Ny nettside for Preus museum

Den 19. januar 2014 lanserte Preus museum ny logo og ny nettside. Alle som er interesserte i fotografi som kulturhistorisk eller som kunstnerisk medium, vil ha nytte og glede av denne sida.

Som nasjonalt fotomuseum har Preus omfattande samlingar av dei fleste typar fotografi, fleire fotografarkiv, dei fleste kameratypar og anna teknisk utstyr, og ikkje minst eit rikhaldig fagbibliotek.

Alt dette kan du nå lesa om på den nye nettsida. Du kan også oppleva fleire av utstillingane, og ikkje minst handla i museumsbutikken – nå også som nettbutikk. Kanskje finn du der nett den fotoboka du er på leit etter.

Lenken til nettsida (www.preusmuseum.no) finn du også her på denne nettstaden: Framsida >> menyen i venstre marg >> Nasjonale fotobevaringsinstitusjonar >> Preus museum.