Stikkord: daguerreotypi

  • Fotografering feirer 175 år

    Fotografering feirer 175 år

    19. august 2014 var det 175 år sidan ”heile verda” fekk detaljerte kunnskapar om koss ein skulle gå fram for å laga eit fotografi.

    Det franske Vitskapsakademiet presenterte denne dagen ei detaljert oppskrift på den store oppfinninga til Louis J. M. Daguerre (1787 – 1851). Det var han som produserte det første fotografiet.

    Eit daguerreotypi er eit negativ som vart framstilt på ei forsølva koparplate ved hjelp av kvikksølvdamp. Motivet synte seg som eit positivt bilete. Denne aller første fotografitypen var i bruk mellom 1839 og 1857 i Europa. Teknikken og fotografiet fekk namnet til oppfinnaren. Daguerreotypiet vart erstatta av negativ på glassplate med positiv til på papir. Då først kunne ein laga fleire eksemplar av same fotografiet.

    Vil du lesa meir om Daguerre og oppfinninga hans, kan du gå til boka til Roger Erlandsen: ”Pas nu paa! Nu tager jeg fra Hullet! Om fotografiens første hundre år i Norge 1839 – 1940” (2000). Fotografiet her er henta frå denne boka. Boka har og mange fine eksempel på norske daguerreotypi frå 1840-åra.

    Det var ikkje lett å fotografera i 1839. Her er utstyret som skulle til. I tillegg kom fleire typar kjemikaliar. Foto: Norsk Teknisk Museum.
    Det var ikkje lett å fotografera i 1839. Her er utstyret som skulle til. I tillegg kom fleire typar kjemikaliar.
    Foto: Norsk Teknisk Museum.

    Vil du sjå fleire eksempel på denne eldste fotografitypen, kan du gå til: http://www.daguerreobase.org/en/.

    Nettsida til Preus museum, www.preusmuseum.no markerer også jubileumsdagen.

  • Det europeiske Daguerreobase-prosjektet

    Det europeiske Daguerreobase-prosjektet skrir framover. Nyleg kom ein oppdatert versjon av nettstaden etter eit vellukka møte mellom nasjonale prosjektpartnarar i Praha, 21. januar 2014. Her i landet har nå Nasjonalbiblioteket starta arbeidet med å leggja inn metadata frå institusjonar med daguerreotypi.

    Vil du lesa meir om prosjektet og sjå eksempel på denne eldste fotografitypen, kan du gå til: http://www.daguerreobase.org/en/.

    Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten, har ei stor samling daguerreotypi. Her studerer Målfrid Grimstvedt ved Jærmuseet nokre av dei i samband med første styremøtet hennar ved museet, 27. februar 2014. Målfrid Grimstvedt er nå medlem av museumsstyret for perioden 2014 - 2017. Foto: Lisabet Risa
    Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten, har ei stor samling daguerreotypi. Her studerer Målfrid Grimstvedt ved Jærmuseet nokre av dei i samband med første styremøtet hennar ved museet, 27. februar 2014. Målfrid Grimstvedt er nå medlem av museumsstyret for perioden 2014 – 2017. Foto: Lisabet Risa
  • Digitalisering av daguerreotypier

    Morten Heiselberg er fotograf ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har laga ein interessant presentasjon med temaet Digitalisering av Daguerreotypes. Denne vil vera nyttig for
    alle, ikkje minst for dei bevaringsinstitusjonane som tar vare på daguerreotypimateriale. Digitalisering av Daguerotypes

  • 175-års jubileum for fotografiet

    Året 2014 er ikkje bare jubileumsår for den norske Grunnloven. I dag, 28. januar 2014, er det 175 år sidan nordmenn og svenskar fekk kjennskap til at ein kunstnar og kjemikar i Paris endeleg hadde funne opp den første vellukka fotografiske prosessen. Det vil seia: Det var dei som las den svenske avisa Dagligt Allehanda som fekk den viktige informasjonen.

    Louis J. M. Daguerre (1787 – 1851). Illustrasjonen er henta frå boka ”Store Opfindelser”, Kristiania 1880.
    Louis J. M. Daguerre (1787 – 1851). Illustrasjonen er henta frå boka ”Store Opfindelser”, Kristiania 1880.

