«Evige øyeblikk» på Stavanger Sjøfartsmuseum

 Carl Lauritz Jacobsen - grunnleggaren av fotofirma C. L. Jacobsen 1864-1915. Kopiar av to portrett frå 1864 og seinare, ved Jacobsen Foto.
Carl Lauritz Jacobsen – grunnleggaren av fotofirma C. L. Jacobsen 1864-1915.
Kopiar av to portrett frå 1864 og seinare, ved Jacobsen Foto.

Stavanger Museum, avd. Stavanger Sjøfartsmuseum, åpna 25. mars 2010 utstillinga ”Evige øyeblikk” – Atelierfoto og blinkskudd fra Stavanger tatt av fotograf-familien Jacobsen 1869-1914.

Dette er ei digital fotoutstilling der 41 fotografi vert viste på ein større og to små skjermar. Utstillingslokalet er eit nyinnreia ”fotoatelier” slik det kan ha sett ut på slutten av 1800-talet. Det store kameraet kjem frå Berentsen-familien på Breidablik.

Dei originale negativa og positivane til denne utstillinga finst ved Stavanger byarkiv, Statsarkivet i Stavanger og hos private. Stavanger Sjøfartsmuseum vil seinare visa tilsvarande digitale utstillingar med smakebitar frå eigne fotografarkiv, som Jan Greve, Julie Lund og Erling Søiland.

Då fotograf Carl Lauritz Jacobsen kom til Stavanger i 1863 med familien sin, budde han til leiges hos ”Enkemadame Sand” i Nedre Strandgate 17. Der hadde han det første atelieret sitt. I dag held Stavanger Sjøfartsmuseum til i Nedre Strandgt. 17/19, ein god grunn til å starta den digitale utstillingsrekka med nettopp fotograffamilien Jacobsen.

Fotograf Carl Lauritz Jacobsen og familien hans i Stavanger 1864-1915

Det heile starta i 1864 då ein liten familie kom med kystruta frå Bergen til Stavanger. Carl Lauritz Jacobsen åpna fotografatelier i Bergen i 1861 og ville nå åpna atelier i Stavanger. Han var ikkje den første som prøvde seg på dette. Carl Lauritz var nokså nøyaktig fotograf nr. 22 som kom til Stavanger, enten som gjestefotograf for kortare tid, eller som ein som slo seg ned i byen.

Carl Lauritz Jacobsen – grunnleggaren av fotofirma C. L. Jacobsen 1864-1915.
Kopiar av to portrett frå 1864 og seinare, ved Jacobsen Foto.

Carl Lauritz Jacobsen var fødd 1836 på Bygdøy og døydde 1879 i Stavanger. Han arbeidde i restaurasjonen på eit seglskip som gjekk i rute på Tyskland då han møtte Anna Louise Emilie Wally i Kiel. Dei gifta seg 1860 i Kiel og fekk etter kvart ni barn; fem søner og fire døtre. Dei to eldste vart fødde i Bergen. Både Carl Lauritz og to av dei yngste sønene; Edvin og Oscar, døydde av skarlagensfeber i 1879, som mange andre i Stavanger dette året.

Etter at ektemannen døydde, dreiv fru Jacobsen firmaet vidare åleine. Ho fekk då eineansvaret for dei sju gjenlevande barna som alle måtte arbeida i firmaet etter kvart som dei voks til. Dessutan var det til ei kvar tid fleire tilsette i firmaet, både retusjørar og fotografar; kvinner og menn som er meir og mindre ukjende for oss i dag.

Dei fire døtrene og dei tre sønene som voks opp, lærte alle fotograf-faget, dei tre sønene også profesjonelt hos fotograf-familien Leisner i Waldenburg i Tyskland. Sønene vart fotografar og døtrene negativ-retusjørar. Ikkje minst var eldste dottera, Wally Johanne (1861-1935), til god hjelp for mora i firmaet, like til ho gifta seg i 1887 og flytte frå heimen.

To andre døtre, Hannchen Louise (1869-1908) og Edvine Alette (1871- død i USA), hadde seinare fotobutikk i lag. Fotofirmaet Hannchen Jacobsen & Co vart etablert i 1904. Der kunne folk i byen kjøpa Kodak-kamera og film, og der kunne dei levera filmar til framkalling. Hannchen Jacobsen & Co tok også på seg negativretusjering for fagfotografar i byen. Edvine Alette slutta i firmaet etter at ho gifta seg. Hannchen Jacobsen dreiv firmaet vidare saman med Rachel Johnsen til ho døydde i 1908.

Familien Jacobsen var kunstnerisk utrusta på fleire område. Alle barna trakterte eitt eller fleire musikkinstrument. Kunstnargåvene hadde dei særleg frå mora og mormora i Tyskland. I dag er det særleg den tredje sonen, kunstmålar August Jacobsen, som er den kjende i familien.

