Ny utstilling: ”Evige øyeblikk” på Stavanger Sjøfartsmuseum
Den 22. oktober 2010 opna MUST Stavanger sjøfartsmuseum ei ny fotoutstilling i serien ” Evige øyeblikk” . Denne gongen presenterer museet eit utval av dei bevarte fotografia etter Stavanger-fotografen Julie Lund (1867-1917), både i storformat på veggen og som digitale fotografi. Dei fleste er frå Stavanger og frå Florø i Sogn og Fjordane, frå åra mellom 1895 og 1910
Vil du lesa meir om Julie Lund og livet hennar før du ser dei flotte utstillingsfotografia, finn du artikkelen til Gry Bang-Andersen «Her står jeg i ensom storhed …» Bilder av stavangerfotografen Julie Lund i årboka til Museum Stavanger 2006. Då kan du først gå til Ny litteratur her på nettsida til Fylkesfotonettverk Rogaland.