Stikkord: familiefoto

  • Var oldemor verkeleg i Amerika?

    Var oldemor verkeleg i Amerika?

    Fallgruver ved registrering av fotografi knytt til utvandringa til Amerika

    Når ein viktig person mangla i familien

    Mot slutten av året 1909 kom det brev med fotografi til familien i Noreg frå Maria Hanson (1865 – 1937) i Minnesota, USA. I brevet kunne familien hennar heime på Jæren lesa at ektemannen Peter Hanson (1863 – 1909) vart sjuk og døydde i september dette året. Maria var frå Re i Time og Peter frå Gilja i tidlegare Høyland kommune. Dei emigrerte i 1880-åra, møttest i Hanley Falls, Minnesota og gifta seg i 1889. No sat Maria igjen åleine med ansvaret for farmen dei hadde kjøpt og dei åtte barna som dei fekk mellom 1890 og 1908.

    Maria Hanson og familien hennar i Hanley Falls, Minnesota, 1909. Ukjend fotograf, USA. Privat eige.

    I dag er brevet med denne triste bodskapen for lengst borte. Det vart truleg kasta, slik skjebnen var for dei fleste Amerikabreva. Men fotografiet er bevart. Sjølv om den skriftlege informasjonen om sjukdommen og dødsfallet ikkje finst i dag, talar fotografiet «sitt tydelege språk». Maria og barna er samla rundt eit bord med eit stort portrett av ektemannen og faren. Den lokale fotografen laga truleg først ei forstørring av eit lite portrett av Peter Hanson. Etterpå fotograferte han familien saman med portrettet. På denne måten fekk dei både eit minne om ektemannen og faren, og fotografiet kunne formidla den triste hendinga til familien heime i Noreg.

    Dette biletet er ikkje manipulert. Det formidlar ein bodskap utan at noko er fotografert inn i biletet, fjerna eller flytta på. Sjølv om den som registrerer fotografiet i dag ikkje kjenner personane, forstår registrator kva dette fotografiet vil fortelja.

    Var oldemor verkeleg i Amerika?

    Fotografen kunne og forandra på eit bilete slik at det fekk eit nytt innhald og dermed ein annan bodskap enn den opphavlege. Han kunne til eksempel laga ein fotomontasje av to eller fleire ulike bilete. Då måtte fotografen gjerne både klippa ut delar av to eller fleire fotografi og setja dei saman til eitt nytt før avfotografering til ny negativ. Det var svært ofte nødvendig å skjula samanføyingskantar. Då måtte fotografen retusjera det nylaga biletet ved hjelp av pensel og maling før avfotografering.

    Det er ikkje alltid lett å oppdaga slike manipulasjonar når fotografiet, den nye positiven, har eit lite visittkortformat (ca. 6 x 9 eller 7 x 10 cm). Mange av dei eldre atelierfotografane var uvanleg dyktige på dette området. Ofte ser me ikkje resultatet av arbeidet deira med fotografiet før dette vert skanna og blåst opp på dataskjermen.

    Johanna Pedersdotter Vigrestad (1842 – 1918), ca. 1915. Foto: Pauline Wiig, Bryne. Negativ: Statsarkivet i Stavanger. Digital versjon: Fotoarkivet Hå folkebibliotek 1982/12 HÅ 57:1.
    Fire generasjonar. Johanna Pedersdotter Vigrestad til høgre med dottera Johanne Margrethe i Chicago til venstre. Ho har dotterdotter si på fanget og dottera bak. Reprofoto: Austin, Chicago, USA. Negativ: Statsarkivet i Stavanger. Digital versjon: Fotoarkivet Hå folkebibliotek 1982/12 HÅ 57:30.

