3. Fotografane og arbeida deira

Dei 12 kombinerte fotografi- og fotografgruppene nedanom har ikkje tette skott mellom seg. Dei fleste fotografane produserte fleire fotografitypar. Dei fleste eldre fotografane var kanskje først og fremst handverkarar. Fleire var også kunstnarar.

Det viktigaste for oss er å vurdera fotografia ut frå den samanhengen dei står i. Vi må kjenna til opphavssituasjonen (proveniensen) og den tekniske bakgrunnen til det enkelte fotografiet for å kunna avgjera om det kan brukast som ei påliteleg kjelde til forsking. Det er ikkje nok berre å sjå på kva fotografiet framstiller reint konkret. Dei ulike fotografia/fotografitypane er nemleg svar på ulike samfunnsmessige behov, og dei enkelte bileta er skapte verk i seg sjølv. Me må derfor kjenna til kven som skapte dei, kvifor dei vart skapte, og kva funksjon dei skulle ha i samtida. Brukaren bør med andre ord også vurdera dei eldste fotografia som påverknadskraft og kommunikasjonsmiddel i ei biletfattig tid. Dette gjeld både portretta og landskapsbileta. Båe bilettypane skulle formidla ein bodskap til omverda.