Fotosamlinga etter Alice Archer
Alice Archer var ei engelsk kvinne som budde rundt 30 sommarar på Sand i Ryfylke mellom 1884 og 1914. Ho, og spesielt ektemannen Walter Archer, var sterkt interesserte i laksefiske. Dei leigde heile Suldalsvassdraget og reserverte det for sporstfiske. Dei bygde seg sommarhus på Rophaug på Sand og brukte det mykje på sommarstid, til dels også til andre årstider. Archer’ane hadde mykje kontakt med bygdefolket på Sand og i Suldal, ulikt mange andre engelske som ferierte her.
Alice Lima Hay Murray Archer (1855-1936) var ein habil amatørfotograf og fotograferte mykje, både på heimebane på Rophaug og ute på bygda. Ryfylkemuseet har 7 fotoalbumar etter henne med 637 foto til saman. Ho var langtidsturist på Sand, og hennar foto kan sjåast på som «Turistens bilder». Gjennom hennar foto har vi ein omfattande dokumentasjon av bygdalivet på Sand, i Suldal og kringom fleire andre stader i Ryfylke. Bilda er fotograferte i tidsromet 1885-1914. Dei er dermed truleg det eldste vi har av omfattande dokumentasjonsfoto frå Rogaland, og mellom dei eldste større fotosamlingane som finst på nasjonalt plan frå dette tidsromet.
Familien Archer
Walter og Alice Archer gifte seg i 1878, 23 år gamle. Dei fekk seks born. Det var Edward f. 1879, Harold f. 1880, Olive f. 1882, tvillingane Ruth og Esther f. 1886 og Norman f. 1892.
Familien Archer oppstilte for fotografering. Bildet er truleg teke like før 1900 og syner Alice og Walter med fem av dei seks borna sine. Truleg er det eldstemann Edward som ikkje er til stades. Frå venstre: Ruth, Harold, yngstemann Norman, Alice og Walter, Esther, som var tvillingsøster til Ruth og Olive til høgre.
Walter og Alice Archer i eldre år i hagen på Rophaug.
Alice Archer var ikkje berre interessert i fotografering. Ho hadde også stor interesse for hagearbeid, og den fine hagen på Rophaug var det ho som stod for, sjølv om ho hadde tenarhjelp til å få gjort arbeidet. Den snaue tomta klarte ho å kle med mange slags tre og blomar. Det blomstra frå tidleg om våren til seint på hausten. Her er ho i arbeid i hagen ein sommardag i 1913.
Interessa for elvefiske gjekk i arv i Archer-familien. Her har «Miss Esther» (f. 1886) vore av stad og fiska seg ein ørret på 2,5 kilo, eller ein «5 1b. trout» som teksten under bildet frå 1913 seier.
Walter E. Archer døydde på Sand i 1917, 62 år gammal, og vart gravlagd på Sand kyrkjegard. Det var midt under verdskrigen, så det kom ingen frå England i gravferda. Men sonen Normann kom frå St. Petersburg, der han tenestegjorde ved den engelske ambassaden. Her blir Archers båre køyrd frå Rophaug på gravferdsdagen den 23. august 1917. Til venstre står den engelske presten Mooney, som kom frå Oslo og stod for den kyrkjelege seremonien saman med sokneprest Sigved S. Gramstad.
Rophaug
Archer-familien bygde seg hus på Rophaug på Sand i 1884-1885. Archer kjøpte huset etter lensmann Steffensen på Sand og nytta materialane i huset på Rophaug. Det var bygt i engelsk stil og var ulikt andre hus på Sand. Det var verhardt på Rophaug før der vart tilplanta med tre, og folk på Sand syntest det var galskap å byggja der.
Ein laksefiskar med fin fangst vert teken i mot på trappa på Rophaug.
Interiørbilde frå stova på Rophaug med peis, piano og korgmøblar.
Det har gått nokre år, og uteanlegget er ferdig. Vi ser også nyplanta tre på marka framfor huset. Bildet er frå kring 1890.
Esther Joy Archer og Ola Bårdsen i hagen. Bildet er teke like før 1940. Ola Bårdsen hadde frå ung alder vore gardsgut og hjelpesmann for Archer. Han var også med dei til England, fekk seg arbeid der på ein storgard og vart verande i tre år. Etter at Archerfamilien kjøpte tilbake Rophaug i 1937, var Bårdsen som ein vaktmester for dei.