    Dei to kvinneportretta her er talande eksempel på biletmanipulasjon. Portrettet av den eldre kvinna er frå atelieret til fotograf Pauline Wiig på Bryne og firegenerasjonsbiletet frå studioet til fotograf Austin i Chicago, USA. Kvinna på portrettet er Johanna Pedersdotter Vigrestad (1842 – 1918). Dette fotografiet stod fremst i eit familiealbum frå garden Vigrestad. På fotokartongen finst firmanamnet til Pauline Wiig. Ho var styrar for fotoatelieret til broren Henrik Wiig på Bryne frå 1904 til 1911. I 1912 etablerte ho eige firma i nye lokale på Bryne. Dermed kan portrettet av Johanna daterast til åra mellom 1912 og 1918. Samanliknar me dette med andre portrett frå Pauline Wiig, ser me tilsvarande golvteppe og dekorasjonar på fondveggen i atelieret på portrett frå åra 1915 – 1916. Portrettet av Johanna er med andre ord ikkje ein reprokopi av eit eldre fotografi. Det var dermed ikkje så vanskeleg å tidfesta biletet, og albumeigaren visste kven kvinna var.

    Lenger ute i albumet (foto nr. 30) finst biletet med dei fire kvinnene i Chicago. Var gamlemor Johanna verkeleg på besøk hos dottera Johanne Margrethe og resten av familien i USA? Me kan jo lett tru dette sidan ho hadde så å seia heile familien sin der. Johanna fekk 11 barn. To av dei døydde små. Av dei ni som voks opp, reiste åtte til USA, dei aller fleste til Chicago. Berre ei av døtrene var igjen heime. To av sønene kom tilbake. Barna i USA var flinke til å senda heim flotte portrett til foreldra, særleg dei tre eldste døtrene som kom til Chicago rundt 1890. Dei fleste portretta i albumet heime på Vigrestad var frå studioet til fotograf Anton Rohde i Chicago. Dette her av dei fire kvinnegenerasjonane er frå rundt 1920 (fig. 3). Det merkte seg ut, i første omgang sidan det var frå ein annan fotograf i Chicago enn Anton Rohde.

    Nærare ettersyn viste at dette fotografiet var manipulert. Johanna Pedersdotter besøkte ikkje barna sine i USA. I Chicago monterte fotograf Austin saman fotografiet sitt med portrettet til Pauline Wiig på Bryne. Dette vart gjort på ein så bra måte at det var nærast uråd å sjå dette på biletet i albumet. Om me ikkje oppdaga samanhengen til portrettet av Johanna åleine (nr. 1 i albumet), ville nok dette konstruerte firegenerasjonsbiletet ført til at også Johanna Pedersdotter kom med i listene over utvandra frå Jæren til USA.

    Når fotografnamn skapar forviklingar

    Det var ikkje uvanleg at folk bestilte nye kopiar av portrett frå fotografen. Det var heller ikkje uvanleg at dei som reiste til Amerika, ville overraska familien heime med nye og flotte kopiar av eldre familiebilete som dei hadde hatt med seg i reisekofferten. Som i tilfellet med oldemor ovanom (fig. 2 og 3) kan slike fotografi i «ny drakt» lett føra til feilregistrering både når det gjeld tid og stad.

    Dei to portretta her i kabinettformat (ca. 13 x 18 cm) finst i eit album med bilete frå 1860-åra og framover til ca. 1915. Då vart det umoderne med portrett i visittkort- og kabinettformat.

    Desse to portretta merkar seg ut i albumet. Den gode kvaliteten på fotografia og det enkle og tilsynelatande tidlause preget på klede og hårfrisyre til dei avfotograferte, gjer det vanskeleg å tidfesta dei. Ein tilsynelatande sikker og handfast informasjon er fotografreferansen: O. G. Jacobsen, 488 Milwaukee Ave, Chicago. Men kven var dette unge paret i Chicago på slutten av 1800-talet?

