Sauda Lokalarkiv er ei sjølvstendig stifting, men det blir arbeidd for at lokalarkivet skal bli ei avdeling av Ryfylkemuseet. Arkivet rommar variert arkivmateriale frå Sauda-samfunnet, men dei største arkiva er etter dei to store bedriftene som har omforma Sauda gjennom dei siste hundre åra. Det er kraftselskapet Saudefaldene AS, og det er smelteverket, som i dag heiter Eramet Norway Sauda, men som i størstedelen av si levetid har heitt Electric Furnace Products Company, Limited, forkorta til EFP.
Boka presenterer over 300 fotografi frå perioden 1880-1940 frå Ryfylke-kommunane Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Fotografia vert presentert tematisk i fire store kapittel med introduksjonstekst til.…