Dette året var konferansen i Oslo, og det var føredragshaldarar frå heile Norden.
Museum og arkivinstitusjonar i Rogaland sendte åtte deltakarar.
Dette året var konferansen i Oslo, og det var føredragshaldarar frå heile Norden.
Museum og arkivinstitusjonar i Rogaland sendte åtte deltakarar.
Det europeiske Daguerreobase-prosjektet skrir framover. Nyleg kom ein oppdatert versjon av nettstaden etter eit vellukka møte mellom nasjonale prosjektpartnarar i Praha, 21. januar 2014. Her i landet har nå Nasjonalbiblioteket starta arbeidet med å leggja inn metadata frå institusjonar med daguerreotypi.
Vil du lesa meir om prosjektet og sjå eksempel på denne eldste fotografitypen, kan du gå til: http://www.daguerreobase.org/en/.
Morten Heiselberg er fotograf ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har laga ein interessant presentasjon med temaet Digitalisering av Daguerreotypes. Denne vil vera nyttig for
alle, ikkje minst for dei bevaringsinstitusjonane som tar vare på daguerreotypimateriale. Digitalisering av Daguerotypes
Den 19. januar 2014 lanserte Preus museum ny logo og ny nettside. Alle som er interesserte i fotografi som kulturhistorisk eller som kunstnerisk medium, vil ha nytte og glede av denne sida.
Som nasjonalt fotomuseum har Preus omfattande samlingar av dei fleste typar fotografi, fleire fotografarkiv, dei fleste kameratypar og anna teknisk utstyr, og ikkje minst eit rikhaldig fagbibliotek.
Alt dette kan du nå lesa om på den nye nettsida. Du kan også oppleva fleire av utstillingane, og ikkje minst handla i museumsbutikken – nå også som nettbutikk. Kanskje finn du der nett den fotoboka du er på leit etter.
Lenken til nettsida (www.preusmuseum.no) finn du også her på denne nettstaden: Framsida >> menyen i venstre marg >> Nasjonale fotobevaringsinstitusjonar >> Preus museum.
Året 2014 er ikkje bare jubileumsår for den norske Grunnloven. I dag, 28. januar 2014, er det 175 år sidan nordmenn og svenskar fekk kjennskap til at ein kunstnar og kjemikar i Paris endeleg hadde funne opp den første vellukka fotografiske prosessen. Det vil seia: Det var dei som las den svenske avisa Dagligt Allehanda som fekk den viktige informasjonen.
Etter 1814 hadde Noreg kongefellesskap med Sverige, men dei to landa var ikkje likestilte i unionen. Utanrikstenesta var svensk. Den 7. januar 1839 var den svenske ambassadøren i Frankrike til stades på eit møte i det franske Vitskapsakademiet,Académie des Sciencesi Paris. Ikkje lenge etter skulle han reisa heim til Stockholm. Akkurat denne dagen kunngjorde vitskapsmannen Aragot at Daguerre hadde funne opp den fotografiske prossessen. Tilhøyrarane fekk ikkje vita så mykje meir enn dette.
Ikkje mange dagane etter dette møtet reiste ambassadøren heim til Sverige med den viktige informasjonen. Reisa tok nærare to veker med hest og vogn. Den 27. januar 1839 møtte han den svenske Riksdagen på slottet i Stockholm. Frå Riksdagen spreidde informasjonen om den nye oppfinninga seg ganske raskt til avisredaksjonar og forlagshus i Stockholm. Frå Paris spreidde informasjonen seg over over heile Europa. Men noko meir om den revolusjonerande teknikken fekk ikkje ”verda” vita om før eit halvår seinare.
I dag er ikkje 7. januar, men 19. august 1839 den offisielle fødselsdagen. Den dagen presenterte nemleg det franske Vitskapsakademiet ei detaljert oppskrift på korleis Daguerre laga det første fotografiet. Teknikken og fotografiet fekk namnet hans; daguerreotypi.
Eit daguerreotypi er eit negativ framstilt ved hjelp av kvikksølvdamp på ei forsølva koparplate, og der motivet syner seg som eit positivt bilete. Eit daguerreotypi kan bare framstillast i eitt eksemplar. Denne fotografutypen var i bruk mellom 1839 og 1857 i Europa. Det vart erstatta av negativ på glassplate med positiv til på papir.
