Bjorli, Trond og Jacobsen, Kjetil: Norge i farger 1910. Bilder fra Albert Kahns verdensarkiv. Oslo 2011.
Denne boka presenterer mange flotte fargefotografi frå bygder og byar i Noreg seinsommaren 1910. Då var den franske bankieren Albert Kahn og Auguste Léons, fotografen hans, på ei fem vekers reise i søre delen av Noreg. Han ønskte å fotodokumentera kulturlandskapet og det tradisjonelle bondesamfunnet. Kahn eller fotografane hans gjorde sidan tilsvarande reiser i om lag 30 andre land i verda. Men Noreg var eit av dei aller første landa han besøkte.
Resulatet frå Noregsreisa i 1910 vart fleire hundre fargefotografi i den spesielle autokromteknikken. Desse fotografia var med på å danna grunnlaget for det seinare Planetarkivet. Kahn hadde nemleg eit stort, men heller utopisk arkivprosjekt. Han ville fotodokumentera alle folkeslag. Håpet var at dette ville bidra til å skapa fred i verda. Det gjekk ikkje slik. Men det sjeldne arkivet hans er bevart i Planetarkivet i Paris. Nå, etter hundre år i eit lite kjent fransk arkiv, kan vi for første gong studera dei interessante og flotte norske fotografia i det store praktverket Norge i farger 1910. Bilder fra Albert Kahns verdensarkiv. Fram til august 2012 viser også Norsk Folkemuseum eit større utval av desse autokrom-fotografia i utstillinga Norge i farger 1910.
Utgjevar: Forlaget Press og Norsk Folkemuseum. 2011. ISBN10: 827547454X, ISBN13: 9788275474542