7-IMG_0405

Stereobileta vart raskt samleobjekt. Oppbevaringsboksar for stereokorta kunne sjå ut som bøker. Eitt av stereokorta her viser bokhylle med oppbevaringsboksar. Publikum kunne også kjøpa spesialdesigna oppbevaringskommodar som me ser på eit av dei andre stereokorta. Til fleire seriar følgde også eiga guidebok med kart til. Dette kartet viser til eksempel Bergen by. Underwood & Underwood Publishers leverte boka og kartet til serien Norway through the stereoscope.
Foto: L. Risa, frå utstillinga til Preus museum, Horten.