I juni 2013 presenterte me ein artikkel om fotograf Pauline Wiig (1863 – 1926) her på nettsida vår.
Fredag 20. desember kunne du vera med til barndomsheimen hennar på Vik i Klepp i TV-sendinga «Norge rundt» for å sjå bevarte fotografi etter denne første kvinnelege fotografen på Jæren. Programmet er lagt ut på nettsida til NRK.
Her er artikkel nr. 8 i vår serie om dei første kvinnelege fotografane i Rogaland, skrevet av Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger.
Hannchen Jacobsen var fotograf og forretningskvinne i Stavanger tidleg på 1900-talet. Ho høyrde til fotograf-familien Jacobsen. Dette familiefirmaet eksisterte i 51 år i byen. Firmaet Hannchen Jacobsen etablerte i 1904, fekk ei levetid på 18 år. Hannchen Jacobsen sjølv døydde alt i 1908. Ho sette likevel varige fotografiske spor etter seg, ikkje minst ved dei mange fotografiske reportasjekorta frå kongebesøket under kroningsreisa i 1906.
Sjå artikkelen Lisabet Risa har publisert i nettutstilling på Arkivverket si heimeside.
Norsk Kulturråd arrangerer kurs om fotojuss i Stavanger 26. november.
Det er begrenset antall plasser, og påmeldingsfristen er 12. november. Se utlysning.
Her er artikkel nr. 7 i vår serie om dei første kvinnelege fotografane i Rogaland.
Karen Christine, eller Karen Henrichsen (1865 – 1940) flytte til Stavanger og etablerte atelierfirmaet Henrichsen & Co saman med Hakon Johannessen (1880 – 1978) i 1901. Båe kom frå Arendal. Det er ikkje kjent om dei var slektningar, eller om Johannessen hadde gått i lære hos Henrichsen og brørne hennar. Før fotograffaget kom inn under handverksloven i 1914, vart ei læretid på eitt år hos ein etablert fotograf rekna som utdanning i faget.
I 1901 hadde Henrichsen ein allsidig fotografpraksis bak seg saman med dei to brørne sine, Ole Andreas og Svend Jørstad Henrichsen. Ho og Ole Andreas hadde fotografforretning eller atelier på Strømsbuneset i Arendal frå om lag 1890 til 1893. Då broren Svend kom heim frå USA, kjøpte dei tre søskena ein eigedom i Barbu ved Arendal og flytte forretninga dit i 1895. Eldste broren døydde ikkje lenge etter. Dei to andre selde eigedommen og avvikla firmaet i Barbu rundt år 1900. Svend Jørstad Henrichsen opna ny fotografisk forretning i Arendal medan søstera flytta til Stavanger i 1901.
Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Det er ikkje kjent om det var Karen Henrichsen som var drivkrafta bak flytting og etablering i Stavanger, eller om ho ”bare” var med den langt yngre Hakon Johannessen. Val av firmanamnet ”Henrichsen & Co” tyder på at det var Hakon Johannessen som følgde med henne.
Dei to fotografane frå Arendal etablerte seg i Kongsgate 28, ved ei av innfartsårene til byen. I 1901 var det åtte atelierfirma i Stavanger (sjå nedanom), og fleire vart det dei første åra etterpå. Henrichsen & Co fekk raskt mange oppdrag for det lokale næringslivet. Industri- og reklamefotografi vart ein ny fotografitype i hermetikkbyen Stavanger. Privatpersonar som ville dokumentera den nye velstanden på heimebane, vart også ei ny kundegruppe. I det daglege delte dei to fotografane på oppgåvene. Det er naturleg å tru at Hakon Johannessen tok seg av industri- og reklameoppdraga ute i byen, medan Karen Henriksen hadde ansvaret for atelierfotografering.
Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Henrichsen & Co eller Hakon Johannessen. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Konkurransen var hard mellom fotografane i Stavanger. I 1890-åra var det uro og rettssak på grunn av søndagsfotografering. Denne striden var avslutta då Henrichsen og Johannessen etablerte seg i byen. Då var det fleire ukjende reisefotografar som bekymra atelierfotografane. Dei framande som reiste i distrikta, ”stal” nemleg kundane deira. Dette var bakgrunnen for at fotografane etablerteStavanger Fotografiske Foreningi 1906.