    Når me registrerer eldre fotosamlingar frå eit avgrensa område, til eksempel ein gard med fleire enkeltbruk og familiar som er slektningar, er det nyttig å studera fleire album under eitt. Eigaren av albumet med dei to Chicago-portretta, kjende ikkje personane. Det gjorde heller ikkje eigaren av eit anna visittkortalbum der dei same fotografia fanst, men i visittkortformat og med ein heilt annan fotograf, nemleg Erik Jensen, Hetlandsgata i Stavanger (Jensen Hetlandsgaden Stavanger). Format og type fortalde oss at dei to portretta var frå rundt 1870 då Jensen hadde atelier i Stavanger (1869 – 1874).

    Dette lærte oss at dei to fotografia frå USA var langt yngre reprofotografi enn dei to frå rundt 1870. Nokon, kanskje dei to avfotograferte, hadde tydelegvis hatt med seg eit sett av dei små originalfotografia til USA og fått laga nye kopiar av dei på eit seinare tidspunkt.

    Til sist fall alle brikker på rett plass. I eit tredje album var det også eit sett av portretta, også der i visittkortformat, men temmeleg bleikna og utan fotografinformasjon på kartongen. Desse to bileta var truleg resultat av ei etterbestilling lokalt. I dette tilfellet visste albumeigaren kven personane var: Ekteparet Peder Gundersen (1842 – 1918) og Sissel Pedersdotter (1849 – 1922 ) var aldri i USA, men levde begge på heimegarden Hårr heile livet. Det var med andre ord ikkje dei som sende desse nye, og etter norsk målestokk svært så flotte fotografia heim til familien, og heller ikkje dei som hadde fotografia med heim til Noreg etter opphald i USA.

    Dermed vert det feil om ein registrerer desse fotografia som tekne i Chicago, og at desse viser to personar som utvandra dit. Ekteparet frå Hårr høyrer med andre ord ikkje til i utvandrarstatistikken.

    I dette tilfellet var det hell som gjorde at me kom fram til opphav og bakgrunn. Sissel og Peder fekk ti barn. Tre døydde som barn eller i ung alder. Fem av dei andre reiste til USA rundt år 1900, men dei fleste kom tilbake etter ei tid. Då må det ha vore eitt av barna deira som hadde dei to små ungdomsportretta av foreldra meg seg i reisekofferten til USA. Kanskje sende vedkomande dei to nye frå Chicago heim til familien, eller kanskje laga han dei til seg sjølv for å ha to minnebilete av foreldra i større format og av langt betre kvalitet enn dei små originalbileta frå om lag 1870.

    Konklusjon

    Desse eksempla på fotografi frå USA og Noreg er nokre få av svært mange som byr på problem ved registrering nå i ettertid. Mange fotografi som vart sende frå Noreg til familie i USA, eller frå USA til Noreg, kunne vera manipulerte. Svært mange fotografi som emigrantane hadde med seg, vart reprofotograferte i USA, forstørra, kopierte på moderne, glansfullt fotopapir som ikkje fanst i Noreg då, og kanskje også kolorerte for hand. Dermed fekk dei også ein ny fotografreferanse. Alt dette er det ikkje lett å oppdaga nå i ettertid.

    Tanken var likevel god hos dei som fekk forandra på fotografia sine. Dei ønskte at bileta dei sende til familien skulle ha så god kvalitet som råd. Fotografia skulle gje eit så godt, og vel også eit så flatterande inntrykk som råd var av livslagnaden deira, enten dette var i USA eller i Noreg.

  • Nyrud, May Tove: Holmeegenes – familien Pedersen og fotografiene. Stavanger 2012.

    Nyrud, May Tove: Holmeegenes – familien Pedersen og fotografiene. Stavanger 2012.
    Nyrud, May Tove: Holmeegenes – familien Pedersen og fotografiene. Stavanger 2012.

    Museum Stavanger Årbok 2010 presenterer ein artikkel om fotografia etter Stavanger-familien Pedersen på Holmeegenes. Det omfattande og mangearta fotografiske materialet går frå 1870-åra til litt inn på 2000-talet, men mesteparten skriv seg frå perioden ca. 1915 – 1950. Museum Stavanger har dei siste åra utført ei omfattande registrering og digitalisering av alt innbuet på eigedommen Holmeegenes, både gjenstandar, boksamlinga, husarkivet og det fotografiske materialet etter familien som budde der.

    May Tove Nyrud presenterer fotografia som etnologisk kjeldemateriale. Lesaren kan til eksempel følgja forfattaren gjennom dei ulike romma i heimen og lesa om kva slags fotografitypar det var på kontoret til husfaren, i dei tre stovene i huset, eller på soveromma, dei mest private romma. Den rikt illustrerte artikkelen viser også korleis fotografia vart brukte i dei ulike romma. Forfattaren plasserer også familiebileta i ein fotografihistorisk og i ein byhistorisk samanheng.

    Artikkelen er eit eksempel frå Rogaland på boka til etnologen Oddlaug Reiakvam, Bilderøyndom, røyndomsbilde (1997). Denne etnologiske innfallsporten til fotografihistoria viser på fleire måtar kor viktig fotografiet er som kjeldemateriale innafor fleire fagområde. Artikkelen Holmeegenes – familien Pedersen og fotografiene kan vera til inspirasjon for andre etnologar og historikarar, sjølv om det ikkje finst så mange vel bevarte privatmiljø i Rogaland som Holmeegenes å bruka som studieobjekt.

    Utgjevar: Museum Stavanger. 2012. ISBN 978-82-90054-7-4

  • Vindetreet. Sogeskrift for Vindafjord 2010

    Den 19. årgangen av det fyldige og historieskriftet til dei tre sogelaga i Vindafjord kommune inneheld mellom anna to fotograf-artiklar.

    Alice Archer

    Trygve Brandal ved Ryfylkemuseet presenterer artikkelen Alice Archer – den engelske ryfylkefotografen. Mrs. Archer (1855-1936) ferierte på Sand i Suldal saman med familien sin mest kvar sommar mellom 1884 og 1914. Både ho og ektemannen Walther Archer var ivrige laksefiskarar. Men Alice Archer var også ein dyktig amatørfotograf. Ho fotograferte naturleg nok mest i området rundt feriebustaden på Rophaug i Sand. Men familien besøkte også andre bygder i Ryfylke med den staselege seglskuta si. Då hadde Alice Archer kameraet med seg.

    Ryfylkemuseet tek vare på det bevarte, fotografiske materialet etter Alice Archer, til saman 634 positivar i to albumar. Der finst det i alle fall ni fotografi frå ulike stader i dagens Vindafjord kommune. Fem av desse kan du sjå i Vindetreet saman med fyldige illustrasjonstekstar.

    Vil du sjå alle dei 634 fotografia etter Alice Archer ved Ryfylkemuseet, kan du gå til Søk i bildedatabase øvst til høgre her på nettsida vår og skriva Archer i søkefeltet. Om du vil sjå eit større utval av fotografia til Archer saman med fyldige tekstar, kan du gå til Nettutstillingar nede til høgre på nettsida, og til utstillinga Fotosamlinga etter Alice Archer. Saman med Archer-biografien i Vindetreet gir fotografipresentasjonen og nettutstillinga eit interessant bilete av ei engelsk kvinne som faktisk var ein av dei første landskapsfotografane i Ryfylke på 1800-talet.

    Waldemar Eide

    Lisbet Risa ved Statsarkivet i Stavanger presenterer artikkelen Fotografen Waldemar Eide – med utsyn frå Stavanger til Vats og resten av Europa. Waldemar Eide (1886-1963) er ein av dei mest kjende eldre portrettfotografane i Noreg. Men i samtida var Eide mykje meir enn ein høgt verdsett portrettfotograf representert på mange utstillingar i inn- og utland, og med mange førstepremiar og utmerkingar. Han var først og fremst ein dyktig atelier-fotograf med eige firma i Stavanger i åra mellom 1906 og 1953. Tusenvis av rogalendingar oppsøkte atelieret hans i løpet av dei 47 åra han var fotograf i byen. Eide tok også på seg fotooppdrag for offentlege etatar, bedrifter, skular og organisasjonar i denne perioden.

