Karen Christine Henrichsen

Her er artikkel nr. 7 i vår serie om dei første kvinnelege fotografane i Rogaland.

Frk. Henrichsen – åleine mellom menn

Karen Christine, eller Karen Henrichsen (1865 – 1940) flytte til Stavanger og etablerte atelierfirmaet Henrichsen & Co saman med Hakon Johannessen (1880 – 1978) i 1901. Båe kom frå Arendal. Det er ikkje kjent om dei var slektningar, eller om Johannessen hadde gått i lære hos Henrichsen og brørne hennar. Før fotograffaget kom inn under handverksloven i 1914, vart ei læretid på eitt år hos ein etablert fotograf rekna som utdanning i faget.

I 1901 hadde Henrichsen ein allsidig fotografpraksis bak seg saman med dei to brørne sine, Ole Andreas og Svend Jørstad Henrichsen. Ho og Ole Andreas hadde fotografforretning eller atelier på Strømsbuneset i Arendal frå om lag 1890 til 1893. Då broren Svend kom heim frå USA, kjøpte dei tre søskena ein eigedom i Barbu ved Arendal og flytte forretninga dit i 1895. Eldste broren døydde ikkje lenge etter. Dei to andre selde eigedommen og avvikla firmaet i Barbu rundt år 1900. Svend Jørstad Henrichsen opna ny fotografisk forretning i Arendal medan søstera flytta til Stavanger i 1901.

Ei ukjend kvinne i atelieret til det nye firmaet Henrichsen & Co i Kirkegata i Stavanger. Den enkle  komposisjonen med den fine lyssettinga viser at fotografen var dyktig. Det vart ofte slik at kvinnene fotograferte kvinner og barn i atelieret, medan mannlege kollegaer tok seg av oppdrag ute.  Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Ei ukjend kvinne i atelieret til det nye firmaet Henrichsen & Co i Kirkegata i Stavanger. Den enkle komposisjonen med den fine lyssettinga viser at fotografen var dyktig. Det vart ofte slik at kvinnene fotograferte kvinner og barn i atelieret, medan mannlege kollegaer tok seg av oppdrag ute.
Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
To ukjende småbarn i atelieret til Henrichsen & Co. Også dette fotografiet er frå dei første åra etter at firmaet etablerte seg i Stavanger i 1901. Etter 1900 annonserte fotografane i Stavanger for første gong at dei leverte portrett av små og større barn.  Dei fleste ateliera i byen vart utstyrte med leiker. Den flotte hesten med vogn hos Henrichsen & Co var likevel uvanleg. Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
To ukjende småbarn i atelieret til Henrichsen & Co. Også dette fotografiet er frå dei første åra etter at firmaet etablerte seg i Stavanger i 1901. Etter 1900 annonserte fotografane i Stavanger for første gong at dei leverte portrett av små og større barn. Dei fleste ateliera i byen vart utstyrte med leiker. Den flotte hesten med vogn hos Henrichsen & Co var likevel uvanleg.
Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.

Frå Arendal til Stavanger

Det er ikkje kjent om det var Karen Henrichsen som var drivkrafta bak flytting og etablering i Stavanger, eller om ho ”bare” var med den langt yngre Hakon Johannessen. Val av firmanamnet ”Henrichsen & Co” tyder på at det var Hakon Johannessen som følgde med henne.

Dei to fotografane frå Arendal etablerte seg i Kongsgate 28, ved ei av innfartsårene til byen. I 1901 var det  åtte atelierfirma i Stavanger (sjå nedanom), og fleire vart det dei første åra etterpå. Henrichsen & Co fekk raskt mange oppdrag for det lokale næringslivet. Industri- og reklamefotografi vart ein ny fotografitype i hermetikkbyen Stavanger. Privatpersonar som ville dokumentera den nye velstanden på heimebane, vart også ei ny kundegruppe. I det daglege delte dei to fotografane på oppgåvene. Det er naturleg å tru at Hakon Johannessen tok seg av industri- og reklameoppdraga ute i byen, medan Karen Henriksen hadde ansvaret for atelierfotografering.

