Stikkord: Suldal

  • Ny bok om Odd T. Straabø og fotografi frå Suldal

    Terje Bråtveit og Rune Roalkvam: I Suldal har eg heime. Fotografi av Odd T. Straabø. Suldal Sogelag, Sand, 2012.

    I 2008 gav Suldal Sogelag ut boka Helsing frå Suldal. Postkort 1890 – 1960 (sjå tidlegare presentasjon). Der kan ein både lesa om, og sjå postkorta til bygdefotografen Odd T. Straabø (1851 – 1934) frå garden Stråpa i Suldal. Suldal står i ei særstilling i Rogaland på det fotografihistoriske området som den første turistkommunen i fylket. Stråpa var viktig her som landskaps- og postkortfotograf. Men Straabø var også ein dyktig bygdefotograf i Suldal i åra mellom 1900 og 1932. Han fotograferte mange familiar og enkeltpersonar i dalføret. Det er bevart om lag 250 glasnegativ og mange positiv, både i album og som enkeltfotografi i private heimar. Desse har nå fått si eiga bok, ei praktbok i stort format.
    I desember 2012 kom nemleg boka I Suldal har eg heime. Fotografi av Odd T. Straabø. Dette er ei bok på 288 sider og med om lag 300 fotografi med utfyllande tekstar til. Boka har også tre mindre kapittel som presenterer den allsidige Straabø, som smed, snikkar, fotograf og som bankmann. Straabø vert også sett inn i ein fotografihistorisk samanheng, og vi kan lesa om det bevarte positiv- og negativmaterialet etter han.
    Straabø let etter seg fleire fotografitypar, både postkort, landskapsbilete elles, familiebilete, portrett og bilete frå arbeid og fritid. I fotografihistorisk samanheng dominerer turistfotografia inntrykket av Suldal i eldre tid. Straabø skapte ein serie verdfulle dokumentarfotografi frå dalføret. Desse representerer det eigenlege Suldal, ikkje det glansbiletet som turistfotografane skapte. Fotografia til Straabø dokumenterer nemleg ”kvardags-Suldal”. Dei fortel både på ein direkte og indirekte måte om korleis det var å leva i gamle Suldal kommune i åra rundt 1900 – 1930.
    Fotografia etter Straabø og boka med fotografia hans representerer eit viktig bidrag til Suldalshistoria.

    Utgjevar: Suldal Sogelag, Sand. 2012. ISBN 978-82-996123-5-7

    Boka "I Suldal har eg heime"
    Boka «I Suldal har eg heime»
  • Vindetreet. Sogeskrift for Vindafjord 2010

    Den 19. årgangen av det fyldige og historieskriftet til dei tre sogelaga i Vindafjord kommune inneheld mellom anna to fotograf-artiklar.

    Alice Archer

    Trygve Brandal ved Ryfylkemuseet presenterer artikkelen Alice Archer – den engelske ryfylkefotografen. Mrs. Archer (1855-1936) ferierte på Sand i Suldal saman med familien sin mest kvar sommar mellom 1884 og 1914. Både ho og ektemannen Walther Archer var ivrige laksefiskarar. Men Alice Archer var også ein dyktig amatørfotograf. Ho fotograferte naturleg nok mest i området rundt feriebustaden på Rophaug i Sand. Men familien besøkte også andre bygder i Ryfylke med den staselege seglskuta si. Då hadde Alice Archer kameraet med seg.

    Ryfylkemuseet tek vare på det bevarte, fotografiske materialet etter Alice Archer, til saman 634 positivar i to albumar. Der finst det i alle fall ni fotografi frå ulike stader i dagens Vindafjord kommune. Fem av desse kan du sjå i Vindetreet saman med fyldige illustrasjonstekstar.