Eldstesonen Carl Johan (1863-1919) var den første av brørne som reiste ut for å få fotograf-utdanning. Han var i Waldenburg i åra 1879-1882. Heimkomen til Stavanger driv han fotofirmaet saman med mora frå våren 1882 til 1884. Då vart han gripen av reiselyst og utvandra til Sydney, Australia. Han opna fotograf-forretning, først i Melbourne, sidan i Sydney, og han gifta seg med ei australsk kvinne.

Louis Anton (1865- 1945) var den nest eldste sonen. Han begynte i lære i dekorasjonsmålarfaget i 1878 og fekk svennebrev i 1882. Då eldste broren kom heim same året, reiste også han til Waldenburg og til familien Leisner. Men ei moster og familien hennar bur også i denne byen. Louis Anton kom ikkje heim til Stavanger etter at han var ferdig med læretida. Han reiste i staden til fleire land; England, Spania, Frankrike og Italia. Då broren Carl Johan utvandra til Australia i 1884, hadde Louis Anton åpna fotoatelier i Kristiania, men dette selde han. Også han reiste til Australia. Louis Anton hadde firma i Melbourne.

På den tida gjekk store seglskuter i faste handelsruter mellom Norge og Australia. Etter kvart melde heimlengselen seg hos Louis Anton og den norske kona hans. Dei reiste heim på ei av skutene om lag 1891. Det vert fortalt at han finansierte den 6 månader lange reisa som kunstmålar om bord.

Broren Carl Johan reiste heim til Stavanger i 1892 for å besøka familien i Stavanger. Den tredje broren, August Julius (1868-1955) hadde då bestemt seg for å verta kunstmålar. Også han var utdanna som fotograf i Waldenburg. Dette var i åra ca.1884-1887, etter at dei to eldste brørne var ferdige der. August Julius reiste heim til Stavanger etterpå og dreiv firmaet saman med mora frå 1887, på same tida som eldste dottera i familien gifta seg og flytte. Men nokre år seinare skreiv han til broren Carl Johan og bad han koma heim frå Australia for å overta firmaet. I 1893 kunne så August reisa til Paris for å utdanna seg til kunstmålar. Han hadde då utmerka seg som fotograf på den store turistutstillinga i København i 1888 og på Statens vårutstilling tidleg i 1890-åra med mellom anna eit portrett av forfattaren Alexander L. Kielland.

Carl Johan, eller Carl Jacobsen som han skreiv seg, vart buande i Stavanger. Han og broren Louis Anton var fotografar i familiefirmaet til Louis Anton flytte til Bergen og åpna atelier der i 1897. Carl Johan dreiv då firmaet vidare åleine. Fotofirma Carl Jacobsen var eit av dei solide firma i byen og fekk ei levetid på 51 år. I 1915 bestemte Carl Jacobsen seg nemleg for å avvikla firmaet og annonserte at han selde negativarkivet. Fotograf J. W. Eskildsen overtok sidan lokala og resten av negativarkivet. Carl Jacobsen starta med import av olivenolje på fat/tønner til hermetikkindustrien i byen men døydde alt i 1919.

Den fotografiske arven etter firmaet Jacobsen

Carl Lauritz Jacobsen kom til byen i 1864, hadde den store visittkortportrettmoten så vidt begynt. Portrettfotografering vart eit viktig grunnlag, men ikkje heile levebrødet, for Jacobsen-familien og for dei mange andre fotografane i byen.

Carl Lauritz Jacobsen og andre fotografar brukte avisene flittig til å marknadsføra produkt og tenestar. I avisa Stavangeren annonserte han vinteren 1867: Photograph I Enkemadame Sands Huus i nedre Strandgade, photographerers daglig Visitkort og større Photographier og Glasbilleder. Alleslags Kopieringer af Malerier, Kobberstik, Daguerreotypier, Photographier udføres smukt og billig. Ligeledes enhver Gjenstand som kan phtographeres til Prøver eller Modeller, udføres af Photograph C. L. Jacobsen”.

Fleire fotografar annonserte i 1860- og 1870-åra at dei leverte byprospekt på bestilling. Ein av desse tidlege annonsørane var nettopp fotograf Jacobsen. Han averterte i 1876 at han selde ”Fotografier af Byen fra forskjellige Steder”. Mellom motiva var Stavanger Domkirke, skulen til Det norske Misjonsselskap, misjonshusets ”Indre og Ydre”, samt ”Byen fra forskjellige Steder”.