Det har gått mange år, og det har vakse til med skog på Rophaug. Det er truleg Ruth Archer, kona til Normann Archer, og dottera Esther som står framfor huset. Bildet er frå 1930-talet.
Frå Rophaug var det fritt utsyn nedover til Suldalslågen og Sandsfossen. Bildet er frå 1887.
Dei same tre Archerborna (Edward, Olive og Harold) er plasserte på pledd på grusgangen utfor huset i august 1887.
Dette bildet frå Rophaug er truleg frå sommaren 1888. Anleggsarbeidet på uteområdet er enno ikkje ferdig. Legg merke til tønnene i brystet på huset for samling av regnvatn frå taket.
På Rophaug var det snautt og ope på denne tida. Bildet er frå vinteren 1888. To mann er i arbeid med framkøyring av stein til murarbeid rundt huset.
Det er vinter og litt snø, og dei tre eldste borna Edward, Olive og Harold i Archerfamilien er ute. Gutane prøver seg på ski, Olive er enno tilskodar. Bildet er truleg frå 1887.
Tenarskapet
Dei heldt eit stort hus og trong eit stort tenarskap, dei engelske. Huset trong kokke, kjøkkenjenter, værelsespiker og servitørar, og i elva måtte dei ha roarar og klepparar. Det kunne vera 8-10 tenestefolk som var i arbeid for Archer’ane på Rophaug. Archer-familien eller andre engelskmann på Sand og i Suldal var ikkje lordar eller adelege, men høyrde til i den øvre middelklassa.
Tenestejenter på Rophaug poserer for fotografen i hagen fint oppkledde i hardangerdrakter. Også på turisthotella oppover i Suldal gjekk gjerne jentene som oppvarta ved borda i hardangerdrakt. Nokon lokal bunad for Ryfylke var ikkje utvikla enno.
Det var mange tenestefolk hos dei engelske, og ikkje berre kvinner. Her er Ola Brommeland (1889-1970) frå Sand ute og køyrer vatn ein sommardag i 1912-1913. Truleg er det vatning i hagen han driv med. Han arbeidde lenge for Archer’ane, m.a. som gartnar. Foto: Miss Law.
Tenarskapet til Archer’ane på Rophaug talde ikkje mindre enn ni personar kring 1912. Framme frå venstre Oletta Eikesås, ei Torkelsen med ukjent førenamn, Andreas Endresen, Marta Torkelsen og Serina Karlsen. Bak frå venstre Torjus Fatnes, Ola Brommeland, Borghild Mikkelsen og Elias Larsen. Foto: Miss Law.
Serina Karlsen (1890-1963) frå Sand tente hos Archer’ane i fleire år i ungdommen. Ho gifte seg med Ola Brommeland i 1915. Bildet er frå 1912-1913. Foto: Miss Law.
Det er hageselskap på Rophaug i 1913. Tenestejentene dansar ”a Norwegian dance” og har med seg eit par småjenter i kvite kjolar. Tenestejentene var frå lokalsamfunnet, småjentene ser ut til å vera av fint folk, kanskje engelske gjester.
Hageselskap på Rophaug
Archer-familien la vekt på å ha eit godt forhold til folket på Sand. Dei hadde sosial omgang med dei leiande familiane på strandstaden, men dei inviterte også vanlege bygdafolk til seg i hageselskap om sommaren. Det var nok husmora Alice Archer som var drivkrafta bak desse hageselskapa.
Eldre ektepar frå Sand i hageselskap på Rophaug i 1912-1913. Dei gjekk i mørke og tjukke klede også om sommaren. Foto: Miss Law.
Eldre ektepar frå Sand i hageselskap på Rophaug i 1912-1913. Desse kjenner vi namna på. Dei heiter Halvor Torjussen og Ingeborg Mikkelsdotter. Han var her 82 år gammal, ho var 15 år yngre. Foto: Miss Law.
