MHB-F.000998_2

Det rike sildefisket på 1800-talet sette verkeleg den nye byen Haugesund på kartet. I slutten av 1860-åra fotodokumenterte Jan Greve hamneområdet under vårsildfisket. Det originale stereobiletet frå kaien ved gjestgjevargarden Kronå har tittelen «Et salteri i Norge, i Haugesund». Dette er eit av dei aller eldste stereobileta frå Rogaland. Det var nok i første omgang mynta på den tidlege britiske og tyske turistmarknaden. På eit seinare tidspunkt kjøpte kanskje også amerikanske stereokortforlag dette og fleire av fotografia til Jan Greve, Knud Knudsen og Marcus Selmer frå sildefisket ved Haugesund.
Foto: Jan Greve, Haugesund. Eigar: Haugalandmuseet, Haugesund.