Men Carl Lauritz Jacobsen måtte, eller ønskte også å ha ei tilleggsnæring. Han annonserte nemleg ikkje så lenge før han vart sjuk og døydde, at han opna ei cigarforretning. Det var utan tvil sterk konkurranse mellom fotografane i byen. Vi må tru at fru Jacobsen vart bekymra då den dyktige fotografen, Carl Kørner frå Tyskland, som kom til byen i 1878, verkeleg slo seg opp i 1880-åra.

Det galdt heile tida om å finna fleire bein å stå på. Avisannonsar fortel at fotografane kom med tilbod om avfotografering eller kopiering av eldre bilete. Fotograf- og kunstnarfamilien Jacobsen restaurerte også maleri og hadde rammeverkstad. I 1890-åra kopierte og selde Carl Johan Jacobsen faren sine Stavanger-prospekt frå dei første tiåra i byen. I dag finst det fleire kopiar frå 1890-åra og seinare av desse fotografia.

Frå 1870-åra og framover leverte også firmaet fleire oppdragsfotografi frå område utafor byen, fotografi frå næringslivet i byen og distriktet. I 1899 vart Carl Johan Jacobsen, eller Carl Jacobsen som han skreiv seg, engasjert som fast fotograf av Stavanger formannskap for å dokumentera bygnings- og gatemiljø i Stavanger. Grunnlaget vart då lagt for den kommunale oppdragsfotograferinga i Stavanger, og Carl Jacobsen vart den første oppdragsfotografen.

Før ca. 1930 var det veldig få pressebilete i avisene. Når aktuelle hendingar i byen skulle presenterast, brukte fotografane utstillingskassar. Desse var som oftast plasserte på gata utafor ateliera. Det galdt om å vera aktiv på dette området. På førehand averterte gjerne fotografane i avisene om at nå kunne publikum sjå aktuelle nye fotografi i utstillingskassen. Fotofirma Jacobsen averterte til eksempel i 1896 med fotografi frå besøket til kong Oscar II og tilsvarande seinare år når kjende personar besøkte byen.

Carl Jacobsen annonserte ofte i dei lokale avisene, men denne aktive bruken av pressa stilna gradvis av i åra etter 1905. Kanskje var firmaet så innarbeidd at det ikkje var behov for annonseringar. Kanskje trappa Jacobsen ned. Dyktige og aktive unge fotografar som Haakon Johannessen, Waldemar Eide og fleire andre opna nemleg firma i byen desse åra.

Ein viktig grunn var nok også at visittkortportrettmoten dabba av og vart slutt rundt 1915. Hausten 1915 averterte så Carl Johan Jacobsen at han skulle avvikla firmaet og at ”…. hele min pladesamling av person- og familiebilleder, huse, fabrikbilleder etc. i løbet av kort tid billig til salgs. Enhver vil vistnok sætte pris paa at faa sine egne plader i sin besiddelse. Disse er godt vedligeholdt. Fotograf Jacobsen – Provstebakken – telefon 256. Privat 551” (sitat frå Stavanger Aftenblad 7.9.1915).

Fotograf Jacobsen var ingen gammal mann i 1915, men han hadde nok sett at han kunne tena pengar på ein enklare måte i den blomstrande hermetikkindustrien. Dermed enda den siste fotograf Jacobsen i Stavanger som importør av olivenolje til hermetikkindustrien.

I 1916, året etter overtok ein ny Stavanger-fotograf atelieret hans i gullsmed ” Mauritzens Murgaard” i Prostebakken 2, på hjørnet av Kirkegata. Fotograf J. W. Eskildsen med to søner som overtok etter faren, vart eit familiefirma med femtiårs-fotografhistorie i Stavanger og Egersund.

I 1919 døydde Carl Jacobsen. Då var det bare broren, Louis Jacobsen i Bergen, som framleis var i arbeid som fotograf.

I dag finst det tusenvis av Jacobsen-portrett rundt om i private heimar, museum og arkivinstitusjonar, like eins mange fotografi av bylandskap, bygningar, fabrikkar med vidare. Stavanger byarkiv har dessutan ei større glassnegativsamling etter fotograf Carl Jacobsen frå 1890-åra og framover. Desse er først og fremst resultat av oppdragsfotograferinga hans for Stavanger kommune i 1899 og seinare år.

Kjelder:

http://www.fotonettverk-rogaland.no : Historia. 3.2 Atelierfotografar i Stavanger før 1960.

http://www.nb.no/nmff/ : Register over norske fotografer og fotografiske samlinger.

Kavli, Brit Jacobsen (red): Slekten Wally, Jacobsen fra Bygdøy, Bærum og Garding til Stavanger og Oslo, upublisert slektsbok, 1986).

Henriksen, Egil: Fra kuriositet til etablert håndverk. Stavanger Museum Årbok 1992.

Henriksen, Egil: Portrett, illustrasjon og dokumentasjon. Stavanger Museum Årbok 1992.