Eldre folk frå strandstaden Sand i ettermiddagsselskap i hagen på Rophaug i 1912-1913. Det var kvite dukar på borda og fin oppdekking. Gjestene fekk kaffi og påsmurde skiver og vart oppvarta av tenarskapet. Foto: Miss Law.
Archerfamilien vart også inviterte i hageselskap til andre. Her er det selskap på Hunterfamilien sin sommarstad Hiimsmoen oppe i Sandsbygda. Bakre rekkje med ansikt mot fotografen: Alice Archer som nummer to frå venstre, Walter Archer nummer tre. Mannen til høgre er truleg James Hunter, eigaren av Hiimsmoen. Og så er truleg Normann Archer guten med vid, kvit hatt som kikkar fram ved korgstolen mot midten i bildet. Dei to jentene med langt hår lenger til høgre er søstrene hans.
”Kanut Sand and Toreus at the party” står det under dette bildet i albumen frå 1913. Det er nok Knut Lagarhus Sand (1853-1916) og Torjus Fatnes (1833-1919).
Drøsen gjekk godt rundt borda.
Ungar frå Sand i hageselskap på Rophaug i 1912-1913. Foto: Miss Law.
Ungar frå Sand i hageselskap på Rophaug i 1912-1913. Foto: Miss Law.
Jenter i barneselskap på Rophaug i 1912-1913. Dei er sessa til bords og får fint brød og bollar og saft i fine koppar. Foto: Miss Law.
Utkledde jenter i hageselskap på Rophaug i 1912-1913. Foto: Miss Law.
Gutar i hageselskap i 1912-1913. Dei er likt kledde – kan dei vera brør? Foto: Miss Law.
To jenter og ein gut i hagen på Ropeid. Foto: Miss Law.
Seks eldre kvinner frå Sand på rekke og rad i hagen på Rophaug. Foto: Miss Law.
Fire kvinner og ein mann i hageselskap på Rophaug. Foto: Miss Law.
Fem eldre kvinner i hageselskap hos Alice Archer på Rophaug. Stort plagg på hovudet høyrde med, sjølv om det var sommar. Kvinnene er frå venstre Kari Brakaskar, Ingrid Bakken, Gundla Lunde, Ingrid Flaatnes og Gurina Huus. Foto: Miss Law.
Dei engelske
Det var fire engelske familiar som bygde seg hus på Sand og i Suldal for å tilbringe somrane her og fiska laks. Det var Archer-familien på Rophaug, Campbell på Juvåsen, Hunter på Hiimsmoen og Sibthorp på Lindum. Desse hadde ofte besøk av engelske gjester, så det kunne frå tid til anna vera eit stort engelsk innslag i bygdasamfunnet. Archer-familien var dei som sette mest spor etter seg. Det var fordi dei var her store delar av året, dei hadde større omgang med folk på staden enn dei andre engelske, og dei var meir omgjengelege og alminnelege.
Huset til familien Hunter på Hiimsmoen. Nede til venstre ser vi gardshus på Hiim.
Mesteparten av Archer-familien og engelske vener samla på Rophaug. Framme frå venstre: Ruth Archer, ukjend, Norman Archer, Alice Archer, ukjend, Esther Archer. Bak frå venstre Montagu Waldo Sibthorp, som heldt til på Lindum i Suldal, ukjend, Walter E. Archer, to ukjende, Harold Archer og Olive Archer.
Archerfamilie og vener på tur på Vasshus. Det er truleg Harold Archer som sit på grinda til venstre, og så er det Alice og Walter Archer i midten. Vi kjenner ikkje namna på kvinna til venstre og mannen og guten til høgre.
Archerfolk og vener framfor gammalt uthus i forfall på Vasshus i Suldal. Walter Archer sit som nummer to frå venstre. Sonen Normann og kona Alice står bak han til høgre. Dei to jentene oppe på veggen er tvillingsøstrene Ruth og Esther Archer. Dei andre kjenner vi ikkje namna på.
Gruppebilde med gjester på trappa ein gong tidleg i 1890-åra. Walter Archer i midten med dottera Esther i fanget. Alice har dottera Ruth framfor seg. Den tredje dottera, Olive, sit framme til høgre i hardangerdrakt. Dama heilt til høgre kan vera barnepassaren, the nurse, eller «nørså» som folk på Sand sa. Mannen til venstre med gamasjer er truleg ein engelsk gjest.
