sent heim til Noreg, og korleis dei prøvde å dokumentera og visualiserte nauda på misjonsmarka med tanke på å skapa større engasjement heime for misjonsarbeidet. Gullestad var under forskinga som ligg til grunn av avhandlinga tilknytta Program for virtuelle studier ved Universitetet i Tromsø.

    Det er fotografi frå Det norske Misjonsselskap (NMS) sitt arbeid i Nord Kamerun som er utgangspunkt for avhandlinga. Kamerun vart opna for norsk misjon i 1925. Boka presenterer eit rikt fotomateriale frå 1925 og fram til i dag. Fotografia er først og fremst henta frå NMS Arkiv ved Misjonshøgskolen i Stavanger. Sjå presentasjonen av Misjonshøgskolen i Stavanger, NMS Arkiv under Kven er vi.

    Gullestad, Marianne: Misjonsbilder. Bidrag til norsk selvforståelse
    Gullestad, Marianne: Misjonsbilder. Bidrag til norsk selvforståelse
  • Svendsen, Johanne Seines: Fotografen Robert Collett

    Mastergrad i filmvitenskap ved Institutt for kunst- og medievitenskap ved NTNU, våren 2006. Publisert i serien Norsk Fotohistorisk Forenings Skriftserie Bildet lever! Bidrag til norsk fotohistorie 10. (Oslo 2006/2007)

    Svendsen presenterer det fotografiske materialet som er bevart etter zoologen Robert Collett (1842-1913). Nasjonalbiblioteket avd Oslo tek vare på 4 albumar, 616 negativ og om lag 1300 positiv etter Collett. Svendsen analyserer 3 av fotografia hans og vurderer dei som kunstnerisk fotografi.

    Svendsen sitt arbeid er interessant, ikkje minst for dei av oss som har ein annan fagleg ståstad. Ein historikar eller ein etnolog ville nok hatt ei anna tilnærming til Collett og fotomaterialet hans.

    At fleire fagdisiplinar er engasjert i fotohistorie gjer dette fagfeltet ekstra spennande og utfordrande.

    Robert Collett besøkte i alle fall Rogaland to gonger. Han var nemleg på Jæren i 1898 og 1903. Heile arkivet hans er no digitalisert ved Nasjonalbiblioteket. Databasen har fleire fotografi frå Jæren, mellom anna av eldre hus på Høyland i Hå og av sandstrender.

    Svendsen, Johanne Seines: Fotografen Robert Collett.
    Svendsen, Johanne Seines: Fotografen Robert Collett.
  • Rasmus Pederson Thu

    Rasmus Pederson Thu – Reisefotografen, friluftsfotografen og atelierfotografen

    Rasmus Pederson Thu
    Rasmus Pederson Thu

    Fotograf Thu hadde ein interessant og mangesidig karriere. Han var atelierfotograf, omreisande fotograf, postkortfotograf, og han reiste mange gonger mellom Stavanger og lokale immigrantmiljø i USA for å fotografera, og for å selja foto frå heimlandet.

    Av dei mange eldre Rogalands-fotografane har utan tvil Rasmus Pederson Thu den mest allsidige produksjonen. Han var og fotografen med fleire titlar og fleire signaturtypar. Rasmus var friluftsfotograf før Anders B. Wilse tok i bruk denne tittelen i Norge, og namnet sitt skreiv han på fleire måtar; ”Rasmus P. Thu” før han flytte til USA i 1883, ”R. Pedersen” medan han budde i USA i åra 1883-1888 og ”R. Pedersen, Stavanger” som fotograf på Jæren i 1889. I 1890-åra og seinare i livet skreiv han seg ”R. P. Thu”. På fotograf-stempel frå 1900-talet og trykt på postkort står det nemleg: ”R. P. Thu, Stavanger”. I 1926 fekk han atelieradresse Skudeneshavn på Karmøy, men det kjende verkeområdet hans i Norge strekte seg frå Arendal i sør til Ofoten i nord.

    Sjå utstilling på nettsida til Statsarkivet i Stavanger.