Forfatter: Lisabet Risa, historikar, tidlegare førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger

  • Fotoskatt i det amerikanske nasjonalbiblioteket

    Denne veka kunne fleire norske aviser presentera ein sjeldan norsk fotoskatt i The Library of Congress, det amerikanske nasjonalbiblioteket. Dette biblioteket har ufatteleg store mengder bøker, kart, teikningar, fotografi og andre dokumenttypar. Biblioteket har no lagt ut om lag 5000 fotografi på nettstaden Flickr. Mellom fotografia er det mange såkalla turistprospekt frå Noreg, Danmark og Sverige frå åra ca. 1890-1900.

    Turistprospekta var ein forløpar til postkorta. Postkorta kom for fullt i åra etter 1900 medan turistprospekta hadde glansperioden sin i åra 1880-1900. Dei vart selde enkeltvis som souvenirar eller monterte i album. Både dampskipsekspedisjonar og reisebyrå i inn- og utland hadde godt utval i turistprospekt frå populære reisemål.

    Fleire britiske og tyske dampskipsselskap hadde eigne turistruter til dei nordiske landa i sommarsesongen. Eitt av dei var Hamburg-America Line med turistruta Nordlandfahrten. Turistskipa i denne ruta selde eigne trykte albumar med store fotografi frå denne ruta. Eitt av skipa var Victoria Luise som tok turistane til Skottland, Færøyane, Island, Spitsbergen før dei kom til Finnmark og Troms. Reisa gjekk vidare langs kysten ned til Bergen. Turistbileta som vi kan studera på nettet no, er nok resultat frå ei eller fleire slike reiser. Det er til dømes fleire fotografi frå Spitsbergen i denne presentasjonen.

    Sør-Vestlandet var dessverre ikkje særleg attraktivt for dei første turistane som kom til landet vårt. Eit lite unntak her var den nasjonale Turistrute 7, Suldal – Bratlandsdalen – Røldal. Men mellom fotografia som til no er presentert på nettet, er det ingen frå denne turistruta. Frå Voss ser det ut for at reisa til denne eller desse fotografane gjekk over fjellet til Dalen i Telemark og vidare austover til Kristiania.

    Dei eldste turistprospekta var produserte på albuminpapir. Fotografia som The Library of Congress presenterer, er såkalla fotokrom-trykk. Dette er ikkje vanlege fargefotografi eller handkolorerte fotografi. Bileta vart laga ved ein prosess som vi kallar fotokromtrykk eller fotolitografi. Dette var ein prosess der ein brukte litografiske steinar, ein for kvar farge. Til eitt bilete kunne ein bruka over ti ulike steinar. Resultatet vart også framifrå bra. Det er ei stor gruppe flotte fargebilete som vi kan studera på nettet.

    The Library of Congress ønskjer tilbakemeldingar frå publikum med utfyllande informasjon til dei enkelte motiva utover den trykte geografiske referansen som finst nedst på dei fleste fotografia. Du kan kommentera bileta og leggja inn opplysningar om dei på nettet.

    Her er peikar til nettstaden:

    Library of Congress / flickr.com/

  • Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim

    Boka Postkort frå Dalane presenterer om lag to hundre postkort frå dei fire kommunane i Dalane, Eigersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim.

    Ein stor del av korta i boka, om lag 78, er frå byen Egersund. Men Egersund stod nok også i ei særstilling før på postkortområdet. Byen var trafikk-knutepunkt for Dalane og for søre delen av Jæren, både som endestasjon for Jærbanen og med dampskipskaien der kystruta hadde fast stoppestad på turen mellom Stavanger og Oslo. Egersund var også fiskeriby før. Dermed hadde mange bruk for å senda postkort frå Egersund. Men kommunane i Dalane hadde ingen store turistattraksjonar, som Suldalsporten og Preikestolen i Ryfylke. Dermed finst det ikkje store mengder postkort frå Dalane der eitt og same motivet går igjen. Det er den gode breidden i motivvalet som utmerkar postkorta frå kommunane i Dalane. Dei fleste korta viser lokale bygdesentra og lokale bygningsmiljø. Det er også slike motiv som er interessante for oss i dag. Saman med lokale ressurspersonar i kommunane har Rolf Mong produsert ei verdifull lokalhistorie både i tekst og bilde. Boka har ei enkel og fin grafisk utforming og ein høg trykkekvalitet.

    Utgjevar: Dalane Tidende 2008

    Kan kjøpast frå: Dalane Tidende og hos lokale bokhandlarar.

    Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim
    Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim
  • Emneordliste

    Forslag til emneordliste for registrering av kulturhistoriske fotografi. Lista er ein thesaurus som kan leggast inn i t.d. FotoStation, då må filnamn endrast til 25.txt og leggast inn i Quick Lists-mappa.
    Klikk på den følgjande linken: Emneord-SAS-081014 for å gå til liste.

  • Liste over fotografar i Rogaland

    Liste over fotografar og personar/amatørfotografar som er registrert ved arkiv og museum i Rogaland. Lista har ein del usikre namn og manglande fødsel/dødsår, men er eit grunnlag for vidare registrering.
    Klikk på linken som følgjer for å gå til liste: Fotografregister Rogaland 081029

    Vil du vita meir om fotografane, kan du gå til:

    – Det nasjonale samlingsregisteret over norske fotografar som Preus museum administrerer.

    – Fotografihistoria for Rogaland under Historia her på nettsida vår.

  • 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005

    Fotografisk dokumentmateriale på nasjonal utstilling

    Torsdag 16. okt. 2008 opna kulturminister Trond Giske utstillinga 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005 på Nasjonalbiblioteket i Oslo.

    Utstillinga og ei stor bok med same tittel er eit samarbeidstiltak mellom Nasjonalbiblioteket i Oslo og Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten og resultat av ein nasjonal dugnad. I juni 2007 fekk nemleg alle bevaringsinstitusjonar i landet spørsmål frå Nasjonalbiblioteket og Preus museum om å senda inn forslag på fotografisk materiale i seriar frå offentlege og private arkiv. Materialet skulle visa breidda i norsk bruksfotografi.

    Ut frå dei innkomne forslaga valde utstillings- og redaksjonskomiteen ut seriar frå 35 ulike nasjonale bevaringsinstitusjonar. Frå Rogaland er det fotografi frå tre privatarkiv ved Statsarkivet i Stavanger: fotofirmaet Hannchen Jacobsen & Co A/S, Stavanger Turistforening og bedriftsarkivet Rosenberg Mekaniske Verksted A/S. Dessutan viser ein fotografiserie i album (1914) frå Havnedirektoratet sitt arkiv ved Riksarkivet hamneanlegget på Utsira og på Røvær ved Haugesund.

    Det utlånte originalmaterialet vert no vist i klima- og lysregulerte utstillingslokale på Nasjonalbiblioteket og på Preus museum. Fotografia frå før 1905 er utstilte i Oslo, og fotografia frå etter 1905 i Horten. Alle fotografia frå Rogaland er utstilte på Preus museum i Horten.

    Den store boka presenterer også alle fotografia i naturleg storleik og har eit kort introduksjonskapittel til kvar serie.

    Tre skjermar i utstillingslokala presenterer digitale versjonar av dei fleste fotografia institusjonane sende inn som forslag i første omgang, men som ikkje vart valde ut til utstillinga og boka. Her finst ein serie frå Kamerun som tilhøyrer Misjonsarkivet, Misjonshøgskolen i Stavanger.

    Dei to utstillingane varer til 31. jan. 2009. Boka er for sal både på Nasjonalbiblioteket, Preus museum og hos bokhandlarane.

    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
  • 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005

    Utstillinga og den store boka 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005 er eit samarbeidstiltak mellom Nasjonalbiblioteket i Oslo og Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten og resultat av ein nasjonal dugnad. I juni 2007 fekk nemleg alle bevaringsinstitusjonar i landet spørsmål frå Nasjonalbiblioteket og Preus museum om å senda inn forslag på fotografisk materiale i seriar frå offentlege og private arkiv. Materialet skulle visa breidda i norsk bruksfotografi.

    Utstillinga og boka presenterer ein eller fleire fotografiseriar frå 35 ulike bevaringsinstitusjonar i landet. Rogaland er representert med fotografi frå tre privatarkiv frå Statsarkivet i Stavanger: fotofirmaet Hannchen Jacobsen & Co A/S, Stavanger Turistforening og bedriftsarkivet Rosenberg Mekaniske Verksted A/S. Alle seriar har korte introduksjonskapittel.

    Boka har også fem interessante kapittel om fotofaglege tema; Fotografier og historie, Kunsthistoriens fotografiske objekt, Fotografiet mellom modernisering og modernisme og Arkivets estetikk. Dessutan har boka fyldige litteratur- og referanselister, også til dei enkelte fotoseriepresentasjonane.

    Utgjevar: Nasjonalbiblioteket og Preus museum.
    Redaktørar: Jonas Ekeberg og Harald Østgaard Lund.
    Press forlag 2008.