    Vil du sjå alle dei 634 fotografia etter Alice Archer ved Ryfylkemuseet, kan du gå til Søk i bildedatabase øvst til høgre her på nettsida vår og skriva Archer i søkefeltet. Om du vil sjå eit større utval av fotografia til Archer saman med fyldige tekstar, kan du gå til Nettutstillingar nede til høgre på nettsida, og til utstillinga Fotosamlinga etter Alice Archer. Saman med Archer-biografien i Vindetreet gir fotografipresentasjonen og nettutstillinga eit interessant bilete av ei engelsk kvinne som faktisk var ein av dei første landskapsfotografane i Ryfylke på 1800-talet.

    Waldemar Eide

    Lisbet Risa ved Statsarkivet i Stavanger presenterer artikkelen Fotografen Waldemar Eide – med utsyn frå Stavanger til Vats og resten av Europa. Waldemar Eide (1886-1963) er ein av dei mest kjende eldre portrettfotografane i Noreg. Men i samtida var Eide mykje meir enn ein høgt verdsett portrettfotograf representert på mange utstillingar i inn- og utland, og med mange førstepremiar og utmerkingar. Han var først og fremst ein dyktig atelier-fotograf med eige firma i Stavanger i åra mellom 1906 og 1953. Tusenvis av rogalendingar oppsøkte atelieret hans i løpet av dei 47 åra han var fotograf i byen. Eide tok også på seg fotooppdrag for offentlege etatar, bedrifter, skular og organisasjonar i denne perioden.

    Firmaarkivet etter Eide er ikkje bevart i dag, og denne kjende fotografen har ennå ikkje fått sin eigen biografi. Denne artikkelen samlar og presenterer dei viktigaste trådane i livsveven hans. Eide ferierte med familien sin i Nedre Vats i Vindafjord i alle år frå før 1920. Han både teikna, mala og fotograferte under sommaropphalda der og var ein velsett gjest i alle bygdene i nåverande Vindafjord kommune.

    Illustrasjonane i Vindetre-artikkelen er ikkje dei kjende kunstnarportretta til Eide, men maleri og fotografi med tilknyting til familiemannen Eide og til sommaropphalda i Nedre Vats.

    Utgjevar: Sandeid, Vikedal og Imsland sogelag, Skjold og Vats sogelag og Vikebygd sogelag.

    ISSN: 0805-4878

    Vindetreet inneheld 27 oppslag og artiklar. Heftet har 100 sider og er trykt i fargar i A4-format. Det kan kjøpast ved å besøka heimesida til Vindetreet: www.vindetreet.com

    Vindetreet. Sogeskrift for Vindafjord 2010
    Vindetreet. Sogeskrift for Vindafjord 2010
  • Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960

    Suldal Sogelag har gitt ut boka Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960. Boka presenterer om lag 340 postkort frå heile dagens Suldal kommune. Suldal står i ei særstilling i Rogaland på dette området. Ingen andre kommunar har så mange eldre kort som Suldal. Dette har samanheng med etableringa av Turistrute 7 i 1887, vegen gjennom Suldals-dalføret mellom Røldal i Hordaland og Sand. Postkorta har solide og informative tekstar. Derfor vert boka også ei interessant og informativ lokalhistorie om Suldal. Boka har også innleiingskapitlet Fotografane og postkorta frå Suldal. Dermed vert boka også eit bidrag til fotograf- og fotografihistoria i Rogaland.

    Utgjevar: Suldal sogelag 2008. Redaksjon: Rune Roalkvam (redaktør), Terje Bråtveit, Ola Lagarhus og Bjarte Skipevåg.

    Kan kjøpast frå: Bokhandlarane og Rogaland Historie-og Ættesogelag.

    Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960
    Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960
  • Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940

    Boka presenterer over 300 fotografi frå perioden 1880-1940 frå Ryfylke-kommunane Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Fotografia vert presentert tematisk i fire store kapittel med introduksjonstekst til. Tema er folkelivsbilete, arbeidslivsbilete biletlandskap og ferdaminne. Denne boka viser ikkje minst kor mange verdfullle amatørfotografi som finst kringom i private heimar og kor viktig det er å sikra desse for ettertida.

    Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940
    Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940