Kraft og mangan. Foto frå kraft- og industriutbygginga i Sauda

Sauda Lokalarkiv er ei sjølvstendig stifting, men det blir arbeidd for at lokalarkivet skal bli ei avdeling av Ryfylkemuseet. Arkivet rommar variert arkivmateriale frå Sauda-samfunnet, men dei største arkiva er etter dei to store bedriftene som har omforma Sauda gjennom dei siste hundre åra. Det er kraftselskapet Saudefaldene AS, og det er smelteverket, som i dag heiter Eramet Norway Sauda, men som i størstedelen av si levetid har heitt Electric Furnace Products Company, Limited, forkorta til EFP.

Sønnåhamn i Sauda hausten 1916. Det var enno heilt i byrjinga av anleggstida. Ei brygge er under bygging og ei kran har kome på plass. I det kvitmåla huset i vika til venstre hadde Saudefaldene kontor den første tida.

I desse to bedriftsarkiva er det også eit omfattande fotomateriale. Det er snakk om rundt 2000 foto frå perioden 1916-1960 i smelteverketes arkiv, og knapt 3000 foto frå om lag same periode frå Saudefaldene. Størsteparten av bilda er katalogiserte på tradisjonelle fotokort, men berre ein del av dei er digitaliserte.

Vi gjengir her nokre smakebitar frå fotosamlingane, som gir oss eit bilde av korleis krafta og industrien kom til å omforma fjordbygda Sauda.

Anleggstida er over, EFP sin fabrikk på Klubben i Sauda er i gang. Det skjedde i 1923. Den opprinnelege planen var at EFP skulle produsera karbid, og det var ein karbidfabrikk som vart bygd. Den stod ferdig i 1920, men den kom aldri i drift fordi det ikkje lenger var marknad for karbid. I staden vart anlegget ombygt til produksjon av ferrolegeringar.

Det nye Sauda

Starten på det nye Sauda kan tidfestast til 1914. Den 1. juli gjorde Stortinget vedtak, etter ein omfattande debatt, om at Saudefaldene skulle få konsesjon til å byggja ut Storelva. Dette var i realiteten ei avgjerd som skulle føra til ei total omforming av det gamle Sauda-samfunnet. Utnyttinga av vasskraft til produksjon av elektrisk energi er grunnlaget for det Sauda vi kjenner i dag.

Det var hesten som var den viktigaste trekkrafta i anleggstransporten dei første åra. Men dei byrja også å ta i bruk bilar. Her køyrer ein 3,5 tonns «Lastautomobil» material til Saudefaldene sommaren 1916.

Åra frå 1907 til 1914 var ei førebuingstid, med samling av vassrettane på eigarhendene til Knut Worsøe og Einar Meling, med skiping av Saude Vasdragsselskab og deretter Aktieselskabet Saudefaldene. Framståande menn i det bergenske og stavangerske næringslivet teikna seg som aksjeeigarar, deriblant Sigvald Bergesen og Christian Michelsen, sjølvaste statsministeren frå 1905.

Eit brakkelag med anleggsfolk og kokker under kraftutbygginga ved Dalvatnet i Sauda i 1920.

Eit brakkelag med anleggsfolk og kokker under kraftutbygginga ved Dalvatnet i Sauda i 1920.

Ein føresetnad for å kunne setta i gang med  stortstilt kraftutbygging var at A/S Saudefaldene hadde nokon å selja krafta til. Etter å ha hatt kontakt med fleire interessentar, enda dei opp med det store amerikanske selskapet Union Carbide and Carbon Corporation i New York, som var interessert på vegne av det canadiske dotterselskapet sitt, Electric Furnace Products Company, Limited (EFP). EFP hadde planar om å etablere ein karbidfabrikk i Sauda, og denne fabrikken trong mykje elektrisk kraft. Denne ville dei leiga av Saudefaldene.

Konsesjon for A/S Saudefaldene og Electric Furnace Products Company, Limited vart gitt samtidig, ved kongeleg resolusjon av 11. desember 1914. Dette var første gong amerikansk kapital gjekk inn med tyngde i norsk industrireising. Ved tidlegare utbyggingar var det europeiske industri- og finansinteresser som hadde vore inne i bildet.

Med sterk is på Storlivatnet kunne røyra køyrast inn til Stasjon I med hest og slede.

Med sterk is på Storlivatnet kunne røyra køyrast inn til Stasjon I med hest og slede.

Anleggstid

Stolte arbeidarar og funksjonærar på eit flunkande nytt lokomotiv med firmanamnet på.

Stolte arbeidarar og funksjonærar på eit flunkande nytt lokomotiv med firmanamnet på.

Saudefaldene og EFP skulle setja i gang anleggsarbeidet i 1915, midt under 1. verdskrigen. Krigstilstanden vanskeleggjorde alt som hadde med varekjøp og import å gjera, sjølv om Norge var nøytralt. Og ei galopperande prisstiging skaut fart, og alle kalkylar vart spengde. I tida framover var det store anleggsarbeid både i heia og nede i bygda i Sauda. Her vart støypt store fundament, skjeletta til dei mektige fabrikkbygningane skaut i veret, ei 120 meter lang betongkai var under bygging, og store kranar kom på plass. Samtidig pågjekk det husbygging i stor stil til dei nye arbeidarane og funksjonærane, og gater, vatn og avløp måtte anleggast. Den nye tid hadde verkeleg kome for fullt, Sauda  stod i forvandlinga sitt teikn.