Det er ikkje kjent om det var Karen Henrichsen eller kollegaen Hakon Johannessen som fotograferte hos grosserar Thorbjørn Waage. I året 1900 stod den store Waage-villaen ferdig i St. Svithunsgt. i Stavanger.Villaen som seinare fekk adresse Madlaveien 24, var ein av dei flottaste og mest påkosta privatboligane i byen. Ikkje rart at ekteparet Waage engasjerte firma Henrichsen & Co til å dokumentera det nye huset fotografisk, både innvendig og utvendig.Her ser me Elisabeth Waage ved skrivebordet i ei av stovene.    Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Det er ikkje kjent om det var Karen Henrichsen eller kollegaen Hakon Johannessen som fotograferte hos grosserar Thorbjørn Waage. I året 1900 stod den store Waage-villaen ferdig i St. Svithunsgt. i Stavanger.Villaen som seinare fekk adresse Madlaveien 24, var ein av dei flottaste og mest påkosta privatboligane i byen. Ikkje rart at ekteparet Waage engasjerte firma Henrichsen & Co til å dokumentera det nye huset fotografisk, både innvendig og utvendig.Her ser me Elisabeth Waage ved skrivebordet i ei av stovene.
Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Negativarkivet etter firmaet Henrichsen & Co inneheld mange oppdragsfotografi frå ”bedrestilte” heimar i byen. Mange av desse interiørfotografia er ukjende for oss i dag.Dette er eitt av dei. Me skulle kanskje tru det var kvinnelege fotografar som tok bilete av medsøstre i heimane deira, som i dette tilfellet. Dette fotografiet kan også  vera frå tida etter at Karen Henrichsen og Hakon Johannessen skilde lag i 1907.Henrichsen fann seg då eit nytt atelier i byen medan Johannessen overtok firmaet og negativarkivet i Kongsgata 28.       Foto: Henrichsen & Co eller Hakon Johannessen. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Negativarkivet etter firmaet Henrichsen & Co inneheld mange oppdragsfotografi frå ”bedrestilte” heimar i byen. Mange av desse interiørfotografia er ukjende for oss i dag.Dette er eitt av dei. Me skulle kanskje tru det var kvinnelege fotografar som tok bilete av medsøstre i heimane deira, som i dette tilfellet. Dette fotografiet kan også vera frå tida etter at Karen Henrichsen og Hakon Johannessen skilde lag i 1907.Henrichsen fann seg då eit nytt atelier i byen medan Johannessen overtok firmaet og negativarkivet i Kongsgata 28.
Foto: Henrichsen & Co eller Hakon Johannessen. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Dei første åra etter 1900 annonserte fleire fotografar i Stavanger at dei tok konfirmantbilete. Her er ein ukjend gut hos Henrichsen & Co, ikkje lenge etter 1901. Dette er den første, kjende kartongtypen til firmaet. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Dei første åra etter 1900 annonserte fleire fotografar i Stavanger at dei tok konfirmantbilete. Her er ein ukjend gut hos Henrichsen & Co, ikkje lenge etter 1901. Dette er den første, kjende kartongtypen til firmaet.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Dei første åra etter 1900 annonserte fleire fotografar i Stavanger at dei tok konfirmantbilete. Her er ein ukjend gut hos Henrichsen & Co, ikkje lenge etter 1901. Dette er den første, kjende kartongtypen til firmaet. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Dei første åra etter 1900 annonserte fleire fotografar i Stavanger at dei tok konfirmantbilete. Her er ein ukjend gut hos Henrichsen & Co, ikkje lenge etter 1901. Dette er den første, kjende kartongtypen til firmaet.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Ungdommen fotograferte seg ofte i lag og vart ei stor kundegruppe hos fotografane. Portretta deira var bytteobjekt. Her er veninnene Martha Skjæveland og Hansine Hansen hos Henrichsen & Co rundt 1905. Under visittkortportrettet i albumet etter Martha Skjæveland skreiv ho ”Karneval”. Klede og utstyr var kanskje lånte effektar. Så langt me kan sjå av bevarte visittkortportrett, er dette den yngste kartongtypen til firmaet frå dei seks åra Karen Henrichsen og Hakon Johannessen åtte dette i lag. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Ungdommen fotograferte seg ofte i lag og vart ei stor kundegruppe hos fotografane. Portretta deira var bytteobjekt. Her er veninnene Martha Skjæveland og Hansine Hansen hos Henrichsen & Co rundt 1905. Under visittkortportrettet i albumet etter Martha Skjæveland skreiv ho ”Karneval”. Klede og utstyr var kanskje lånte effektar. Så langt me kan sjå av bevarte visittkortportrett, er dette den yngste kartongtypen til firmaet frå dei seks åra Karen Henrichsen og Hakon Johannessen åtte dette i lag.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Baksida. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Baksida.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.

Konkurransen var hard mellom fotografane i Stavanger. I 1890-åra var det uro og rettssak på grunn av søndagsfotografering. Denne striden var avslutta då Henrichsen og Johannessen etablerte seg i byen. Då var det fleire ukjende reisefotografar som bekymra atelierfotografane. Dei framande som reiste i distrikta, ”stal” nemleg kundane deira. Dette var bakgrunnen for at fotografane etablerteStavanger Fotografiske Foreningi 1906.

I 1906 var kollegaen Hakon Johannessen med på å stifta Stavanger Fotografiske Forening, forløparen til Rogaland Fotograflaug. Åtte representantar for alle dei sju etablerte atelierfirma kom då saman og signerte møteprotokollen 10. mai dette året.Dei ville stå saman mot framande reisefotografar som dei meinte truga levebrødet deira. Protokollsida viser både signaturen Henrichsen & Co og namnetrekket til Hakon Johannessen, men Karen Henrichsen er ikkje nemnd mellom dei åtte mennene som var på møtet og som etablerte den nye foreininga.  Foto: Anne Karin Jåsund. Privatarkiv 77 Rogaland Fotograflaug. Statsarkivet i Stavanger.
I 1906 var kollegaen Hakon Johannessen med på å stifta Stavanger Fotografiske Forening, forløparen til Rogaland Fotograflaug. Åtte representantar for alle dei sju etablerte atelierfirma kom då saman og signerte møteprotokollen 10. mai dette året.Dei ville stå saman mot framande reisefotografar som dei meinte truga levebrødet deira. Protokollsida viser både signaturen Henrichsen & Co og namnetrekket til Hakon Johannessen, men Karen Henrichsen er ikkje nemnd mellom dei åtte mennene som var på møtet og som etablerte den nye foreininga.
Foto: Anne Karin Jåsund. Privatarkiv 77 Rogaland Fotograflaug. Statsarkivet i Stavanger.

Det var ikkje «Frk. Henrichsen», den eldste i firmaet Henrichsen og Co som møtte ved danninga, men Hakon Johannessen, «mannen» i firmaet. Det er grunn til å tru at kvinner ikkje fekk vera medlemmer i foreininga på dette tidspunktet. På dei fleste andre område hadde Karen Henrichsen dei same rettane som dei mannlege kollegaene. I 1901 hadde både ugifte og gifte kvinner for lengst fått dei same rettane som menn til å driva handverk og handel og til å etablera eigne firma. Stemmerett ved kommune- og stortingsval stod igjen. Henrichsen vart ein av dei mange kvinnene som kunne stemma ved kommunevalet i 1902, det første der kvinner hadde avgrensa stemmerett. Inntekta hennar som sjølvstendig næringsdrivande var truleg høg nok til at ho fekk stemmerett. Grensa var ei minsteinntekt på 300 kr på landsbygda og 400 kr i byane. Sidan ho hadde eiga inntekt som sjølvstendig næringsdrivande, kunne ho truleg også stemma for første gong ved Stortingsvalet i 1907.

Den 30. juli 1907 sette Karen Henrichsen inn ei kunngjering i Stavanger Aftenblad. Ho opplyste at ho skulle opna nytt atelier i forretningsgarden Østervaag 26 – 28 den 3. august 1907. Det er ingen grunn til å tru at det var ei glad og optimistisk kvinne som etablerte seg på nytt åleine.Kollegaen Hakon Johannessen overtok både atelieret i Kongsgata 28 og heile negativarkivet deira. Han førte også ein liten ”annonsekrig” i Stavanger Aftenblad mot den tidlegare kollegaen. Johannessen meinte kollegaen ikkje hadde rett til å nytta firmanamnet Henrichsen & Co etter at dei skilde lag.Kundane kunne då tru at det var ho som vidareførte det etablerte firmaet i Kongsgata, og at det var ho som hadde negativarkivet. Foto: Bjørn Samuelsen. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Den 30. juli 1907 sette Karen Henrichsen inn ei kunngjering i Stavanger Aftenblad. Ho opplyste at ho skulle opna nytt atelier i forretningsgarden Østervaag 26 – 28 den 3. august 1907. Det er ingen grunn til å tru at det var ei glad og optimistisk kvinne som etablerte seg på nytt åleine.Kollegaen Hakon Johannessen overtok både atelieret i Kongsgata 28 og heile negativarkivet deira. Han førte også ein liten ”annonsekrig” i Stavanger Aftenblad mot den tidlegare kollegaen. Johannessen meinte kollegaen ikkje hadde rett til å nytta firmanamnet Henrichsen & Co etter at dei skilde lag.Kundane kunne då tru at det var ho som vidareførte det etablerte firmaet i Kongsgata, og at det var ho som hadde negativarkivet.
Foto: Bjørn Samuelsen. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.

Firmaet Henrichsen & Co vert splitta i 1907

Eit godt dagleg samarbeid med ein yngre mannleg kollega hadde truleg meir å seia for Karen Henrichsen enn politiske rettar ved Stortings- og kommuneval. Kvardagen vart likevel annleis. Sommaren 1907 skilde dei to fotografane lag. Hakon Johannessen overtok atelieret åleine. Karen Henrichsen leigde atelieret i forretningsgarden Østervåg 26 – 28 etter fotograf Jacob T. Øglænd då han flytte til Sandnes same året.

Etter flyttinga fekk Karen Henrichsen fleire nye kollegaer eller konkurrentar i nabolaget, både firmaet Figved & Eide i Østervåg 9 – 11 med dei dyktige fotografane Waldemar Eide og Oscar Gulliksen. Han overtok atelieret der i 1911, då Waldemar Eide flytta til nytt atelier i ei av nabogatene. Kanskje kjende Karen Henrichsen seg åleine mellom alle dei mannlege kollegaene. På den andre sida var det ikkje eit aktivt fotofagleg miljø i byen på den tida. Det viste seg atStavanger Fotografiske Foreningikkje vart særleg levedyktig dei første åra etter 1906. Då året 1908 gjekk mot slutten, stilna aktiviteten heilt. Foreininga kom seg ikkje på fote att før i 1915. Då hadde Henrichsen for lengst flytta frå byen.

Henrichsen eksempelfotoHenrichsen eksempelfoto

Negativarkivet etter Karen Henrichsen frå dei om lag seks åra ho hadde atelier åleine i Østervåg 26 – 28 eksisterer ikkje i dag. Bevarte positiv i privatalbum viser at ho helst fotograferte kvinner. Desse to ukjende kvinnene var hos Henrichsen ikkje lenge før ho flytte frå byen rundt 1913. Det eine portrettet har både blindstempel på framsida og firmasignatur på baksida av kartongen. Det andre har blank bakside og firmasignatur nede på framsida. Dette er den eine av dei to kjende signaturane frå dei seks åra Henrichsen hadde firma i Østervåg. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Negativarkivet etter Karen Henrichsen frå dei om lag seks åra ho hadde atelier åleine i Østervåg 26 – 28 eksisterer ikkje i dag. Bevarte positiv i privatalbum viser at ho helst fotograferte kvinner. Desse to ukjende kvinnene var hos Henrichsen ikkje lenge før ho flytte frå byen rundt 1913. Det eine portrettet har både blindstempel på framsida og firmasignatur på baksida av kartongen. Det andre har blank bakside og firmasignatur nede på framsida. Dette er den eine av dei to kjende signaturane frå dei seks åra Henrichsen hadde firma i Østervåg.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.

Karen Henrichsen og andre kvinnelege fotografar

Karen Henriksen var ikkje å åleine som kvinne og fotograf i Stavanger i åra etter 1901. Folketeljinga 1910 viser at det var 438 sjølvstendige fotografar i Noreg. Av desse var 118 kvinner. I Rogaland var det minst 32 fotografar. Ti av desse var kvinner, men få hadde eige firma. Stavanger hadde 15 fotografar. Fleire av desse arbeidde hos andre. Karen Henrichsen var den einaste kvinna som var sjølvstendig atelierfotograf i Stavanger i 1910. Julie Lund fotograferte i åra ca. 1900 – 1917 men hadde ikkje eige firma. Hannchen Jacobsen hadde eige firma med fotobutikk og eit lite atelier i Kirkegata frå 1904 til ho døydde i 1908. Då overtok medarbeidaren Rachel Johnsen firmaet med fotobutikken. Ho var ikkje atelierfotograf. I 1916 måtte ho avvikla drifta, etter at ein mannleg kollega overtok Kodak-agenturet hennar. Agathe Svendsen Maakestad opna atelier i 1911, men nokre få år etterpå gjekk over til å driva fotobutikk. Ho selde butikken i 1946. Fleire kvinner arbeidde som negativretusjørar eller som fotografassistentar i etablerte firma, både før og etter 1910. Karen Henrichsen må likevel ha kjent seg litt åleine som kvinneleg fotograf i Stavanger.