Foto: Anne Karin Jåsund. Privatarkiv 77 Rogaland Fotograflaug. Statsarkivet i Stavanger.
Det var ikkje «Frk. Henrichsen», den eldste i firmaet Henrichsen og Co som møtte ved danninga, men Hakon Johannessen, «mannen» i firmaet. Det er grunn til å tru at kvinner ikkje fekk vera medlemmer i foreininga på dette tidspunktet. På dei fleste andre område hadde Karen Henrichsen dei same rettane som dei mannlege kollegaene. I 1901 hadde både ugifte og gifte kvinner for lengst fått dei same rettane som menn til å driva handverk og handel og til å etablera eigne firma. Stemmerett ved kommune- og stortingsval stod igjen. Henrichsen vart ein av dei mange kvinnene som kunne stemma ved kommunevalet i 1902, det første der kvinner hadde avgrensa stemmerett. Inntekta hennar som sjølvstendig næringsdrivande var truleg høg nok til at ho fekk stemmerett. Grensa var ei minsteinntekt på 300 kr på landsbygda og 400 kr i byane. Sidan ho hadde eiga inntekt som sjølvstendig næringsdrivande, kunne ho truleg også stemma for første gong ved Stortingsvalet i 1907.
Foto: Bjørn Samuelsen. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Eit godt dagleg samarbeid med ein yngre mannleg kollega hadde truleg meir å seia for Karen Henrichsen enn politiske rettar ved Stortings- og kommuneval. Kvardagen vart likevel annleis. Sommaren 1907 skilde dei to fotografane lag. Hakon Johannessen overtok atelieret åleine. Karen Henrichsen leigde atelieret i forretningsgarden Østervåg 26 – 28 etter fotograf Jacob T. Øglænd då han flytte til Sandnes same året.
Etter flyttinga fekk Karen Henrichsen fleire nye kollegaer eller konkurrentar i nabolaget, både firmaet Figved & Eide i Østervåg 9 – 11 med dei dyktige fotografane Waldemar Eide og Oscar Gulliksen. Han overtok atelieret der i 1911, då Waldemar Eide flytta til nytt atelier i ei av nabogatene. Kanskje kjende Karen Henrichsen seg åleine mellom alle dei mannlege kollegaene. På den andre sida var det ikkje eit aktivt fotofagleg miljø i byen på den tida. Det viste seg atStavanger Fotografiske Foreningikkje vart særleg levedyktig dei første åra etter 1906. Då året 1908 gjekk mot slutten, stilna aktiviteten heilt. Foreininga kom seg ikkje på fote att før i 1915. Då hadde Henrichsen for lengst flytta frå byen.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Karen Henriksen var ikkje å åleine som kvinne og fotograf i Stavanger i åra etter 1901. Folketeljinga 1910 viser at det var 438 sjølvstendige fotografar i Noreg. Av desse var 118 kvinner. I Rogaland var det minst 32 fotografar. Ti av desse var kvinner, men få hadde eige firma. Stavanger hadde 15 fotografar. Fleire av desse arbeidde hos andre. Karen Henrichsen var den einaste kvinna som var sjølvstendig atelierfotograf i Stavanger i 1910. Julie Lund fotograferte i åra ca. 1900 – 1917 men hadde ikkje eige firma. Hannchen Jacobsen hadde eige firma med fotobutikk og eit lite atelier i Kirkegata frå 1904 til ho døydde i 1908. Då overtok medarbeidaren Rachel Johnsen firmaet med fotobutikken. Ho var ikkje atelierfotograf. I 1916 måtte ho avvikla drifta, etter at ein mannleg kollega overtok Kodak-agenturet hennar. Agathe Svendsen Maakestad opna atelier i 1911, men nokre få år etterpå gjekk over til å driva fotobutikk. Ho selde butikken i 1946. Fleire kvinner arbeidde som negativretusjørar eller som fotografassistentar i etablerte firma, både før og etter 1910. Karen Henrichsen må likevel ha kjent seg litt åleine som kvinneleg fotograf i Stavanger.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Karen Henrichsen leigde atelierlokala i Østervåg til 1913. Då flytta ho til Kristiania. Den 16. oktober 1913 annonserte fotograf J. W. Eskildsen i Egersund at han hadde etablert ei ny fotografisk forretning med moderne atelier i dei tidlegare lokala til firmaet Henrichsen & Co i Østervåg. Den store annonsen opplyste også at Eskildsen tok i mot etterbestillingar på ”Henrichsen & Co s plater (optat i Østervaag)” (sitat slutt). Eskildsen overtok med andre ord negativarkivet etter Henrichsen frå åra hennar i Østervåg. Både dette arkivet og arkivet etter Eskildsen vart sidan kassert.
