Fotoskatt i det amerikanske nasjonalbiblioteket

Denne veka kunne fleire norske aviser presentera ein sjeldan norsk fotoskatt i The Library of Congress, det amerikanske nasjonalbiblioteket. Dette biblioteket har ufatteleg store mengder bøker, kart, teikningar, fotografi og andre dokumenttypar. Biblioteket har no lagt ut om lag 5000 fotografi på nettstaden Flickr. Mellom fotografia er det mange såkalla turistprospekt frå Noreg, Danmark og Sverige frå åra ca. 1890-1900.

Turistprospekta var ein forløpar til postkorta. Postkorta kom for fullt i åra etter 1900 medan turistprospekta hadde glansperioden sin i åra 1880-1900. Dei vart selde enkeltvis som souvenirar eller monterte i album. Både dampskipsekspedisjonar og reisebyrå i inn- og utland hadde godt utval i turistprospekt frå populære reisemål.

Fleire britiske og tyske dampskipsselskap hadde eigne turistruter til dei nordiske landa i sommarsesongen. Eitt av dei var Hamburg-America Line med turistruta Nordlandfahrten. Turistskipa i denne ruta selde eigne trykte albumar med store fotografi frå denne ruta. Eitt av skipa var Victoria Luise som tok turistane til Skottland, Færøyane, Island, Spitsbergen før dei kom til Finnmark og Troms. Reisa gjekk vidare langs kysten ned til Bergen. Turistbileta som vi kan studera på nettet no, er nok resultat frå ei eller fleire slike reiser. Det er til dømes fleire fotografi frå Spitsbergen i denne presentasjonen.

Sør-Vestlandet var dessverre ikkje særleg attraktivt for dei første turistane som kom til landet vårt. Eit lite unntak her var den nasjonale Turistrute 7, Suldal – Bratlandsdalen – Røldal. Men mellom fotografia som til no er presentert på nettet, er det ingen frå denne turistruta. Frå Voss ser det ut for at reisa til denne eller desse fotografane gjekk over fjellet til Dalen i Telemark og vidare austover til Kristiania.

Dei eldste turistprospekta var produserte på albuminpapir. Fotografia som The Library of Congress presenterer, er såkalla fotokrom-trykk. Dette er ikkje vanlege fargefotografi eller handkolorerte fotografi. Bileta vart laga ved ein prosess som vi kallar fotokromtrykk eller fotolitografi. Dette var ein prosess der ein brukte litografiske steinar, ein for kvar farge. Til eitt bilete kunne ein bruka over ti ulike steinar. Resultatet vart også framifrå bra. Det er ei stor gruppe flotte fargebilete som vi kan studera på nettet.

The Library of Congress ønskjer tilbakemeldingar frå publikum med utfyllande informasjon til dei enkelte motiva utover den trykte geografiske referansen som finst nedst på dei fleste fotografia. Du kan kommentera bileta og leggja inn opplysningar om dei på nettet.

Her er peikar til nettstaden:

Library of Congress / flickr.com/