Firmaarkivet til fotograf Søren Sviland til Statsarkivet i Stavanger

Fotograf Søren Sviland på Nærbø har deponert firmaarkivet sitt ved Statsarkivet i Stavanger. Dette er eit velordna negativarkiv på 26 000 oppdragsmapper samla i åtte arkivskap. Arkivet dekker perioden ca. 1964-2004. Alle oppdrag er registrert på data. Arkivet inneheld også ei lita positivsamling med eksempel på ulike oppdragstypar.

Negativarkivet inneheld både tradisjonelle atelieropptak og oppdrag frå industrien og næringslivet elles på Jæren. Sviland hadde særleg mange oppdrag i kommunane Sandnes, Klepp, Time og Hå. Dette er den mest interessante delen av arkivet. Sviland var nemleg med på å dokumentera den blomstrande industriframveksten på Jæren knytta til landbruksnæringa i vid forstand. Frå før har statsarkivet fotografarkiva etter dei to første fotograf-firma på Bryne; Børge Kalvig og Magnus Sivertsen. Desse to arkiva går tilbake til 1951 og 1957.

Gjennom arkiva etter Sviland, Kalvig og Sivertsen er folket og næringslivet på Jæren grundig dokumentert i den siste femtiårs perioden på 1900-talet.

Vil du lesa meir og sjå eksempel på fotografia til Sviland, sjå her Artikkel i Stavanger Aftenblad

BRIT ROMSBOTN | tekst og foto br@jbl.no
Statsarkivet i Stavanger har 1550 privatarkiv….Om ikkje lenge blir desse og alle privatarkiv ved statsarkiva og Riksarkivet tilgjengelege på den norske arkivportalen. Jærbladet 23. des 2009, side 25

Søren Sviland ser på bilda sine saman med Anne Karin Jåsund, institusjonsfotograf ved Statsarkivet, og arkivleiar Lisabet Risa (til venstre). testtesttett. Jærbladet 23. des 2009, side 26

Ikkje handelsvare Det at fotoarkivet er gitt til Statsarkivet i Stavanger, betyr ikkje fri bruk av bilda….Statsarkivet har ansvaret for å få bilda ut. Jærbladet 23. des 2009, side 27