Hakon Johannessen vart værande i Kongsgata 28 etter 1907. Sonen Per Borup Johannessen arbeidde i lag med faren og overtok firmaet då han døydde i 1978.Firmaet Hakon Johannessen vart avvikla i 1988.I ettertid vert Hakon Johannessen rekna som ein av dei ”store” fotografane i Stavanger.
Det vart meir stille rundt Karen Henrichsen etter flyttinga til Østervåg i 1907. I dag er firmanamnet hennar ukjent i byen. Omfanget av produksjonen er også ukjent. Dei fotografiske negativspora etter Henrichsen finst i den eldste delen av det store negativarkivet etter fotofirma Hakon Johannessen ved Statsarkivet i Stavanger og ved Stavanger byarkiv. Både statsarkivet, byarkivet, og fleire museum har positivmateriale etter henne, men ikkje nok til å danna seg eit godt bilete av korleis ho var som fotograf.
Folketellinga 1910.
-PA 430 Hakon Johannessen.
-PA 77 Rogaland fotograflaug.
-Stavanger byfogdembete: Register over sletta firma 1891 – 1987.
-Stavanger byfogdembete: Firmaregisterprotokoll B2, 1900 – 1911.
-Samlingsnr. 1984/2, 1985/4 og 1987/2, sum 1922 nr. Delar av negativarkivet etter fotograf Hakon Johannessen.
Nasjonalbiblioteket:
–http://www.nb.no/nmff/fotografer.php : Nasjonale samlingsregister. Fotografregisteret.
-Henriksen, Egil, 1993: Portrett, illustrasjon og dokumentasjon. Fotografiet i Stavanger fra 1885 til 1920. Artikkel i Stavanger Museum Årbok 1993.
-Nielsen, Thea, 1914: «Kvinder som fotografer», i: Marie Høgh (red), Norske Kvinder 1814 – 1914, del I.
-Risa, Lisabet, 2011: Fotografihistoria sett frå Rogaland.
-Stavanger Aftenblad 1900 – 1913.
Fotografane frå Vik i Klepp
Jonas og Karen Wiig på Vik i Klepp fekk åtte barn mellom 1853 og 1873. Dei var ein vanleg familie på ein av dei store sjøgardane i Klepp. Men det var noko uvanleg med barneflokken deira. Fire av dei, ein son og tre døtre, vart engasjerte i eit nytt yrke mot slutten av 1800-talet, eit byyrke som var temmeleg framant for folk på Jæren då. To av dei vart nemleg fotografar, og to vart fotografmedhjelparar.
I denne artikkelen skal me konsentrera oss om Hanna Pauline eller Pauline Wiig (1863-1926) og presentera nokre av fotografia hennar. Men for å læra Pauline å kjenna, må me også fortelja om dei tre andre søskena. Alle fire samarbeidde og var nært knytte til kvarandre gjennom livet.
Foto: «Carl Forsberg & Co, Henrik Wergelands Gade 27, Christiansand». Privat eige.
Foto: «Carl Forsberg & Co, Henrik Wergelands Gade 27, Christiansand». Privat eige.
Anna (1857-1917) var det tredje barnet i familien og den eldste av dei fire. Ho gifta seg med fotograf Carl Forsberg jr. i Kristiansand og flytte dit. Pauline var nest eldst av dei fire. Ho praktiserte som fotograf på Sandnes og på Bryne. Henrik (1870–1929) var den nest yngste i søskenflokken. Han etablerte atelierfirma på Sandnes og hadde fleire år filial i Grimstad og på Bryne. Anna Berte Kirstine (1873–1931), Kirstine, som ho heitte til dagleg, var den yngste i søskenflokken. Ho var etter tur fotografassistent hos dei andre tre.
Var det storesøster Anna som starta det heile?