Tvillingsøstrene Ruth og Esther Archer (f. 1886) i hagen på Rophaug.
Familien Archer på tur med engelske gjester ein sommardag i 1888. Frå venstre A. Egerton Leigh, Edward Archer, Walter Archer, Olive Acher, ukjend dame, Alice Archer med sonen Harold framfor seg. Dei to til høgre kjenner vi ikkje namna på.
Familieutflukt med vener i 1888. Alice Archer sit til venstre med kvit kjole med dei kvitkledde tvillingjentene Ruth og Esther rundt seg. Framme på steingarden sit dei eldre borna Olive, Harold og Edward. Dei andre personane er ukjende.
Laksefiske
Det var laksefiske som var den primære interessa for Walter Archer då han kom til Sand. Han leigde alle rettar til laksefiske i heile Suldalsvassdraget for ein periode på 40 år, frå 1884 til 1924. Det vart bygt laksetrapper i Sandsfossen, eit klekkeri kom i gang, laks vart merka som ledd i eit omfattande granskingsarbeid. Han blei ein lakseekspert, og i 1892 blei han utnemnd til sjefsinspektør for laksefiskeria i Skottland.
Archer sitt store eksperiment gikk ut på å sette i gang eit storstilt kultiveringsarbeid i Suldalslågen. Alt blei gjort for å verna og styrka laksestammen. For første gang på hundrevis av år kunne fisken gå uforstyrra av anna enn sportsfiske med stang og snøre på heile den lange strekninga.
Det var likevel mennene som var dei ivrigaste laksefiskarane. A. Egerton Leigh var ein engelsk gjest som Archer-familien hadde besøk av i 1888. Den 5. oktober 1888 fiska han denne laksen på 38 pund eller nesten 19 kilo.
Det var laksefisket i Suldalslågen som var hovudinteressa for dei engelske på Sand og i Suldal. Walter Archer leigde alle rettar til laksefiske i Lågen frå Roalkvam i øvre Suldal og like ned til elveosen på Sand for ein periode på 40 år, frå 1884 til 1924.
Her har truleg Kittel Klubben håva inn ein laks for ein engelsk sportsfiskar i Suldalslågen ved Kvestad. Kittel Klubben var fast hjelpesmann for dei engelske når dei fiska laks.
Sand
Ungar på Dampabryggja i Sand sentrum i 1912 i karakteristiske kortbukser og knestrømper. Gutane er frå venstre Olav Kolbeinstveit, brørne Paal og Njaal Kolbenstvedt og så Rasmus Rasmussen. Det er fleire folk og ymse aktivitetar lenger bak i bildet. Foto: Miss Law.
Nærbilde frå Tjelmane i 1887. Tjelmane hadde vore husmannsplass under Haua og Skeie, men vart i 1877 frådelt som sjølveigande bruk. Før Tjelmabrua kom, betalte dei som budde her leiga si ved å ro folk frå Haua og Skeie fritt over elva. Andre måtte betala for å bli skyssa over.
Utsikt over Sandsfossen frå terrassen på Rophaug 1887. Vi ser Sandsfossen til venstre, Larvika i midten mot framgrunnen og kyrkjegarden mot høgre. Det kvite huset omtrent midt på bildet er bedehuset.
Sandsvikja i 1888 med farty, naust, sjøhus og bustadhus. Vi ser Rasmussen sitt sjøhus og krambu til venstre. Det kvite huset i midten høyrde til Arnfinsen. Sjøhuset til høgre høyrde til handelsmann Hylen, og det neste sjøhuset vart brukt til ishus av Kaarhus Hotell.
Jekter på Sandsvikja i 1887. Jekta til venstre er «Frøyja», som kunne lasta 60 til 70 favnar ved. Her har ho høy om bord. Jekta i framgrunnen er ukjend og seg ut til å ha ved inne. Den første høyrde til Iver Iversen på Sand, den andre kan også vera ei Iversenjekt.
Utsyn frå Rophaug mot Gardaneset og Sandsbygda. I framgrunnen ser vi kornåkrar og marker på Brakahaugen under Lagarhus. Tjelmane ligg til venstre for brua på andre sida av Lågen. Gardshusa på Haua ligg ved vegen oppover til høgre og Helland i bakgrunnen til venstre. Bildet kan vera frå kring 1895. Det er haust, kornåkrane er skorne og kornbanda står på staur.
Farty på Sandsvikja. Det er stilt, så jekta midt i bildet med segla oppe må bli buksert ut med robåt. Den andre jekta ligg til ankers. Sjøhuset til venstre er Nesahuset, der Ryfylkemuseet i dag har sitt hovudsete, det andre er Rasmussen sitt sjøhus.
Sandsvikja med jekter i vinteropplag kring 1890.
Suldal
Utnytting av vasskrafta på ukjend stad i Suldal. Den store vassrenna leier vatnet til ein kadl som driv ei sag i huset til høgre.
Gardshus på Helland i Sandsbygda i 1887.
Dei har drive med lauving på Vasshus i nedre Suldal, og kjerra er fylt med lauvkjervar. Bildet er frå 1888.
Daniel og Valborg Vasshus framfor huset sitt i 1888. Huset er nyleg opptømra, og det skal nok stå ei stund å siga før det blir bordkledd. Huset er eit typisk ryfylkehus frå den tida. ”Daniel var ein stor, sterk kar og ein mann av den gamle skule. Han var timbremann og smed og arbeidde ei tid plogar og ljaaar. Som yngre gjekk han mykje med byrsa og var god skyttar. Med sitt gode minne og sjeldne forteljarlag var han ei umissande kjelda for sogur og ættargreiner.” (Etter Albret Vasshus.)
Folk i ulike aldrar framfor eit uthus på Vasshus der det er opplødd mykje ved. To kvinner står med river, ein mann i skinnklede ber noko i vasselen, ungane er med. Året er 1888.
Vedkøyring med hest og slede på Kvestad i nedre Suldal ein vinterdag i 1888.
Kvednahola ved Vasshus i Suldal. Det er Jon og Metta Skarmyr som sit på stabbesteinen. Dei har med seg sonen Tosten, som kan vera 4-5 år, og bildet må vera teke midt på 1890-talet. Jon og Metta var husmannsfolk under Ritland. Jon var også smed, og vi ser smia hans rett bak dei til høgre. Han skal ha vore ein meisterleg god smed, som m.a. arbeidde ljåar. Ritlandssaga ligg rett bak smia, og lenger bak ligg kvernhus, tørkehus og sag.
Stråpagardane i Suldal med den karakteristiske Ståpanuten bakanfor.
Det kjende turistmotivet Suldalsporten med barn og kjelke på isen vinteren 1888. Det er tuleg eitt av borna i Archer-familien som sit på kjelken. Legg merke til køyrevegen på isen innover vatnet. I Alice Archer si dagbok kan vi lesa at bildet blei fotografert den 27. februar 1888 og framkalla fire dagar etter.
Eit ukjent gardstun i Suldal kring 1890.
Jøsenfjorden
Jonas og Anna Førre med dei tre borna stiller opp for fotograf Alice Archer ein gong midt i 1890-åra. Jonas var handelsmann i Jøsenfjorden. Han står til venstre med hoven, kona Anna sit i midten. Borna er frå venstre Jone, Kleng og Marta. Skinnet på veggen kan vera eit bjørneskinn.
Inspisering av eit brislingsteng i Jøsenfjorden ein stille sommardag. Vi ser inn fjorden mot Føre.
Folk på veg over brua over Ulla. Skulehuset i Jøsenfjorden ligg bak til høgre for brua. Sprengverksbrua vart bygd i 1889 og skulehuset i 1898.
Her ser vi meir av handelsstaden med kai, sjøhus, bustadhus og eit par andre hus. Det blir arbeidd med ved, og det ligg eit farty utpå. Det er truleg Archer-familien sitt lystfarty.
Frå stranda i Førebotn med utsikt utover fjorden. I Førefjorden, den inste delen av Jøsenfjorden, reiser fjella seg hoggbratte på begge sider.
Frå Vadla i Jøsenfjorden. Bildet er teke frå Haua-sida, og vi ser elveosen der Ulla renn i havet og utover på nordsida av fjorden. Handelsstaden på Vadla ligg nede ved sjøen og gardshusa lenger bak. Det er haust, kornåkrane er skorne og kornbanda er sette på staur til tørking.
I stranda på Østerhus i Jøsenfjorden. Vi ser løa på Østerhus bak nausta, og husa på husmannsplassen Bakkane lenger bak. Bildet er frå 1888.
Fullasta vedjekt sig ut frå kaien ved handelsstaden på Vadla i Jøsenfjorden i 1888.
Gardstuna i Føre ligg halvannan kilometer inn gjennom dalen frå fjorden. Her er dei fotograferte i 1888 med den dominerande fjellformasjonen Odden bakanfor. ”Farm house at Forre 1888” har Alice Archer skrive under bildet.
Engelske turistar i framgrunnen og dei innfødde tilbaketrekt i bakgrunnen. Det er folgehuset til Lars og Mallin Vadla vi ser bak. Dei fem kvitkledde borna i framgrunnen er Archer-born, og kanskje er det mor si dei sit saman med. Det er brørne Edward og Harold til venstre, tvillingane Ruth og Esther i midten og Olive til høgre. Bildet er frå 1888.
Handelsstaden i Jøsenfjorden i 1890-åra. Det var Jonas Førre som dreiv handelen då. Handelsstaden låg på austsida av Ulla, på garden Vadla sin grunn. Handelen vart starta opp i 1868, og Jonas Førre overtok som handelsmann fem år seinare.
Ved den gamle trekaien på Vadla i Jøsenfjorden. Jentene i pråmen kan vera Olive og Esther Archer. Gutane på bryggja er truleg Harold (til venstre) og Norman Archer. Vi ser utover på nordsida av fjorden.
Andre stader
Alice Archer var også ute med fotoapparatet i Brattlandsdalen, som går frå Nesflaten i øvre enden av Suldalsvatnet og opp til Røldal. Brattlandsdalen var høgdepunktet på ”The new inland route from Stavanger to Odde in Hardanger through the Ryfylkefiords, Sand, Suldal, Bratlandsdal and Røldal”, ei rute som vart aktivt marknadsført av Stavanger turistforening.
I Brattlandsdalen var det innhogde tunnellar, skjeringar og bratte juv rett ned i elvestryka. Bildet er teke i 1888.
Den ville naturen i Brattlandsdalen verka tiltrekkande på turistar frå Storbritania og det europeiske kontinentet.
Hålandsosen i Erfjord i 1888. Krambua til venstre dreiv Lars Torjussen Våge frå 1870. I midten på andre sida av elva ser vi Hålandssaga med høge bordstablar på utsida.
Frå fjellgarden Hjorteland mellom Jøsenfjorden og Suldal. Alice Archer var her og fotograferte den 28. juli 1888.
Tøtlandsvik i Hjelmeland fotografert av Alice Archer i 1888. Gardshuset er stort og rommar også ein folgeende til høgre. Denne har pannetak, medan resten av huset har store skiferheller på taket. På løa er det torvtak.Vassrenna til høgre leier vatn til ein kadl lenger nede som dreiv slipestein og trøskjemaskin.
Frå Saudasjøen i 1887.
Bildet er sannsynlegvis frå Nedstrand.
Vi er truleg i Oltesvik ved Høgsfjorden, i noverande Gjesdal kommune. Familien Archer reiste på tur hit med seglbåten.
Flaggsmykka «Edirene» (Archer’s yawl) og skipet til den tyske keisaren saman med andre tyske militærfarty i ei fjordarm på Vestlandet. Året er 1914, like før utbrotet av 1. verdskrigen, då keisaren vart kalla heim i hui og hast frå dei norske fjordane for å leia sitt land i krigen. Krigen sette ein stoppar for tida med engelske sportsfiskarar og turistar på Sand og i Suldal. Vi har ingen foto etter Alice Archer etter 1914.
Walter Archer kom tilbake til Sand i 1917 for å selja eigedomen Rophaug, men så fekk han slag og døydde her. Han vart gravlagd på Sand kyrkjegard, og der ligg også andre medlemmer av familien. Perioden med engelskmenn på lange sommaropphald i Ryfylke for å fiska laks og dyrka friluftsliv, tok slutt med verdenskrigen.