    Firmaarkivet etter Eide er ikkje bevart i dag, og denne kjende fotografen har ennå ikkje fått sin eigen biografi. Denne artikkelen samlar og presenterer dei viktigaste trådane i livsveven hans. Eide ferierte med familien sin i Nedre Vats i Vindafjord i alle år frå før 1920. Han både teikna, mala og fotograferte under sommaropphalda der og var ein velsett gjest i alle bygdene i nåverande Vindafjord kommune.

    Illustrasjonane i Vindetre-artikkelen er ikkje dei kjende kunstnarportretta til Eide, men maleri og fotografi med tilknyting til familiemannen Eide og til sommaropphalda i Nedre Vats.

    Utgjevar: Sandeid, Vikedal og Imsland sogelag, Skjold og Vats sogelag og Vikebygd sogelag.

    ISSN: 0805-4878

    Vindetreet inneheld 27 oppslag og artiklar. Heftet har 100 sider og er trykt i fargar i A4-format. Det kan kjøpast ved å besøka heimesida til Vindetreet: www.vindetreet.com

    Vindetreet. Sogeskrift for Vindafjord 2010
    Vindetreet. Sogeskrift for Vindafjord 2010

  • Bjørn Axel Johansson: Stora boken om familjebilder

    Jacob Forsell (biletredaktør & fotograf)

    Vi vil gjerne presentera ei svensk bok om fotografihistorie og fotobevaring. Sjølv om Stora boken om familjebilder vender seg mot lesarar i Sverige, er ho i like stor grad aktuell for oss i Noreg. Vi har nemleg ikkje ei tilsvarande norsk bok. Fotografihistoria er på mange måtar felles for begge landa, ikkje minst den tekniske utviklinga. Men også fotografitypar og motivgrupper er dei same. Derfor vil vi her i Noreg ha stort utbytte av å studera denne flotte og uvanleg rikt illustrerte boka.

    Bjørn Axel Johansson er både fotograf og fotohistorikar. Dette merkar vi på den interessante og litt uvanlege måten han presenterer fotografihistoria på. Dette er nemleg boka om Vardagens fotografi . Johansson tek utgangspunkt i den store og ofte ueinsarta gruppa familiefotografi som gjerne finst heime hos foreldra og besteforeldra våre, men gjerne gøymde eller stua bort i øskjer på loft eller kjellar. Dette er fotografi som representerer mange forskjellige teknikkar og motivgrupper. Gjennom boka lærer forfattaren oss korleis vi kan identifisera fotografia når vi kjenner den fotografihistoriske utviklinga. Dermed lærer han oss også at slike familiefotografi-samlingar representerer historiske skattsamlingar.

    Boka er ikkje lagt opp strengt kronologisk, om ho likevel tek for seg fotografihistoria tiår for tiår, frå 1839 til dagens digitale fotografi. Boka presenterer nemleg fotografihistoria på ein spennande måte ved mange tema-kapittel, ikkje minst innan den fototekniske utviklinga. På ein enkel og interessant måte reint pedagogisk lærer forfattaren oss om ulike kameratypar, negativ- og positivtypar og om motivgrupper. Vi kan også lesa om både kjende og ukjende svenske fotografar og fotofirma. I praksis var desse ikkje ulike dei norske fotografane. Dei hadde den same interessa for faget sitt og det same tekniske utstyret.

    Dette er ei bok som vi trur mange vil ha glede og nytte av å studera.

    Utgjevar: Historiska Media, Box 1206, 221 05 Lund, Sverige

    ISBN 978-91-85873-98-2

    Kontakt: info@historiskamedia.se

    Informasjon: www.historiskamedia.se

    Bjørn Axel Johansson: Stora boken om familjebilder
    Bjørn Axel Johansson: Stora boken om familjebilder