Dette biletet av Mary Øksnevad (f. 1900) representerer den siste portrettypen Henrichsen produserte før ho flytte frå Stavanger i 1913. Portrettet er litt større enn visittkortformatet (11x6,5 cm) og er kleba på ein større kartong. Moten med små portrett med visittkortformatet 9x6 cm gjekk då mot slutten. Firmasignaturen er den siste kjende som Henrichsen brukte før ho avvikla firmaet sitt. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Dette biletet av Mary Øksnevad (f. 1900) representerer den siste portrettypen Henrichsen produserte før ho flytte frå Stavanger i 1913. Portrettet er litt større enn visittkortformatet (11×6,5 cm) og er kleba på ein større kartong. Moten med små portrett med visittkortformatet 9×6 cm gjekk då mot slutten. Firmasignaturen er den siste kjende som Henrichsen brukte før ho avvikla firmaet sitt.
Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.

Frå Østervåg til Kristiania

Karen Henrichsen leigde atelierlokala i Østervåg til 1913. Då flytta ho til Kristiania. Den 16. oktober 1913 annonserte fotograf J. W. Eskildsen i Egersund at han hadde etablert ei ny fotografisk forretning med moderne atelier i dei tidlegare lokala til firmaet Henrichsen & Co i Østervåg. Den store annonsen opplyste også at Eskildsen tok i mot etterbestillingar på ”Henrichsen & Co s plater (optat i Østervaag)” (sitat slutt). Eskildsen overtok med andre ord negativarkivet etter Henrichsen frå åra hennar i Østervåg. Både dette arkivet og arkivet etter Eskildsen vart sidan kassert.

Hakon Johannessen vart værande i Kongsgata 28 etter 1907. Sonen Per Borup Johannessen arbeidde i lag med faren og overtok firmaet då han døydde i 1978.Firmaet Hakon Johannessen vart avvikla i 1988.I ettertid vert Hakon Johannessen rekna som ein av dei ”store” fotografane i Stavanger.

Det vart meir stille rundt Karen Henrichsen etter flyttinga til Østervåg i 1907. I dag er firmanamnet hennar ukjent i byen. Omfanget av produksjonen er også ukjent. Dei fotografiske negativspora etter Henrichsen finst i den eldste delen av det store negativarkivet etter fotofirma Hakon Johannessen ved Statsarkivet i Stavanger og ved Stavanger byarkiv. Både statsarkivet, byarkivet, og fleire museum har positivmateriale etter henne, men ikkje nok til å danna seg eit godt bilete av korleis ho var som fotograf.

Kjelder:

Arkivverket, Digitalarkivet:

Folketellinga 1910.

Statsarkivet i Stavanger:

-PA 430 Hakon Johannessen.

-PA 77 Rogaland fotograflaug.

-Stavanger byfogdembete: Register over sletta firma 1891 – 1987.

-Stavanger byfogdembete: Firmaregisterprotokoll B2, 1900 – 1911.

Stavanger byarkiv:

-Samlingsnr. 1984/2, 1985/4 og 1987/2, sum 1922 nr. Delar av negativarkivet etter fotograf Hakon Johannessen.

Nettstader

Nasjonalbiblioteket:

http://www.nb.no/nmff/fotografer.php : Nasjonale samlingsregister. Fotografregisteret.

www.fotonettverk-rogaland.no

Litteratur

-Henriksen, Egil, 1993: Portrett, illustrasjon og dokumentasjon. Fotografiet i Stavanger fra 1885 til 1920. Artikkel i Stavanger Museum Årbok 1993.

-Nielsen, Thea, 1914: «Kvinder som fotografer», i: Marie Høgh (red), Norske Kvinder 1814 – 1914, del I.

-Risa, Lisabet, 2011: Fotografihistoria sett frå Rogaland.

-Stavanger Aftenblad 1900 – 1913.