Oppsummering med status for den fotografiske kulturarven i Rogaland

Vi har presentert eit oversyn over fotografar i Rogaland før 1960 og eit oversyn over dei vanlegaste fotografitypane deira. Vi har også prøvt å plassera denne yrkesgruppa og produksjonen deira i ein nasjonal samanheng.

Det viser seg at dei første fotografane var tilreisande, som oftast utlendingar, at dei reiste med kystruta mellom byane på Vestlandet, og at dei oppheldt seg kort tid på kvar stad. Mange av desse første fotografane frå slutten av 1850-åra og framover søkte gjerne stader med stort kundegrunnlag, som den nye byen Haugesund og andre byar langs kysten under fiskerisesongen.

Opninga av Jærbanen i 1878 førte til det neste store oppsvinget innan atelierfotografering i Rogaland, og 1880-åra og dei følgjande tiåra vart ein stabiliserings-periode for fotografyrket, både i Stavanger og i dei andre byane i fylket. Dei to siste tiåra av 1800-talet kom det også

fleire nye fotografitypar, som turistprospekta, landskapsfotografia elles og fotografi som vitskapleg og offentleg dokumentasjonsmateriale. Sidan kom nye fotografigrupper som postkort, familie- og skulefotografi, reklame- og næringslivsfotografi, luftfotografi eller flybilete, reportasjefotografi og såkalla kunstnarleg fotografi.

Presentasjonen har vist kva slags fotografitypar som vart skapt den første hundreårsperioden av fotografiet si historie, og kva som er bevart i dag. Vi har også sett at talet på profesjonelle fotografar stabiliserte seg på 1900-talet, at dei fleste av desse var norske, og at dei spesialiserte seg på fleire typar bestillingsfotografi.

I Stavanger var det så langt vi veit til no, 72 atelierfotografar før 1960. Av desse høyrde 42 til 1800-talet, men dei aller fleste hadde ei kort verketid i byen. Dessutan hadde fleire av fotografane både på 1800- og 1900-talet atelier fleire stader i fylket. I Egersund hadde 17 fotografar atelier i kortare eller lengre tid før 1960, i Haugesund 35, i Kopervik og Skudeneshavn minst 13 fotografar, i Sandnes og på Jæren elles 12 og i indre Ryfylke (Sand og Sauda) minst 6 fotografar. Størsteparten av negativmaterialet frå 1800-talet har gått tapt., men ein stor del av negativmaterialet etter fotografane på 1900-talet er bevart.

Utover det bevarte fotografiske materialet veit vi eigenleg lite om fotografane som yrkesgruppe, særleg 1800-tals-fotografane. Fotografoversyna i tekstboksane viser til dømes at minst 22 kvinner var sjølvstendige yrkesfotografar i Rogaland. I tillegg kom søstrene til fotografane Wiig (Sandnes og Bryne) og Torjusen (Egersund). Desse fotograferte i realiteten for brørne sine. Dette talet er høgt samanlikna med kvinnerepresentasjonen i tilsvarande yrke, særleg på 1800-talet. Oversyna i tekstboksane viser også at ein stor del av fotografane på 1800-talet var utlendingar.

Sidan fotografihistoria i Rogaland til no er ei lite kjend side av historia vår, er denne presentasjonen eit første bidrag til samling og systematisering av kunnskapane på dette området.