Den 6. mars 1884 gifta eldste søstera Anna seg med Nikolai Carl August Forsberg jr. Kyrkjeboka for Klepp prestegjeld opplyser at han var fødd i Ålesund, at han budde i Kristiansand, og at han var fotograf der. Det finst ingen yrkesopplysning for Anna. Kyrkjeboka opplyser berre at ho budde heime på Vik då ho gifta seg. Det gjorde ho også tidlegare. Då det var folketeljing i 1875, budde 18 år gamle Anna heime saman med resten av søskena.
Det var fleire fotografar i Forsberg-familien. Det nasjonale fotografregisteret viser at far og farbror til brudgommen etablerte seg med felles firma i Kristiansand frå om lag 1865. Carl jr. overtok atelierfirmaet. Dei to eldste var også forretningsmenn. Carl Johan Forsberg (1826 – 1901), far til Carl jr., var fotograf, kjøpmann og hummereksportør. Farbroren Adolph Edvard Forsberg (1831 – 1877) var fotograf, kjøpmann og urmakar.
Ein bankkonkurs i Kristiansand ikkje lenge etter 1900 førte til at Carl jr. og Anna miste huset sitt. Dei flytte då til Flekkefjord. Forsberg var fotograf i Flekkefjord, kanskje like fram til Anna døydde der i 1917. Som enkjemann flytta han til Stavanger der dei to sønene hadde etablert seg.
I ettertid kan me spørja oss kor Anna møtte fotograf Forsberg, og om det var ho og ektemannen som inviterte dei yngre søskena hennar til Kristiansand etter kvart som dei vart vaksne. Slektningane som bur på Vik i dag, har ikkje funne svar på kva som gjorde at søskena engasjerte seg i dette nye yrket. Det er ikkje bevart brev, dagbøker eller anna skriftleg materiale etter dei i heimen på Vik. Ein teori er at det kan ha vore forretningskontakt mellom Jonas Wiig og Forsberg-mennene, til eksempel innan kjøp og sal av hummar. Carl Forsberg jr. kan ha kome i kontakt med familien Wiig gjennom handel.
Foto: «Forsberg jr. Christiansand». Privat eige.
Familiane i Kristiansand og i Klepp sende naturleg nok ofte brev til kvarandre. Det var den måten ein kommuniserte på før telefonen var vanleg i heimane. Men om breva ikkje finst lenger, er det i alle fall mange eldre portrettfotografi i heimen på Vik, både mange enkle portrett og tre store album. Bilda viser at det var eit nært samband mellom Anna og familien hennar i Kristiansand og foreldre og søsken heime på Jæren. Det er mange portrett frå atelieret til Forsberg-familien, både av Anna og barna hennar, fleire portrett av far til Anna og av søstrene Pauline og Kristine. Jonas Wiig må med andre ord ha besøkt dottera i Kristiansand fleire gonger. Men desse portretta frå Forsberg-atelieret kan ikkje gje svar på kor Anna møtte ektemannen sin, og på kva som var bakgrunnen for at Wiig-søskena engasjerte seg i fotograf-yrket.
Frå Kristiansand til Sandnes
Då det var folketeljing i 1900, budde yngste søstera Kristine hos Anna og familien hennar i Tollbodgt. 8 i Kristiansand. Der var det både våningshus og atelier. Yrket hennar var då ”Retourcheerske”. Kristine arbeidde med andre ord som negativ-retusjør hos svogeren.
Pauline og Henrik budde på Sandnes i 1900. Henrik hadde bygd stort hus med fotografatelier i Storgata, tvers overfor den nye Sandnes kirke. Pauline budde hos han og var ”Retusjerinde”, som søstera var hos svoger Forsberg i Kristiansand. Søskenparet Wiig hadde også hushjelp, ei ung jente frå Klepp.
Henrik Wiig vart den første kjende fotografen som etablerte seg fast på Sandnes. Det nasjonale fotografregisteret opplyser at han tok til som fotograf i Farsund, at han arbeidde hos fotografar i Kristiansand etterpå, før han bygde hus og atelier på Sandnes. Det er fleire usikre trådar her. Det mest sannsynlege er at han gjekk i lære hos svogeren i Kristiansand og budde hos han til han flytte og opna atelieret sitt på Sandnes i februar 1898 saman med søstera Pauline.
Avisannonsar er til lite hjelp når det gjeld Henrik Wiig. Han var ikkje mellom dei fotografane som brukte avisene flittig på den tida. Den første, kjende annonsen stod i Stavanger Avis 11. februar 1898:”Sandnæs. Undertegnede aabner i dag 7de ds sit nye tidsmæssige fotografiske Atelier.Hurtig Expedition! Billige Priser! Sandnæs 7de Februar 1898. Obs. Ligeoverfor Kirken. H. Wiig”(sitat slutt).I 1902 averterte han med”Filial Thime St. (Sommermaanederne)”(sitat slutt).
Pauline arbeidde hos broren og styrte filialatelieret på Thime st., eller Bryne som namnet vart sidan. Kristine flytta også tilbake til Jæren, men me veit ikkje når. Kanskje gjekk ikkje forretninga på Sandnes så godt, eller så var Henrik rastlaus. I 1906 eller tidlegare leigde han eit fotografatelier i Grimstad. Då hadde han gifta seg med Helga frå Kristiansand. Folketeljinga 1910 opplyser at dei fekk tre barn i Grimstad i 1904, 1906 og 1908. Wiig var fotograf i Grimstad til andre overtok atelieret der i 1911. Då flytta han heim til Sandnes att.
Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Fotoarkivet Hå folkebibliotek/Statsarkivet i Stavanger.
Folketeljinga 1910 viser også at søstrene Pauline og Kirstine styrte heime i Storgata på Sandnes, og at Pauline var fotograf. Dei hadde hushjelp. Elna Forsberg, dotter til storesøster Anna, budde også i familien. Pauline var med andre ord fotograf på Sandnes frå før 1904 til etter 1910, medan broren budde i Grimstad. I 1907 fekk ho konkurranse. Jakob T. Øglænd vart den første Sandnes-mannen som opna atelier i heimbyen sin. Øglænd hadde atelier i Stavanger frå 1894. I 1907 flytte han heim. På same tida opna han filial på Nærbø.
Det er usikkert korleis arbeidsfordelinga vart mellom Pauline og broren etter at han flytte tilbake til Sandnes med familien sin i 1911. Det var ikkje uvanleg på den tida at søstre ”forsvann” bak namnet til ein bror. Inga Sofie Torjusen i Egersund er eit godt eksempel på dette. Ho fotograferte for broren, Erik Hadland Torjusen på same tida som Pauline styrte firmaet på Sandnes for bror sin. Men det finst også eksempel på det motsette. Fotograf Margit Petersen i Haugesund hadde i alle år broren som medhjelpar i firmaet sitt. Han tok seg særleg av oppdragsfotografering ute medan søstera fotograferte i atelieret. Det ser ut for at kvinnene fotograferte inne medan menn tok oppdraga ute. Dette var for så vidt ei naturleg arbeidsdeling, både før bilane si tid, og dei første åra etter at bilane kom til fylket vårt. Kvinnene var ikkje mellom dei første som fekk sertifikat og eigen bil.
Frå filialstyrar til fotograf på Bryne
I juni 1910 averterte fotofirma H. Wiig at atelieret på Thime st. eller Bryne var ope kvar lørdag. I 1914 kjøpte Pauline tomt ved jernbanestasjonen på Bryne og bygde ein stor villa der med atelier i eigen bygning i hagen. Så langt me kan sjå av firmaregisteret til Sorenskrivaren i Jæren, etablerte ikkje Pauline eige firma på Bryne. Ho praktiserte i alle fall som fotograf der med søstera Kristine som retusjør og medhjelpar. Atelieret kan ha vore filial under broren sitt atelier på Sandnes. På den andre sida opererte Pauline frå rundt 1914 med eige namn på fotokartongane (sjå ill. 4). Den velkledde «Frøken Wiig» var ein kjend person i Bryne-gatene.
Foto: Pauline Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Pauline Wiig døydde i heimen på Bryne og vart gravlagd frå heimkyrkja på Orre i 1926. Søstera overtok eigedomen som testamentarisk gåve. Ho hadde då gifta seg i Stavanger, men døydde ikkje så mange år etterpå. Brorsonen Jonas Wiig heldt fram med fotografering på Bryne nokre dagar i veka. Han arbeidde hos faren på Sandnes og overtok atelieret der då faren døydde i 1930.
Då Pauline vart fødd 20. februar 1863, var dette rett før den nye loven kom 11. april same året som gjorde vaksne, ugifte kvinner myndige. Den tilsvarande loven for gifte kvinner kom først den 29. juni 1888, men var ikkje aktuell for Pauline. Ho gifta seg ikkje. Pauline fekk og oppleva at det vart full borgarleg likestilling mellom menn og kvinner då allmenn stemmerett vart innført i 1913. Det er ikkje kjent om Pauline brukte stemmeretten sin.
