21-IMG_7123b

Peter Andrew Peterson var også norsk-amerikansk reisefotograf. Han budde i småbyen Ruthven ikkje langt frå Story City. Peterson kom på besøk til Noreg med stereokamera i 1903, kanskje også fleire gonger. Til forskjell frå Morrison og Myklebust hadde ikkje Peterson informasjon på fotokartongen om kor motivet var frå. Det fine gardstunet på dette fotografiet er derfor ikkje kjent. Peterson fotograferte også i Voss kommune i 1903.
Foto: P. A. Peterson, Ruthven, Iowa. Eigar: Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa.