Forfatter: Lisabet Risa, historikar, tidlegare førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger

  • Det nasjonale prosjektet – Fotografiets barneår

    Det nasjonale fotonettverket arbeider med to bevaringsprosjekt, Widerøe-prosjektet og prosjektet Fotografiets barneår.

    Vi kartlegg nå kva som er bevart av dei aller første fotografitypane ved museum og arkivinstitusjonar i heile landet. Dette er såkalla unika-fotografi; daguerreotypiar, ambrotypiar og ferrotypiar frå perioden ca. 1840-1860. Slike fotografi finst bare i eitt eksemplar.

    Det nasjonale fotonettverket og vi i Fylkesfotonettverk Rogaland er også interesserte i kva som er bevart av slike fotografi hos private.

    Derfor oppfordrar vi alle som har daguerreotypiar, ambrotypiar eller ferrotypiar til å kontakta oss om dette. Målet er å få eit samla oversyn og eventuelt også å laga ei nasjonalt bokverk over denne aller eldste fotografiske kulturarven vår.

    Det kan vera vanskeleg å sjå forskjell på daguerreotypiar og ambrotypiar. Her på nettsida vår kan du sjå eksempel på to ambrotypiar. Kulturhistorisk avdeling ved Stavanger Museum viser her to portrett frå Kielland-familien i Stavanger.

    Ta gjerne kontakt med underteikna, tel. 51 50 12 60/ epostadr.: liri@arkivverket.no eller med regionmuseet i distriktet ditt om du har slike fotografi.

  • Rogalandsfotografi på Digitalt Museum

    Haugalandmuseene, Ryfylkemuseet og Norsk Oljemuseum presenterer nå fotoskattar på Digitalt Museum, den nasjonale museumsnettstaden. Oljemuseet var først ute, og i går, 26. januar, var det Haugalandmuseene avd Karmsund folkemuseum sin tur. Snart kjem Jærmuseet med sine fotoarkiv og samlingar, og andre følgjer etter seinare.
    Det er dette fotomaterialet frå Rogaland som skal få ein felles søkeportal på nettsida vår frå midten av mars 2010. Til så lenge kan du gå til nettsida www.digitaltmuseum.no eller til dei tre lokale nettsidene. Der finn du søkeportal til desse tre Rogalands-musea.

  • Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.

    Det nasjonale fotografimuseet, Preus museum, har ei stor og sjeldan samling av internasjonale kunstneriske fotografi. Hausten 2010 opna museet ei utstilling der temaet er piktorialismen. Piktorialismen var ei internasjonal stilretning som dominerte innan fotografiet i åra frå om lag 1880 og til i 1930-åra. Fotografia skulle sjå ut som maleri. Dei hadde som oftast mjuke kontrastar og var resultat av ei fin lyssetting. Dette var dei maleriske fotografia si tid.

    Til utstillinga publiserte museet også ein omfattande og rikt illustrert katalog eller bok på 190 sider. Utstillinga viser over 200 fotografi, alle frå samlingane til Preus museum. Heile 113 av fotografia finst også i boka. Dette er arbeida til 50 fotografar frå inn- og utland. Ti fotografar har fått større presentasjonar på utstillinga. I denne utvalde gruppa finn vi Waldemar Eide (1886-1963) frå Stavanger og to andre norske fotografar, Thomas Blehr (1875-1949) og Olaf Christoffersen (1899-1984). Dei kjende utanlandske fotografane er svensken Henry B. Goodwin (1878-1931), Heinrich Kühn (1866-1944) og Rudolf Sulke (1885-1964) frå Østerrike, Léonard Misonne (1870-1943) frå Belgia, Edward J. Steichen (1879-1973) og Karl Struss (1886-1981) frå USA og Frank Meadow Sutcliffe (1853-1941) frå Storbritannia. Alle desse fotografane var både nyskapande og villige til å eksperimenta med motiva sine. Nå i ettertid ser vi at dei laga noko av det beste som er skapt i fotografihistoria. I dette selskapet finn vi også fleire av fotografia til to andre norske fotografar; Anders B. Wilse og zoologen Robert Collett.

    For oss i Rogaland er det interessant å sjå at Waldemar Eide vert presentert med om lag 12 fotografi, dei fleste portrett. Mange av desse finst også i katalogen saman med ein kort biografi om Eide. Fotografia til Eide og omtalen av fotografia hans viser at han både hadde kontakt med, og at han var på full høgd med dei andre, kjende internasjonale fotografane.

    Utgjevar: Preus museum i samband med utstillinga med same namnet.

    Forfattarar: Hanne Holm-Johnsen, Jens Gold og Marthe Marie Strand

    ISBN: 978-82-92999-03-5

    Boka kan kjøpast direkte frå Preus museum, postboks 254, N-3192 Horten.

    Utstillingsperiode: Preus museum 3. okt. 2010 – 20. mars 2011.

    Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.
    Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.
  • Firmaarkivet til fotograf Søren Sviland til Statsarkivet i Stavanger

    Fotograf Søren Sviland på Nærbø har deponert firmaarkivet sitt ved Statsarkivet i Stavanger. Dette er eit velordna negativarkiv på 26 000 oppdragsmapper samla i åtte arkivskap. Arkivet dekker perioden ca. 1964-2004. Alle oppdrag er registrert på data. Arkivet inneheld også ei lita positivsamling med eksempel på ulike oppdragstypar.

    Negativarkivet inneheld både tradisjonelle atelieropptak og oppdrag frå industrien og næringslivet elles på Jæren. Sviland hadde særleg mange oppdrag i kommunane Sandnes, Klepp, Time og Hå. Dette er den mest interessante delen av arkivet. Sviland var nemleg med på å dokumentera den blomstrande industriframveksten på Jæren knytta til landbruksnæringa i vid forstand. Frå før har statsarkivet fotografarkiva etter dei to første fotograf-firma på Bryne; Børge Kalvig og Magnus Sivertsen. Desse to arkiva går tilbake til 1951 og 1957.

    Gjennom arkiva etter Sviland, Kalvig og Sivertsen er folket og næringslivet på Jæren grundig dokumentert i den siste femtiårs perioden på 1900-talet.

    Vil du lesa meir og sjå eksempel på fotografia til Sviland, sjå her Artikkel i Stavanger Aftenblad

    BRIT ROMSBOTN | tekst og foto br@jbl.no
    Statsarkivet i Stavanger har 1550 privatarkiv….Om ikkje lenge blir desse og alle privatarkiv ved statsarkiva og Riksarkivet tilgjengelege på den norske arkivportalen. Jærbladet 23. des 2009, side 25

    Søren Sviland ser på bilda sine saman med Anne Karin Jåsund, institusjonsfotograf ved Statsarkivet, og arkivleiar Lisabet Risa (til venstre). testtesttett. Jærbladet 23. des 2009, side 26

    Ikkje handelsvare Det at fotoarkivet er gitt til Statsarkivet i Stavanger, betyr ikkje fri bruk av bilda….Statsarkivet har ansvaret for å få bilda ut. Jærbladet 23. des 2009, side 27

  • Kulturnett Rogaland

    I dag, 28. august 2009, fekk også Rogaland eiga kulturnettside. Etableringa av Kulturnett Rogaland har vore eit samarbeidstiltak mellom Rogaland fylkeskommune og Stavanger Museum. Etableringa har også fått prosjektstøtte frå ABM-utvikling.

    Målet med Kulturnett Rogaland er å bidra til styrking og utvikling av kulturlivet i Rogaland, og til å motivera til samarbeid i fylket vårt på dette området. Kulturnett Rogaland har peikar til nettsida vår, Fotonettverk Rogaland.

    Nettadressa: www.rogaland.kulturnett.no

  • Digitalisering av fotosamlinger

    Hege Oulie

    ABM-skrift # 55 (2009)

    I 2003 kom første utgåva av heftet Digitalisering av fotosamlinger. Dette var også første nummer i den etter kvart lange serien av ABM-skrift; orienterings- og rettleiingspublikasjonar frå ABM-utvikling.

    Digitalisering av fotosamlinger vart i 2003 godt motteke i det norske fotobevaringsmiljøet. Det gav ei grundig og instruktiv innføring i eit då relativt nytt fagområde ved norske bevaringsinstitusjonar. Hege Oulie leia arbeidet med første utgåva og har også ført denne reviderte utgåva i pennen. Sidan 2003 har det nemleg skjedd større endringar innan fotobevaringsområdet, både regionalt og nasjonalt, og ikkje minst endringar innan sjølve datateknologien. Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling nå har satsa på ei revidert og utvida utgåve av digitaliseringsheftet.

    Kontakt ABM-utvikling om du ønkjer eksemplarar av ABM-skrift # 55.

    Vil du orientera deg om alle dei 56 publikasjonane i serien ABM-skrift, gå til: ABM-utvikling / nye-publikasjoner

    Digitalisering av fotosamlinger
    Digitalisering av fotosamlinger
  • Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie

    Sigrid Lien er velkjend i det norske fotobevaringsmiljøet. Saman med Peter Larsen, båe tilknytta Universitetet i Bergen, gav ho i 2007 ut boka Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering.

    Boka Lengselens bilder med til saman 263 fotografi frå og av utvandra nordmenn i USA er ikkje ei tradisjonell biletbok, men resultat av eit studieprosjekt tilknytta paraplyprosjektet Fotografiet i kulturen ved Universiteta i Bergen og Trondheim. Sigrid Lien og kollegaen, etnologen Eva Reme, har vore på fleire studiereiser i eldre norske innvandrarområde i USA. Der har dei kartlagt norsk-amerikanske fotografar og produkta deira ved besøk i arkivinstitusjonar, museum og i private samlingar.

    Sigrid Lien har også sett på kva rolle Amerika-bileta spela i norske bygdelag med stor utvandring til USA på 1800-talet og framover. Her har ho særleg konsentrert seg om Setesdal. Men boka presenterer også fleire eksempel frå Jæren.

    Boka har åtte kapittel i tre overordna tema:

    -Dei tapte samanhengane: Om forholdet generelt mellom Amerika-brev og bilete.

    -Amerikafotografane, dei norsk-amerikanske fotografane, som historiefortellarar gjennom bileta deira.

    -Fotografialbumet som historiefortellar med ein presentasjon av bevarte Amerika-fotografi i norske bygdemiljø.

    Med boka presenterer Sigrid Lien eit for oss til no ukjent norsk-amerikansk fotografmiljø i USA. Dei fleste av oss har eit forhold til eldre Amerika-bilete i album og brev her i landet. Denne boka set desse bileta i ein fotografihistorisk samanheng i det tradisjonelle norsk-amerikanske miljøet i USA, og gir oss også interessant, ny kunnskap om Amerika-bileta sin rolle i landet vårt.

    Utgjevar: SAP c/o Spartacus Forlag 2009-07-01

    Boka kan kjøpast i bokhandelen.

    Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie
    Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie
  • Fylkesfotonettverk Rogaland – fagmøte 18. juni 2009

    Institusjonane i nettverket har to fagmøte i året. Fagmøtet i juni 2009 var på Stavanger museum. Leiar av styringsgruppa til fylkesfotonettverket, Målfrid Grimstvedt, og prosjektkoordinator Harald Hognerud presenterte arbeidet i Fylkesfotonettverk Rogaland fram til i dag og planane for samarbeidet vidare framover.

    Her kan du lesa meir

    Fotonettverk møte 18juni09-HH

  • Ny direktør på Preus museum

    Preus museum har tilsett ny direktør, Ingrid Nilsson frå Malmø Museer.

    Sjå pressemeldinga: http://www.preusmuseum.no/norsk/index.php

  • Landskonferansen for fotobevaring 2009

    Landskonferansen for fotobevaring 2009 vart dette året arrangert på Kviknes hotel i Balestrand 12.-13. mai.

    Temaet var: ”Foto til folket – det digitale samfunnsoppdraget”

    Her finn du aktuell informasjon: Konferanseprogram

    Vil du studera konferanseinnlegga, finn du dei her: Konferanseinnlegg

    Her finn du frå før mellom anna referat frå landskonferansane for åra 2006, 2007 og 2008.