Stikkord: kunst

  • Utstillinga «Drømmen om det perfekte bildet»

    Den 10. juni 2012 opnar utstillinga Drømmen om det perfekte bildet på Preus museum, den nasjonale museet for fotografi. Organsisasjonen Norsk Selskap For Fotografi markerer 85 års-jubileet sitt med ei flott utstilling av kunstnarlege fotografi. Vi kan studera 230 fotografi frå 1930 og fram til i dag. Til saman 156 fotografar frå heile landet er representert, aktive amatørfotografar organiserte i norske kameraklubbar eller fotoklubbar. Norsk Selskap for Fotografi (NSFF) vart stifta i 1927, og er ein fellesorganisasjon for medlemmer i fotoklubbar og andre fotointeresserte. I dag har selskapet over 3400 medlemmer frå 105 lokale klubbar.

    Statsarkivet i Stavanger er også knytta til Norsk Selskap For Fotografi. I 1972 deponerte organisasjonen den eldste delen av store arkivet sitt ved Statsarkivet. Dette privatarkivet får stadig tillegg. Eldre konkurransefotografi utgjer ein større del av arkivet. Mange av desse er nå utlånte til jubileumsutstillinga saman med ein serie eldre juryprotokollar frå dei årlege nasjonale fotokonkurransane.

    Utstillingsperiode: 10. juni – 2. sept. 2012

    Aktuelle lenker: Norsk Selskap For Fotografi : www.nsff.no Preus museum: www.preusmuseum.no

    pa_108_001_2_mediumTittelbladet til katalogen over ein del av arkivet til Norsk Selskap for Fotografi, privatarkiv nr. 108 ved Statsarkivet i Stavanger. Katalogen omfattar alle konkurransebilda frå 1950- og 1960-åra. Foto: Statsarkivet i Stavanger.

  • Preus museum: «Motefotografi. Tradisjon og nyskaping»

    Våren 2012 arrangerer Preus museum utstillinga Motefotografi. Tradisjon og nyskaping. Til utstillinga har museet produsert ein rikt illustrert utstilingskatalog, ei bok på 175 sider i stort format og med flotte presentasjonar av svært mange av utstillingsfotografia. Boka er delt i i fem større tema; først dei tre artiklane Motefotografiet ved Hanne Holm-Johnsen, Tendenser fra norsk motefotografihistorie ved Tone Rasch og Kleskoden ved Mari Grinde Arntzen. Deretter følgjer Fotografer, ein presentasjon av ni kjende motefotografer ved Hege Oulie. Til sist følgjer kapitlet Bakgrunn med sju forskjellige temapresentasjonar; Teknikk, Mote/kunst, Iscenesettelse, Realisme/Snapshot, Surrealisme, Norsk motefoto 1930 – 1990 og Motemagasinet. Tekstane her er ved Hanne Holm-Johnsen og Hege Oulie.

    Boka Motefotografi. Tradisjon og nyskaping er ein av dei mest påkosta utstillingskatalogane Preus museum har laga. Alle som er interesserte i kunstnarleg fotografi, og alle som er interesserte i motehistorie og motefotografi vil ha stor glede av denne boka.

    Utstillingsperiode: 19. febr. – 28. mai 2012

    Utgivar: Preus museum til utstillinga med same namnet: Motefotografi. Tradisjon og nyskaping.

    Forfattarar: Hanne Holm-Johnsen, Hege Oulie, Tone Rasch og Mari Grinde Arntzen.

    ISBN: 978-82-92999-02-8

    Boka kan kjøpast frå Preus museum, postboks 254, N-3192 Horten.

    Preus museum: "Motefotografi. Tradisjon og nyskaping"
    Preus museum: «Motefotografi. Tradisjon og nyskaping»
  • Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.

