Stikkord: Bjerkreim

  • Orden i fotoarkivet til Bjerkreim Bygdablad

    Våren 2010 fekk Interkommunalt arkiv i Rogaland inn fotoarkivet etter Bjerkreim Bygdablad, ”avisa” til Bjerkreim kommune. Bladet hadde magasinformat og kom ut ein gong pr. månad i åra 1979 – 1997. Dåverande kultursekretær/kultursjef Bjørn Hille var redaktør, journalist og fotograf. Han tok dei fleste av dei over 6000 svart-kvitt-fotografia som nå er registrerte på data, ordna i syrefrie konvoluttar og arkiverte i magasinet til IKA Rogaland. Negativa er inntil vidare ordna i den opphavlege emballasjen. Ordnings- og registreringsarbeidet gjer at ein omfattande og verdifull fotodokumentasjon av livet i Bjerkreim i ”kvardag og fest” nå er sikra for framtida. Kommunen har også ei komplett samling av Bjerkreim Bygdeblad. Der finst dei fleste fotografia med ein meir fullstendig informasjon, enn den som har fått plass i det elektroniske registeret. Det er ikkje aktuelt å digitalisera dette store og nye arkivet ennå.

    Bjerkreim kommune er den første kommunen i Rogaland med eit ordna avisfotoarkiv. Vi sender nå stafettpinnen vidare til dei mange andre kommunane med eigne aviser eller blad.

    Bjerkreim Bygdablad for juni 1992, med ei av fleire framsider med fargefotografi. Her ser vi felespelaren Marton Laksesvela i Dyrskog ved Ørsdalsvatnet. Foto: Bjørn Hille.
    Bjerkreim Bygdablad for juni 1992, med ei av fleire framsider med fargefotografi. Her ser vi felespelaren Marton Laksesvela i Dyrskog ved Ørsdalsvatnet. Foto: Bjørn Hille.
  • Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim

    Boka Postkort frå Dalane presenterer om lag to hundre postkort frå dei fire kommunane i Dalane, Eigersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim.

    Ein stor del av korta i boka, om lag 78, er frå byen Egersund. Men Egersund stod nok også i ei særstilling før på postkortområdet. Byen var trafikk-knutepunkt for Dalane og for søre delen av Jæren, både som endestasjon for Jærbanen og med dampskipskaien der kystruta hadde fast stoppestad på turen mellom Stavanger og Oslo. Egersund var også fiskeriby før. Dermed hadde mange bruk for å senda postkort frå Egersund. Men kommunane i Dalane hadde ingen store turistattraksjonar, som Suldalsporten og Preikestolen i Ryfylke. Dermed finst det ikkje store mengder postkort frå Dalane der eitt og same motivet går igjen. Det er den gode breidden i motivvalet som utmerkar postkorta frå kommunane i Dalane. Dei fleste korta viser lokale bygdesentra og lokale bygningsmiljø. Det er også slike motiv som er interessante for oss i dag. Saman med lokale ressurspersonar i kommunane har Rolf Mong produsert ei verdifull lokalhistorie både i tekst og bilde. Boka har ei enkel og fin grafisk utforming og ein høg trykkekvalitet.

    Utgjevar: Dalane Tidende 2008

    Kan kjøpast frå: Dalane Tidende og hos lokale bokhandlarar.

    Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim
    Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim