Då norsk-amerikanarane fekk eigne kamera vart det meir realisme i fotografia dei sende heim. Dette fekk Valetta Ree i Time rundt 1926 frå sonen Arnt Ree. Han og familien var då på veg med flyttelasset frå Nord-Dakota til Oregon. Brevet som følgde fotografiet, er ikkje bevart. Det ville gitt oss verdifull, utfyllande informasjon om flyttinga til Vestkysten.
Foto: Arnt Ree. Privat eige.