Peder Netland : «Om seg og for seg» 

Av Aud Søyland Kristensen.

Undertittelen til denne artikkelen om amatørfotograf Peder Netland (1892-1981) er det dottera Astrid Netland Førland (1936-2021) som står for. Under eit intervju med henne på førsommaren 2018 gjev ho eit levande bilete av faren, både som privatperson og som fotograf. Ho brukte då spontant orda «om seg og for seg» om han.  

 
Framtidsoptimisten 

Fotoarkivet etter Peder Netland stadfester også dette inntrykket. Bileta viser ein vital person som med stor iver har dokumentert livet rundt seg, både som yrkesmann, som far og ektemann, som venn og selskapsmann, og ikkje minst som turist med bil og telt. Sirdal var eit populært reisemål, men han og familien farta også over store deler av Sør-Noreg.  

Dei Netland fekk tidleg bil, som vart skifta ut med nye modellar etter som tida gjekk. Bilane er hyppige motiv i bileta. Astrid fortel om bilen dei hadde under krigen, ein Falcon Knight, var tyskarane svært interesserte i. For å hindra dei i å ta i bruk bilen, gøymde Peder demonterte bildelar i høyet i løa og mellom bordkledningane på loftet. Med ein demontert bil skulle me tru at utfartstrongen vart stoppa under krigen. Men det forhindra ikkje den aktive familien frå å reisa på tur. Då tok dei syklane fatt. Frå krigsåra finst det fleire bilete frå sykleturar til Sirdal.  

Peder Netland var elektrikar og bonde – i den rekkjefølgja – på garden Netland i Time kommune. Sonen Jomar Netland (1944-2022) fortel at han aldri kunne hugsa faren mjølka ei einaste ku. Det var det jentene på garden som gjorde.  
 

To gode venner 

I samtida var Peder Netland kjent som ein ivrig amatørfotograf. I alle år hadde han også god kontakt og var nær venn med ein annan, og svært kjent amatørfotograf, Magnus Espeland (1903-1990). «Espela’en og far var gode bossar heile livet» fortel Astrid. «Og tenk det, gamle Espela’en, han grein då far døydde» fortel ho vidare. At dei var nære vennar, går tydeleg fram av bileta til Netland. Dei var mykje i lag saman med ektefellane sine på turar og i festlege lag. Og dei var kvarandre sin faste frisør heilt til det siste.  

Espeland kom også gjerne på åleinebesøk til Netland om sundagsføremiddagane, men då kom han kan hende helst i rolla som styrar på «Buå», Samverkelaget på Frøyland. Astrid fortel at han likte å sjekka grytene på komfyren for å sjå kva som stod på sundagsmenyen, og han hadde gjerne kommentarar til varekjøp. Det tykte nok kona i huset var i drygaste laget: «Du må ta med deg Marta, kona di, når du kjem innom om sundagane!» meinte ho. «Nei, ho treng for lang tid å stella seg» repliserte den travle samverkestyraren.  
Dei to kameratane kunne sjå over Frøylandsvatnet til kvarandre sine heimar. Etterkomarar til Espeland fortel at han rett så tidast kunne seie: «Nå ser dei lysbilete der borte på Netland». Det synte på det spesielle lyset frå stovevindauget.  

Amatørfotograf og systematikar 

Det er ikkje klart når Peder Netland fekk det første kameraet sitt. Eitt av dei tidligaste bileta er datert 1919 og viser gardstunet på Netland i vinterdrakt. Kameraet, eit Kodak-apparat med belg, eksisterer framleis. Det har vore bortgøymt i mange år og er ikkje brukande lenger. Likevel kan fagfolk på området slå fast at Netland har passa godt på apparatet. Kameraet har plass til både stativ og støtte, og det hadde sjølvutløysar. Inni kameraet ligg framleis ein ubrukt film av typen Kodak 122.  

Peder Netland var systematikar. Det har me fått bekrefta både av dei som kjente han, og på måten han katalogiserte og oppbevarte bileta på. Kvart negativbilete vart plassert i eigen konvolutt påskrive dato, stad og enkle motivopplysingar. Av og til noterte han også instillinga på kameraet. Konvoluttane er numererte og plasserte i tre sjølvlaga trekassar med skuvelok på toppen, som eit gamaldags pennal.  

På loftet hadde han innreidd mørkerom der han framkalla bileta sine. Døra til mørkerommet var alltid låst, ingen fekk koma inn utan ved tilsyn av faren. Astrid hugsar at han hadde lyspærer i ulike fargar der inne. Der var også plassen han trekte seg tilbake til når han ville vera i fred. Til eksempel for å lesa aviser eller magasin han abonnerte på, og som han systematiserte og arkiverte. Og dit lurte han seg opp når det vanka delfiakake i heimen. Den likte han særs godt, og på loftet fekk han ha kaka heilt åleine. «Eg måtte alltid laga to delfiakaker», fortel Astrid.  

