
Med blikk og kamera – fotografihistoria i Time frå 1860-åra til vår tid – Lisabet Risa (red.)
Utgitt: 2018
ISBN: 978-82-999382-5-9
Time historielag er utgivar av denne boka om fotografihistoria i Time. Lisabet Risa er redaktør og fagleg ansvarleg for boka. Ho er dessutan hovudforfattar. Boka er resultatet av ei samarbeidsprosjekt mellom Time historielag, Lisabet Risa og Time bibliotek ved Aud Søyland Kristensen.
Med blikk og kamera – fotografihistoria i Time frå 1860-åra til vår tid fortel om fotografiet som informasjonsmedium og kunst, og om utviklinga frå dei første timebuane oppsøkte fotografar i Stavanger rundt 1860 og fram mot slutten av 1900-talet.
Boka presenterer også dei første fotografane som kom til Time på slutten av 1800-talet, atelierfotografane på Bryne på 1900-talet og alle dei ulike bruksområda fotografiet har hatt i kommunen i løpet av om lag 140 år. Her vil me særleg nemna dei to Amerika-fotografane Martin Morrison og Rasmus P. Thu. Morrison fotograferte mellom 1882 og 1900 og vart den første landskapsfotografen i kommunen. Han var og ein uvanlig fotograf i nasjonal samanheng. Boka presenterer også dei første industri- og reklamefotografia i Time på 1900-talet, like eins dei tidlege postkorta og korleis desse vart brukt til å marknadsføra kommunen.
Me presenterer også fem dyktige amatørfotografar på 1900-talet og arbeida deira frå rundt 1920 til 1970. Bryne Fotoklubb har også fått historia si frå den første uoffisielle starten i 1952. Boka presenterer både den generelle historia til klubben på 1900-talet og ni av dei første og mest kjende medlemane og arbeida deira.
Det vanlege amatørbiletet er den mest omfattande fotografigruppa i samfunnet. Historia til amatørfotografiet i Time går tilbake til rundt 1910. Eit eige kapittel presenterer eit utval slike fotografier der me med våre tankar og ord set dei inn i ein samanheng med livssyklusen og årssyklusen til vanlige menneske i Time som den ytre ramma.
Med boka ønskjer me både å samla kunnskapane me har om fotografane, fotografia og historia rundt desse som ein del av den generelle historia i Time, og å visa at fotografiet er viktig som historisk kjeldedokument, som informasjonsberar i vid forstand, visuelt danningsmedium og som kunstnarleg objekt. Det er også eit av måla med boka at alle som er interesserte i fotografi- og kulturhistorie generelt, og alle som arbeider med ulike greiner av den lokale historia, kan få ei nyttig oppslagsbok. Me ønskjer også at boka kan vera eit lokalt supplement til arbeid innan den nasjonale fotografihistoria, og at boka vil ha overføringsverdi som referanseverk til andre kommunar.
Seks forfattarar har levert bidra til boka. Reidun Gudmestad, Anne Berit Hatlem og Steinar Sandvik skriv om Bryne fotoklubb og om dei mest kjende medlemmene. Åsmund Nordheim presenterer eksempel på den fotografiske arven etter to av fem dyktige amatørfotografar i Time. Aud Søyland Kristensen presenterer fotoarkivet i Time bibliotek, amatørfotografiet som historisk kjeldemateriale og ein av dei fem amatørfotografane som dokumenterte kvardagsliv i Time frå rundt 1920 og framover. Lisabet Risa har skrive dei tre første kapitla om den generelle fotografihistoria i Time, dei fem kapitelinnleiingane, historia til to av dei fem amatørfotografane og presentasjon av Børge Kalvig, den mest kjende av dei åtte fotoklubbmedlemmane. Den generelle presentasjonen av den lokale fotografihistoria i dei tre første kapitla er resultat av eit omfattande arbeid på dette spesielle historiefaglege området gjennom mange år, der noko av materialet vart samla til arbeidet med boka Fotografihistoria – sett frå Rogaland (2011).