13-IMG_7201b

Norsk-amerikanaren Rasmus P. Thu hadde ein stor stereofotoproduksjon i Noreg. Her er eksempel på to nummererte kort med motiv frå Stavanger og Bergen publiserte i serien Norske Prospekter, Byer, Grupper Etc. Forlaget til John Andersson i Chicago produserte seriar med stereobileta til Thu. Desse to var produserte for den norsk-amerikanske og den norske marknaden rundt 1898. Dei høyrde truleg til i ein større serie med motiv frå Rogaland og tidlegare Hordaland fylke.
Foto: R. P. Thu, Stavanger/John Anderson Publishing Co. Chicago. Eigar: Story City Historical Society, USA.