    Etter 1814 hadde Noreg kongefellesskap med Sverige, men dei to landa var ikkje likestilte i unionen. Utanrikstenesta var svensk. Den 7. januar 1839 var den svenske ambassadøren i Frankrike til stades på eit møte i det franske Vitskapsakademiet,Académie des Sciencesi Paris. Ikkje lenge etter skulle han reisa heim til Stockholm. Akkurat denne dagen kunngjorde vitskapsmannen Aragot at Daguerre hadde funne opp den fotografiske prossessen. Tilhøyrarane fekk ikkje vita så mykje meir enn dette.

    Ikkje mange dagane etter dette møtet reiste ambassadøren heim til Sverige med den viktige informasjonen. Reisa tok nærare to veker med hest og vogn. Den 27. januar 1839 møtte han den svenske Riksdagen på slottet i Stockholm. Frå Riksdagen spreidde informasjonen om den nye oppfinninga seg ganske raskt til avisredaksjonar og forlagshus i Stockholm. Frå Paris spreidde informasjonen seg over over heile Europa. Men noko meir om den revolusjonerande teknikken fekk ikkje ”verda” vita om før eit halvår seinare.

    I dag er ikkje 7. januar, men 19. august 1839 den offisielle fødselsdagen. Den dagen presenterte nemleg det franske Vitskapsakademiet ei detaljert oppskrift på korleis Daguerre laga det første fotografiet. Teknikken og fotografiet fekk namnet hans; daguerreotypi.

    Eit daguerreotypi er eit negativ framstilt ved hjelp av kvikksølvdamp på ei forsølva koparplate, og der motivet syner seg som eit positivt bilete. Eit daguerreotypi kan bare framstillast i eitt eksemplar. Denne fotografutypen var i bruk mellom 1839 og 1857 i Europa. Det vart erstatta av negativ på glassplate med positiv til på papir.

  • Dalane Tidende – Klenodienes klenodier

    Faksimile av Dalane Tidende 15. november 2010, artikkelen "Klenodienes klenodier" om daguerreotypier ved Dalane Folkemuseum.
    Faksimile av Dalane Tidende 15. november 2010, artikkelen «Klenodienes klenodier» om daguerreotypier ved Dalane Folkemuseum.

    Måndag 15. nov. 2010 hadde avisa Dalane Tidende førstesideoppslag og ein brei presentasjon av dei 9 eldste fotografia ved Dalane Folkemuseum i Egersund. Eit nasjonalt kartleggingsprosjekt over dei eldste fotografia ved alle større abm-institusjonar i landet viser at Dalane Folkemuseum er den institusjonen i Rogaland som har flest daguerreotypiar og ambrotypiar. Men dette materialet har skadar. Kanskje kan denne verdfulle fotoskattten restaurerast og visast for publikum? Vil du lesa meir om den eldste fotoskatten ved Dalane Folkemuseum, kan du sjå her: Klenodienes klenodier (PDF) (side 21 i Dalane Tidende 15. november 2010).

  • Det nasjonale prosjektet – Fotografiets barneår

    Det nasjonale fotonettverket arbeider med to bevaringsprosjekt, Widerøe-prosjektet og prosjektet Fotografiets barneår.

    Vi kartlegg nå kva som er bevart av dei aller første fotografitypane ved museum og arkivinstitusjonar i heile landet. Dette er såkalla unika-fotografi; daguerreotypiar, ambrotypiar og ferrotypiar frå perioden ca. 1840-1860. Slike fotografi finst bare i eitt eksemplar.

    Det nasjonale fotonettverket og vi i Fylkesfotonettverk Rogaland er også interesserte i kva som er bevart av slike fotografi hos private.

    Derfor oppfordrar vi alle som har daguerreotypiar, ambrotypiar eller ferrotypiar til å kontakta oss om dette. Målet er å få eit samla oversyn og eventuelt også å laga ei nasjonalt bokverk over denne aller eldste fotografiske kulturarven vår.

    Det kan vera vanskeleg å sjå forskjell på daguerreotypiar og ambrotypiar. Her på nettsida vår kan du sjå eksempel på to ambrotypiar. Kulturhistorisk avdeling ved Stavanger Museum viser her to portrett frå Kielland-familien i Stavanger.

    Ta gjerne kontakt med underteikna, tel. 51 50 12 60/ epostadr.: liri@arkivverket.no eller med regionmuseet i distriktet ditt om du har slike fotografi.