19-IMG_7125b

Frå mai til september månad 1889 var Morrison travelt oppteken med oppdragsfotografering i Noreg. Familien på garden Øvre Sandvik i Skånevik fekk besøk av han 30. juli 1889 med bestilling frå slektningar i Iowa. Kanskje forklarar adressa hans på baksida av kartongen dette. Då var ikkje heimekommunen Time, men Ames, Iowa forretningsadressa hans.
Foto: Martin Morrison, Ames, Iowa. Eigar: Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa.