Rasmus Pederson Thu – Reisefotografen, friluftsfotografen og atelierfotografen

Fotograf Thu hadde ein interessant og mangesidig karriere. Han var atelierfotograf, omreisande fotograf, postkortfotograf, og han reiste mange gonger mellom Stavanger og lokale immigrantmiljø i USA for å fotografera, og for å selja foto frå heimlandet.
Av dei mange eldre Rogalands-fotografane har utan tvil Rasmus Pederson Thu den mest allsidige produksjonen. Han var og fotografen med fleire titlar og fleire signaturtypar. Rasmus var friluftsfotograf før Anders B. Wilse tok i bruk denne tittelen i Norge, og namnet sitt skreiv han på fleire måtar; ”Rasmus P. Thu” før han flytte til USA i 1883, ”R. Pedersen” medan han budde i USA i åra 1883-1888 og ”R. Pedersen, Stavanger” som fotograf på Jæren i 1889. I 1890-åra og seinare i livet skreiv han seg ”R. P. Thu”. På fotograf-stempel frå 1900-talet og trykt på postkort står det nemleg: ”R. P. Thu, Stavanger”. I 1926 fekk han atelieradresse Skudeneshavn på Karmøy, men det kjende verkeområdet hans i Norge strekte seg frå Arendal i sør til Ofoten i nord.
Sjå utstilling på nettsida til Statsarkivet i Stavanger.