    Det nasjonale fotografimuseet, Preus museum, har ei stor og sjeldan samling av internasjonale kunstneriske fotografi. Hausten 2010 opna museet ei utstilling der temaet er piktorialismen. Piktorialismen var ei internasjonal stilretning som dominerte innan fotografiet i åra frå om lag 1880 og til i 1930-åra. Fotografia skulle sjå ut som maleri. Dei hadde som oftast mjuke kontrastar og var resultat av ei fin lyssetting. Dette var dei maleriske fotografia si tid.

    Til utstillinga publiserte museet også ein omfattande og rikt illustrert katalog eller bok på 190 sider. Utstillinga viser over 200 fotografi, alle frå samlingane til Preus museum. Heile 113 av fotografia finst også i boka. Dette er arbeida til 50 fotografar frå inn- og utland. Ti fotografar har fått større presentasjonar på utstillinga. I denne utvalde gruppa finn vi Waldemar Eide (1886-1963) frå Stavanger og to andre norske fotografar, Thomas Blehr (1875-1949) og Olaf Christoffersen (1899-1984). Dei kjende utanlandske fotografane er svensken Henry B. Goodwin (1878-1931), Heinrich Kühn (1866-1944) og Rudolf Sulke (1885-1964) frå Østerrike, Léonard Misonne (1870-1943) frå Belgia, Edward J. Steichen (1879-1973) og Karl Struss (1886-1981) frå USA og Frank Meadow Sutcliffe (1853-1941) frå Storbritannia. Alle desse fotografane var både nyskapande og villige til å eksperimenta med motiva sine. Nå i ettertid ser vi at dei laga noko av det beste som er skapt i fotografihistoria. I dette selskapet finn vi også fleire av fotografia til to andre norske fotografar; Anders B. Wilse og zoologen Robert Collett.

    For oss i Rogaland er det interessant å sjå at Waldemar Eide vert presentert med om lag 12 fotografi, dei fleste portrett. Mange av desse finst også i katalogen saman med ein kort biografi om Eide. Fotografia til Eide og omtalen av fotografia hans viser at han både hadde kontakt med, og at han var på full høgd med dei andre, kjende internasjonale fotografane.

    Utgjevar: Preus museum i samband med utstillinga med same namnet.

    Forfattarar: Hanne Holm-Johnsen, Jens Gold og Marthe Marie Strand

    ISBN: 978-82-92999-03-5

    Boka kan kjøpast direkte frå Preus museum, postboks 254, N-3192 Horten.

    Utstillingsperiode: Preus museum 3. okt. 2010 – 20. mars 2011.

    Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.
    Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.
  • Svendsen, Johanne Seines: Fotografen Robert Collett

    Mastergrad i filmvitenskap ved Institutt for kunst- og medievitenskap ved NTNU, våren 2006. Publisert i serien Norsk Fotohistorisk Forenings Skriftserie Bildet lever! Bidrag til norsk fotohistorie 10. (Oslo 2006/2007)

    Svendsen presenterer det fotografiske materialet som er bevart etter zoologen Robert Collett (1842-1913). Nasjonalbiblioteket avd Oslo tek vare på 4 albumar, 616 negativ og om lag 1300 positiv etter Collett. Svendsen analyserer 3 av fotografia hans og vurderer dei som kunstnerisk fotografi.

    Svendsen sitt arbeid er interessant, ikkje minst for dei av oss som har ein annan fagleg ståstad. Ein historikar eller ein etnolog ville nok hatt ei anna tilnærming til Collett og fotomaterialet hans.

    At fleire fagdisiplinar er engasjert i fotohistorie gjer dette fagfeltet ekstra spennande og utfordrande.

    Robert Collett besøkte i alle fall Rogaland to gonger. Han var nemleg på Jæren i 1898 og 1903. Heile arkivet hans er no digitalisert ved Nasjonalbiblioteket. Databasen har fleire fotografi frå Jæren, mellom anna av eldre hus på Høyland i Hå og av sandstrender.

    Svendsen, Johanne Seines: Fotografen Robert Collett.
    Svendsen, Johanne Seines: Fotografen Robert Collett.