Fabrikken i Sauda sette i gang ei storstilt bustadbygging i Åbøbyen for å skaffa gode husvære til arbeidarar og funksjonærar. Heile anlegget var bygd slik at det reflekterte at bebuarane hadde forskjellig stillingar på fabrikken. Dei med høgast stillingar budde i dei beste husa, og desse hadde den beste plasseringa.

Tonnevis av stein vart transportert ut med hest frå tunnelane. Med skinnegangar og vogner (vaggar) gjekk arbeidet lettare. Lokomotiv drivne av pressluft (compressed air locomotive) vart også teke i bruk. Bildet er frå vinteren 1928.

Det vart bygt tre kraftstasjonar i Sauda mellom 1915 og 1931. Stasjon I ved Storlivatnet kom i drift i 1919, stasjon II ved Dalvatnet i 1922 og stasjon III i Sønnåhavn i 1931. EFP sin fabrikk på Klubben i Sauda kom endeleg i gang i 1923. Den opprinnelege planen var at EFP skulle produsera karbid, og det var ein karbidfabrikk som først vart bygd. Den stod ferdig i 1920, men den kom aldri i drift. For etter verdenskrigen var karbidens gullalder forbi.  Botnen hadde falle ut av den marknaden, dermed var det ikkje aktuelt for EFP å setta i gang med produksjon av karbid. I staden bestemte bedrifta seg for at anlegget skulle ombyggast til produksjon av ferromangan.  Det skjedde i åra 1920-1923. Manganen vart henta frå Ghana i Vest-Afrika, av båtar som gjekk i fast rute.

Bygging av Stasjon III

Ved Elvekryss går vassrøyret som leier vatn til Stasjon III i Sønnåhavn i eit imponerande spenn tvers over dalen. Dette bildet er truleg frå 1929, då arbeidet pågjekk. Røyret var ferdig montert i 1930.

Saudefaldene hadde brukt dei  første 10-11 åra til bygging av Stasjon I ved Storlivatnet og Stasjon II ved Dalvatnet med tilhøyrande dammar og tunnellar. Anleggsarbeida på Stasjon III tok til i 1927. Denne utbygginga utnyttar Storelva sitt fall mellom Storlivatnet i Hellandsbygd og Saudafjorden. Det skulle byggjast dam ved sørenden av Storlivatnet, ein over sju kilometer tunnel ned til fordelingsbassenget ovanfor Sønnå, røyrgate ned lia til kraftstasjonen og så sjølve kraftstasjonsbygget i Sønnåhavn. Over vegen i Tverrdalen vart røyrgata bygd i ein spektaulær boge, 32 meter over dalbotnen og med ei spennvidde på 60 meter, som var ferdig i 1929. Stasjon III var klar for prøvekøyring i oktober 1930 og vart sett i drift i februar 1931.

Det var eit strevsamt og møysommeleg arbeid å få på plass svære røyr til røyrgatene i bratte fjellsider.

Det var eit strevsamt og møysommeleg arbeid å få på plass svære røyr til røyrgatene i bratte fjellsider.

Stasjon I ved Storlivatnet vart bygd i åra 1916-1920. Prøvedrift kom i gang frå 20. oktober 1919, og frå då av var A/S Saudefaldene i gang som kraftprodusent. Bygningen er i typisk kraftstasjonsarkitektur frå si tid.

Stasjon III i Sauda framstår i dag som eit arkitektikon. Bygget vart teikna av arkitektane Andreas H. Bjercke og Georg Eliassen og bygt av entreprenørfirmaet Høyer-Ellefsen. Bygningen er i den særprega art deco-stilen, men har også element frå nyklassisismen, og fekk seinare også trekk frå funksjonalismen.  Stilarten er lite brukt i Norge og enno mindre innanfor industriarkitektur. Stasjon III er ved mange høve framheva som ein fin og eigenarta kraftstasjonsbygning, både innvendig og utvendig, og han er føreslått verna av NVE.  Hovudfasaden har ei spesiell vindusløysing med tre store runde «koøyer» nedst og eit horisontalt vindusband øvst. Stasjonen er bygd i betong og har ein lysegrøn fasade. Bygget er 38,5 meter langt, 20 meter breidt og 17 meter høgt.

Stasjon III i Sønnåhamn i 1930, snart klar for prøvekøyring. På denne tid vart kraftstasjonar framleis bygde ute i dagen og røyrgata ført nedover fjellsida bak stasjonsbygningen. Seinare vart både kraftstasjon og tilførselssjakt for vatnet bygt inne i fjellet.

Søndenåhavn kraftstasjon, Stasjon III eller Sauda III, slik han framstår i dag. Bygningen er i art deco-stil og er teikna av arkitektane Andreas H. Bjercke og Georg Eliassen. Foto: Jarle Lunde, Suldal Foto.

Litteratur:

Kjartan Fløgstad: Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. Oslo 1990.

Arnvid Lillehammer: Soga om Sauda. Bygdesoga bind 4-5, 1880-1940, 1940-2000. Sauda 2002-2015.

Lars Olav Fatland og Oskar Waage-Pettersen: Saudefaldene. Krefter blir kraft. Sauda 2013.

Trygve Brandal: ”Vatnet og krafta. 100 års krafthistorie i Sauda.” FOLK i Ryfylke. Årbok for Ryfylkemuseet 2012 s. 6-33.