Den fotografiske arven etter Pauline Wiig
Det er ikkje bevart negativarkiv etter Henrik og Pauline Wiig, heller ikkje skriftlege kjelder som kundeprotokollar eller brev. Både privatpersonar, museum og arkivinstitusjonar har positivmateriale etter dei. Det finst både visittkortportrett og fleire typar oppdragsfotografi i private arkiv og samlingar. Men det bevarte materialet er spreidd. Derfor er det vanskeleg å danna seg eit bilde av Pauline Wiig som fotograf. Fotograferte ho, og dekorerte ho kartongane på ein annan måte enn dei mannlege kollegaene sine?
Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Jærmuseet.
Foto: Fotofirma Henrik Wiig. Jærmuseet.
Me kan også undrast på om menn på den tida helst ikkje ønskte å verta fotografert av ei kvinne. Påfallande mange av dei bevarte portretta etter Pauline Wiig viser i alle fall kvinner. Bevarte visittkortportrett frå åra mellom 1905–1915 viser at Pauline Wiig var dyktig når det galdt motivkomposisjon (sjå ill. 7, 8 og 9). Portretta hennar og portretta til Stavanger-fotografen Carl Kørner frå same perioden liknar kvarandre i så måte, også i bruk av ateliereffektar. Kørner var ein kjend fotograf, også nasjonalt.
Tidleg på 1900-talet leverte fotografane fleire portrettypar, mellom anna konfirmantbilde. Det kan sjå ut for at mange konfirmantjenter frå Jæren fotograferte seg hos Pauline Wiig.
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Pauline Wiig fotograferte også elevar eller kandidatar på fagskular i distriktet, både meieriskular, landbruksskular og husmorskular, som til eksempel første kullet ved Sømme husmorskule på Sola i 1912. Montasjebilda har høg kvalitet og merkar seg ut (sjå ill. 5 og 6), også i dag. Elevane ved Jærens Folkehøgskule på Kleppe i Klepp var faste kundar i atelieret til Wiig. Også desse vel kjennelege elevportretta i oval form har høg kvalitet (sjå ill. 10).
Foto: Fotofirma H. Wiig. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Postkortproduksjonen blomstra etter 1905, både nasjonalt og lokalt. Pauline Wiig produserte ikkje mange kort. Eitt av dei er eit nyttårskort frå den store Bryne-bedrifta Jærens Uldvarefabrikker frå årsskiftet 1906/1907 (sjå ill. 3). Pauline Wiig og broren vart også tilkalla til fotografering av gardstun og bedrifter i Time, Klepp og Hå.
Samla hadde Pauline og Henrik Wiig ein stor produksjon av alle dei fotografitypane som var vanlege dei første tiåra av 1900-talet. I ettertid har Pauline kome i skuggen til broren. Så langt me kan studera det bevarte materialet frå åra hennar som fotograf på Sandnes og på Bryne, står ho fram som ei dyktig fagperson, både som handverkar og som kunstnar.
© Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger, juni 2013
Utrykte kjelder:
Samtalar med Bodil Løge Wiig og Tore Wiig.
Statsarkivet i Stavanger:
-Sorenskrivaren i Jæren, Firmaregister A1 og A2, 1891–1901 og 1901–1930
-Sorenskrivaren i Jæren, Dødsfallsprotokoll B2, 1896–1910
-Folketellinga 1875 for Klepp.
Nettstader:
www.digitalarkivet.no Folketeljinga 1900 og 1910 for Kristiansand, Grimstad og Sandnes.
www.digitalarkivet.no Kyrkjebok for Klepp: Vigsle 6. mars 1884.
www.digitalarkivet.no Panteregister for Time, gnr. 1, Bryne, bnr. 70.
www.nb.no Det nasjonale fotografregisteret.
Litteratur:
Jonsbråten, Magnus, 1991:Små vandringer på Bryne og der omkring, kapitlet:Huset med de rare vinkler.
Risa, Lisabet, 2011:Fotografihistoria – sett frå Rogaland.
Risa, Lisabet, 1990:Bilete frå Hå.Folk og miljø 1860 – 1950.