Fig. 16 og 17. Her er to av dei tolv landskapsprospekta til Greve som Stavanger Turistforening publiserte i 1888, i den første publikasjonen om den Nasjonale Turistrute 7. Fotografia til Greve viser ikkje store og dramatiske landskap. Den nye riksvegen gjennom Suldal gjekk framom kvernane i «Kvednahola», om lag midt i dalen. Det store anlegget med fleire kvernhus og tørkehus imponerte dei reisande. Axel Lindahl fotograferte også anlegget.
Fotografiet av den einsame garden Våge ovanom Suldalsvatnet betydde mykje for Greve personleg, men var heller smålåte som turistreklame. Det var der han og familien hans stoppa på vegen mellom Hylen, Nesflaten og Røldal i 1849. Våge var også motiv saman med Hylsskaret på dei to postkorta Greve produserte i 1903. Eigar: Statsarkivet i Stavanger, PA 135, Stavanger Turistforening.