Gild, men prinsippfast 

Peder Netland var ein veldig gild far, men kunne vera noko streng, fortel Astrid vidare. «Han likte ikkje alt det me ungane fann på, men då vart det jo ekstra spennande med alt som var ulovleg.» Eitt døme på ufråvikeleg prinsipp hos faren var då Astrid byrja å knota på språket etter å ha budd i Suldal ei tid. Det skulle Peder ikkje ha noko av. «Me må halda på morsmålet!» forkynte han strengt. Mora var mildare. Ho sa han ikkje måtte vera så streng og meinte dessutan at suldalsmålet var veldig fint. Men i slike saker var ikkje Peder til å rikka.  

Han likte veldig godt å fotografera ungane, både sine eigne, men også andre sine ungar. Han foreviga særleg Karen og Ester, dei to eldste døtrene. Dei mista mor si då dei var eitt og to år gamle. Peder sat att som enkjemann. Kanskje førte denne situasjonen til den hyppige fotograferinga av dei to jentene. Blant desse bileta finst nydelege barneportrett.  

Peder Netland merker seg også ut som post mortem-fotograf, noko som hadde vore vanleg på slutten av 1800-talet. Han har eit post mortem-bilete av ein liten gut (ukjent) i samlinga si. Han fotograferte også den første kona si, Agnes, som død i heimen. Og han fotograferte begge foreldra sine etter at dei var døde, mora så seint som i 1951. Dette var ikkje vanleg lenger på denne tida.  

Peder Netland gifta seg om att og fekk fire barn til med Eldbjørg, den nye kona. Astrid er ei av desse døtrene. Ho fortel at det ikkje alltid var like populært å posera når faren absolutt ville fotografera dei. Det finst derfor sure geipar i barneansikta på fleire bilete. Hovudinntrykket av fotoarkivet er likevel at det leikne og det festlege stod høgt i kurs på Netland, både blant ungar og vaksne på garden. Netland hadde med seg fotoapparatet over alt. Han var stolt av heimen sin og fotograferte husa på garden frå fleire vinklar, både sommar og vinter i tillegg til arbeidet i onnene. Deler av interiøret i heimen har han også foreviga.  

Elektrikaren 

Fotoarkivet etter Netland speglar også det eigentlege yrket hans som elektrikar og montør ved Time elektrisitetsverk frå 1917 og framover. I arkivet finst fleire bilete av gamle trafokioskar som nå er borte. Han fotograferte også Gustav Sivertsen og familien hans på Fotland kraftverk, kor Sivertsen var den første maskinisten (1915-1959). Som elektrikarar fór dei også høgt til vêrs, både i elverket og televerket sine stolpar som måtte reparerast. Dette arbeidet er også dokumentert gjennom fotoapparatet. 

Kulturskatt 

 Då Peder Netland døydde i 1981, etterlet han seg to typer fotosamlingar:  

Ei samling av 1946 negativar, inkludert 138 glasplater. Denne samlinga vart (etter avtale med arvingane frå andre ekteskapet hans) innlevert til Time bibliotek, som har skanna og digitalisert bileta. Dei ligg tilgjengeleg på nettsida til Digitalt Museum. Originalsamlinga vert oppbevart hos Interkommunalt arkiv i Rogaland, kor Time er ein av medeigarkommunane.  

Den andre samlinga, ei lysbiletesamling, er i familien etter hans første ekteskap sitt eige. Det er ikkje kjent kor stor denne samlinga er, heller ikkje tidspunkt for fotografering eller kva motiv bileta har.   

Særeigne motiv, komposisjon, lyssetjing og god teknisk kvalitet på mange av bileta gjer fotoarkivet etter Peder Netland til ein stor kulturskatt. Han dokumenterte byggverk og monument overalt der han ferdast, noko som har vekt nasjonal interesse frå fleire kulturinstitusjonar. Han dokumenterte også mange tekniske nyvinningar. For utan slekt og venner fotograferte han også folk han møtte på reisene sine. I tillegg fortograferte han passfoto til grensebuarbevis under andre verdskrigen. Og ikkje minst dokumenterte han eit rikt familieliv i kvardag og fest. Fotoarkivet viser avtrykk etter ein sosial person som var for seg og om seg og som elska livet.  

Alle foto: Peder Netland. For meir, sjå her.