    80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005
    80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005
  • «Her står jeg i ensom storhed …» Bilder av stavangerfotografen Julie Lund

    Den nye årboka til Stavanger museum (2006) presenterer ein interessant artikkel om ein av dei mange meir ukjende fotografane i Stavanger. Forfattar er Gry Bang-Andersen, Stavanger museum avd. Stavanger sjøfartsmuseum.

    Materialet etter fotograf Julie A. Lund (1867- 1917) ved Stavanger Sjøfartsmuseum utgjer bare ein liten del av det opprinnelege fotoarkivet hennar. Stavanger Sjøfartsmuseum tek vare på 323 glasnegativar og nokre få positivar. Dei fleste kan daterast til åra mellom 1900- 1910.

    Tre motivtypar går igjen i arkivet. Største gruppa er såkalla studioportrett. Mange av desse er sjølvportrett, og portrett av søstera eller andre i den nære familien. Ei anna stor motivgruppe er interiørfotografi av familiar i bestestovene deira og såkalla interiørstilleben. Den tredje motivgruppa viser familiergrupper framfor heimane deira. Dermed ser det ut for at Julie Lund i ein periode var oppdragsfotograf i Stavanger og i tidlegare Hetland kommune. Fleire av fotografia er nemleg frå Tasta- og Dusavikområdet. Det er uvisst om Julie Lund hadde eige atelier, eller om ho arbeidde for andre.

    Gry Bang-Andersen har også nøsta i den spinkle delen av materialet som viser at Julie Lund også budde og fotograferte andre stader på Vestlandet. Ho set også Julie Lund inn i samanhengen kvinnelege fotografar og aksepterte borgarlege yrke på slutten av 1800-talet og framover.

    Ref.: Stavanger Museum Årbok 2006.

    Stavanger Museum årbok 2006
    Stavanger Museum årbok 2006
    "Her står jeg i ensom storhed …" Bilder av stavangerfotografen Julie Lund
    «Her står jeg i ensom storhed …» Bilder av stavangerfotografen Julie Lund
  • Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960

    Suldal Sogelag har gitt ut boka Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960. Boka presenterer om lag 340 postkort frå heile dagens Suldal kommune. Suldal står i ei særstilling i Rogaland på dette området. Ingen andre kommunar har så mange eldre kort som Suldal. Dette har samanheng med etableringa av Turistrute 7 i 1887, vegen gjennom Suldals-dalføret mellom Røldal i Hordaland og Sand. Postkorta har solide og informative tekstar. Derfor vert boka også ei interessant og informativ lokalhistorie om Suldal. Boka har også innleiingskapitlet Fotografane og postkorta frå Suldal. Dermed vert boka også eit bidrag til fotograf- og fotografihistoria i Rogaland.

    Utgjevar: Suldal sogelag 2008. Redaksjon: Rune Roalkvam (redaktør), Terje Bråtveit, Ola Lagarhus og Bjarte Skipevåg.

    Kan kjøpast frå: Bokhandlarane og Rogaland Historie-og Ættesogelag.

    Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960
    Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960
  • Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag

    Preus museum har i samarbeid med Norsk Fotohistorisk Forening gitt ut boka Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag. Fotograf Leif Preus skulle vera velkjend for alle i det fotohistoriske miljøet. Han grunnla Preus museum i Horten. Den norske Staten kjøpte museet i 1995. Leif Preus vart då den første styraren av det nye nasjonale fotomuseet som sidan flytte til flotte lokale på Karljohansvern i Horten.

    Festskriftet presenterer eit fotobidrag med tekst til frå 36 fotografar, fotohistorikarar, samlarar og politikarar med kulturminister Trond Giske i spissen. Dei fekk alle spørsmål om å presentera og kommentera eit sjølvvalt fotografi til boka.

    Boka har eitt fotografi frå Rogaland: Søstrer i oppvasken av fotograf Børge Kalvig (1975). Det er Lisabet Risa som presenterer dette fotografiet. Redaksjonen valde også Kalvig sitt til framsida på festskriftet.

    Utgjevar: Preus museum i samarbeid med Norsk Fotohistorisk Forening 2008.

    Redaktørar: Hanne Holm-Johnsen og Jonas Ekeberg.

    Kan kjøpast frå: Preus museum, PB 254, 3192 Horten.

    Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag
    Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag
  • Tilskot frå ABM-utvikling

    Fylkesfotonettverk Rogaland har fått kr 450 000 i tilskot frå ABM-utvikling til sluttføring av det treårige prosjektet vårt (2006-2009).